Medisin må skjera til beinet

Uniforum 4. mai 2000

Årgang 14, nr. 7

  • 50 000 kroner i året i studieavgift for kvar medisinstudent
  • Etablering av Noregs Medisinske Universitet
  • Ein større del av universitetsbudsjettet

Dette er resepten dekan Stein A. Evensen føreskriv for Det medisinske fakultetet for at det skal koma seg ut av den økonomiske krisa det er i. Han foreslår både ei studieavgift på 50 000 kroner i året for kvar medisinstudent og etablering av eit nytt universitet, Noregs Medisinske Universitet, som skal vera samansett av dei fire medisinske fakulteta i Noreg.

Det førstnemnde framlegget kan gi dei 50 millionar kronene i året som dekan Evensen meiner fakultetet treng for å koma på fote. Rektor Kaare R. Norum minner om at alle fakultet er i økonomiske vanskar og at Det medisinske fakultetet ikkje er det som er verst stilt. Berre HF-dekan Even Hovdhaugen er open for å diskutera spørsmålet om å innføra studieavgift, medan dei andre dekanane tar avstand frå dette framlegget.
(Foto: Elin Olaug Rosvold)

Les heile saka


Endsjø, Falkeid, Marstrander, Lund Ore

Underskrifter mot Kollegiets likestillingstiltak overrekkes rektor Kaare R. Norum av Dag Øistein Endsjø, Unn Falkeid, Leiv Otto Marstrander og Katrine Lund Ore.

Protester mot likestillingstiltak

Motstanden mot Kollegiets likestillingstiltak er stor på HF-fakultetet. 176 stipendiater og vitenskapelig ansatte har skrevet under på et opprop mot vedtaket om å øremerke stillinger for kvinner.
Seks doktorgradsstudenter har anmeldt UiO til likestillingsombudet for brudd på likestillingsloven. Møtelederen under likestillingsdebatten i Georg Sverdrups hus hadde en utfordrende jobb med å holde orden i talerekken og begrense taletiden i panelet og i salen. (Foto: Ståle Skogstad)

Les hele saken

Følg saken på Apollon og Uniforums felles, elektroniske debattside: http://www.admin.uio.no/ia/debatt


Digital medisin

Tre millionar kroner i omstillingsmidlar frå UiO førte til realisering av nettbasert læring på medisinstudiet. Det nye systemet for forsking på nettbasert læring er utvikla av Det medisinske fakultetet i samarbeid med USIT, InterMedia og Det utdanningsvitskaplege fakultetet. Utstyret til ein forskingsakse mellom forelesingssalar på det nye Rikshospitalet på Gaustad og Ullevål sjukehus er kjøpt inn ved hjelp av tre millionar kroner i omstillingsmidlar frå Universitetet i Oslo.

Les heile saka


Raúl da Cunha

Ein fotograf blant Edvard Munchs bilete

Driftsoperatør Raúl da Cunha frå Uruguay tok vegen om både Frankrike og Spania før han kom til Universitetets Aula.

Det er fotograf han eigentleg er. Men han set stor pris på å få vandra blant Edvard Munch bilete i Universitetets Aula.

Uniforum presenterer både mannen og fotografia hans. (Foto: Ståle Skogstad)

Les heile saka


Innhold:


Oppdatert 4. mai 2000 av Informasjonsavdelingen, Trine Nickelsen. Adresse: uniforum@admin.uio.no
Publisert 16. juni 2000 10:06 - Sist endra 1. sep. 2014 14:07
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere