Ho blei talskvinne for dei politiske fangane i El Salvador

Både studentar, akademikarar og journalistar blir arresterte og sette i fengsel i El Salvador i Mellom-Amerika. Frå eksil i Spania arbeider advokaten Ivania Bernice Cruz Cruz for å gjera heile verda merksam på menneskerettsbrota president Nayib Bukeles regjering står bak.

 Ivania Bernice Cruz Cruz

MÅ REAGERA: – Folk frå både Noreg og andre land må reagera mot brota på menneskerettane og den politiske forfylginga. Så langt er det berre Spania som har slått fast at det eksisterer politisk forfylging i El Salvador, seier menneskerettsaktivisten og advokaten Ivania Bernice Cruz Cruz.

Foto: Ola Gamst Sæther

Då Ivania Bernice Cruz Cruz (32) var i Spania i februar 2025 for å fortelja om menneskerettssituasjonen i heimlandet El Salvador, fekk ho brått ei melding som kom til å endra heile livet hennar.

– President og diktator Nayib Bukele hadde sendt ut ein internasjonal arrestordre på meg og reisefellen min juristen Rudy Joya gjennom Interpol. Samtidig hadde han på nytt tatt til fange den unge mannen Fidel Zavala som var ein av dei første som melde om korrupsjon og tortur i El Salvador. Den første gongen han blei arrestert, klarte me å få han ut igjen av fengselet, fortel ho til Uniforum under eit besøk på Universitetet i Oslo.

– Me kunne ikkje venda tilbake

Gjennom organisasjonen Asociación para la Defensa de los Derechos Humanos y Comunitarios. (Foreininga til forsvar for menneskerettane og samfunnsrettane) arbeider ho for å informera om brot på menneskerettane og andre sivile rettar i El Salvador. 

El Salvador:

Flatevidde: 25 000 km2

Folketal: 5,7 millionar

Hovudstad: San Salvador

President: Nayib Bukele (46), frå partiet Nye idear/Nuevas Ideas

Etter borgarkrigen på 1980 og den seinare fredsavtalen har dei to partia ARENA og FMLN skifta mellom å ha regjeringsmakta.

I 2019 vann Nayib Bukele, tidlegare ordførar i ein by utanfor San Salvador, til makta etter å ha vunne presidentvalet.

I 2024 blei han attvald til president for ein ny periode på fem år gjennom å ta permisjon i seks månader. Slik unngjekk han grunnlovsparagrafen som slår fast at ein president berre kan sitja i fem år.

 

Aktuelt: Menneskerettsaktivist Ivania Bernice Cruz Cruz har besøkt UiO og Oslo og fortalt om grove menneskerettsbrot og politisk forfylging av den politiske opposisjonen, journalistar, akademikarar og studentar i El Salvador. Ho skuldar Bukeles regjering for å stå bak.

(Kjelder: Store norske leksikon Wikipedia og Ivania Bernice Cruz Cruz)

Ivania Bernice Cruz Cruz viser til at Bukele også hadde fått arrestert 24 andre fagforeiningsleiarar som dei hadde forsvart.

– Derfor kunne me ikkje venda tilbake, sjølv om me ikkje ynskte å bu i eksil, fortel ho.

Det førte til at ho slo seg ned i Bilbao, der ho brukar tida si på å informera om den politiske situasjonen i El Salvador, eit land ho meiner har utvikla seg til eit diktatur under styret til president Bukele.

– Då han fekk fleirtal i parlamentet i 2021, gjorde han også eit kupp mot Høgsterett. Like etter sette han i gang ei politisk forfylging av personar på venstresida i politikken.

Hold deg oppdatert! Motta Uniforums nyhetsbrev

–  Regimet arresterte broren min

Men for henne begynte den negative utviklinga allereie året før, i 2020.

– Det året arresterte regimet broren min, ein lege utdanna på Cuba, han blei ein politisk fange. Han hadde jobba på eit ordførarkontor. Eg melde meg som forsvarsadvokat i den saka, og slik blei eg talskvinne for dei politiske fangane, fortel ho.

Ivania Bernice Cruz Cruz heldt fram med å jobba med folk og lokalsamfunn som blei truga med å bli tvangsflytta frå landområda der dei budde.

–  Så byrja me å jobba for dei tvangsflytta, seier ho.

– Starta å avdekkja korrupsjon i fengsla

Organisasjonen ho arbeidde for, klarte å samla dokumentasjon på at regimet hadde arrestert 95 000 personar.

– 30 prosent av dei var heilt uskuldige, konstaterer ho. Men dei gav seg ikkje med det.

– Me starta også med å avdekkja og dokumentera korrupsjon i fengsla. For i El Salvador er det ikkje tillate å besøkja innsette i fengselet. For at folk likevel skulle få livsteikn frå dei arresterte slektningane sine, måtte dei betale dei fengselstilsette for å få det, fann ho og dei andre menneskerettsaktivistane ut. Også salvadoransk presse har klart å avsløra korrupsjon blant den politiske eliten i landet. I fjor måtte 130 personar dra i eksil til andre land, og blant dei var det 56 journalistar, seier Cruz.

Tidlegare i år slo også Den internasjonale juristorganisasjonen fast at det var grove brot på menneskerettane i El Salvador.  Dei kalla det for brotsverk mot menneskeslekta.

– Ein farse

Bukele framstår gjerne som ein som slår hardt ned på kriminialitet og mot gjengar som den berømte banden Mara Salvatrucha.

– Det er berre ein farse. President Bukele gjorde ein avtale med gjengane og den pakta brakte han opp i presidentstolen. Det førte til at det blei færre drap, men ein stor auke i forsvinningar. Og når han har behov for å visa at han er hard i klypa, hentar han berre fram tidlegare, arresterte gjengmedlemar med kroppane dekte av tatoveringar, frå Mara Salvatrucha, slår ho fast.

Det er også brot på menneskerettane i fengsla.

– I fengsla i El Salvador kan ei celle for 30 personar, ofte husa 300 personar. Det er mangel på medisinsk behandling. Mange har døydd i fengsla på grunn av tortur, men dødsfalla blir registrerte som Covid-tilfelle, og dermed får me ikkje sett verken kista eller dei synlege teikna på tortur, forklarar ho. Tidlegare i år kom også Human Rights Watch med ein rapport som konkluderte med brot på menneskerettane i El Salvador.

President Nayib Bukele kom til makta i 2019. Men etter at Donald Trump kom tilbake som president i USA i 2025,meiner ho Bukele er blitt endå meir aggressiv mot opposisjonen.

– Organisasjonen vår er ein del av ei felles blokk av motstand og folkeleg opprør. Den er sett saman av 35 organisasjonar som spenner frå den politiske venstresida til feministar, menneskerettsaktvistar og til dei som jobbar for landbruket og miljøet. Det er praktisk talt heile opposisjonen i El Salvador, fortel ho.

Grenseoverskridande undertrykking

Sjølv har ho ikkje lenger nære slektningar igjen i El Salvador.

Ivania Bernice Cruz Cruz
TENER DEI IKKJE: – Slike regjeringar som Bukeles regjering er eit døme på, investerer i det militære og ikkje i utdanning. For det tener dei ikkje å ha eit folk som tenkjer, som er kritisk og som stiller spørsmål, er Ivania Bernice Cruz Cruz overtydd om. (Foto: Ola Gamst Sæther)

 – Broren min drog i eksil til Mexico etter at han hadde vore fengsla i to år, medan faren min bur i Costa Rica. Dei to systrene min bur i Spanias hovudstad Madrid, seier ho.

Etter den internasjonale arrestordren mot henne, måtte ho inn til avhøyr hos spansk politi. Der fekk ho til slutt beskjed om at ho kunne få opphald som politisk flyktning i Spania.

– Me fekk støtte både frå Amnesty International og frå FN. FN rekna saka mi som grenseoverskridande undertrykking, som er ei heilt ny nemning. I oktober i fjor godkjente EU den statusen også. Saka blir dermed definert som politisk forfylging utanfor dei nasjonale grensene, fortel ho.

Kvinneleg militær blei minister for høgare utdanning

Heller ikkje universiteta i El Salvador slepp unna undertrykking og forfylging frå president Bukele og regjeringa hans. Det går først og fremst utover det einaste statlege universitetet i landet.

– Regimet skulda universitetet 25 millionar dollar. Fleire studentar hadde protestert og blitt arresterte. Og studentorganisasjonen FES er ein del av den opposisjonsblokka som me er med i. Bukele hadde installert militærpostar inne på universitetsområdet. Og ministeren for høgare utdanning er ein kvinneleg militær. Ho har sett i verk ein politikk mot likeverd mellom kjønna og vil erstatta den med patriotisme, nasjonalisme og med dei væpna styrkane som eige fagområde, fortel ho og ristar på hovudet.

– Ytringsfridomen på universiteta blir litt etter litt meir og meir avgrensa. Men studentprotestane førte i alle fall til at regjeringa betalte dei 25 millionar dollarane som dei skulda det statlege universitetet. Færre og færre unge tar ein bachelorgrad og færre og færre unge kjem inn på universitetet. Det vil seia at slike regjeringar som Bukele er eit døme på, investerer i det militære og ikkje i utdanning. For det tener dei ikkje å ha eit folk som tenkjer, som er kritisk og som stiller spørsmål, er ho overtydd om.

Legekonsultasjonar gjort av kunstig intelligens

I 2023 deltok 30 000 i ein demonstrasjon mot regjeringa sin politikk. Men då dei skulle organisera ein liknande demonstrasjon i fjor, fall oppslutnaden kraftig. 

– Det er eit resultat av den politiske forfylginga, trur ho.

Og situasjonen i sjukehussektoren, meiner ho er om mogleg endå verre.

– Bukele har sagt opp 1200 legar og sjukepleiarar, han har lagt ned sjukehus, og innført ein spesiell type innretning som vert kalla for Doctor S.B. Det vil seia at no blir alle legekonsultasjonane gjort av kunstig intelligens. Dei tidlegare venstreregjeringane i landet innførte 200 sosiale program. Då Bukele kom til makta blei alle fjerna, seier ho.

Etter hennar oppfatning har Bukele og El Salvador vore eit viktig bruhovud for USAs president Donald Trump for at fleire og fleire land i Mellom-Amerika og Sør-Amerika skulle få presidentar og regjeringar frå høgresida. Ho listar opp både Honduras, Ecuador, Chile, Argentina og Colombia som døme på det.

Møtte politisk flyktningveteran

Nyleg besøkte ho Universitetet i Oslo, der ho kunne helsa på landsmannen Carlos Rodriguez som jobbar som seniorkonsulent ved Norsk senter for molekylær biovitskap og medisin. Han fekk politisk asyl i Danmark i 1984 på grunn av den politiske undertrykkinga under borgarkrigen i El Salvador på 1980-talet. På grunn av familien flytta han vidare til Noreg i 1998. No er det han som tar henne med på ein rundtur til institusjonar og frivillige organisasjonar i Oslo. 

For Ivania Bernice Cruz Cruz  er det viktig å fortelja også folk i Noreg om kor ille situasjonen i El Salvador er i dag.

– For oss har den internasjonale solidariteten blitt stadig viktigare. Og derfor må folk både frå Noreg og andre land reagera mot brota på menneskerettane og den politiske forfylginga. Så langt er det berre Spania som har slått fast at det eksisterer politisk forfylging i El Salvador, seier ho.

Bukele kritiserer dei som kritiserer han

President Nayib Bukele forsvarar den harde politikken overfor kriminelle i El Salvador. Når han får spørsmål  på ein pressekonferanse om korleis han reagerer på kritikken mot brota på menneskerettane i El Salvador, slår han tilbake mot menneskerettsorganisasjonar som han hevdar er mest opptekne av at menneskerettane til dei kriminielle i fengsla skal respekterast. Bukele meiner at dei ikkje er interesserte i menneskerettane til offera til dei kriminelle. 

Amnesty International har peika på El Salvador som eit land som bryt menneskerettane på grunn av vilkårlege arrestasjonar og utstrekt bruk av tortur og forsvinningar. Landet blir også kritisert for å kriminalisera dei som kjempar for menneskerettane. 

 

Les meir om Latin-Amerika i Uniforum:

Fire dager i krisetelefoner

Han meiner det bør vera mogleg å trekkja tilbake ein fredspris

– Colombias regjering har gjort det tryggare å vera akademikar

 

 

 

Emneord: Latin-Amerika, Menneskerettar Av Martin Toft
Publisert 15. okt. 2026 04:00

Logg inn for å kommentere