– Colombias regjering har gjort det tryggare å vera akademikar

I Colombia har situasjonen for akademikarar blitt betre under dagens regjering. Men det kan framleis vera farleg, fortel professor Alejandro Mantilla frå Nasjonaluniversitetet i Bogotá.

EIT PARADOKS: – Regjeringa garanterer for tryggleiken vår, samtidig som den væpna konflikten fører til at grunnskulelærarar i regionane heile tida får trugsmål mot seg, seier professor Alejandro Mantilla frå Colombia. 

Foto: Ola Gamst Sæther

I mange tiår har akademikarar, intellektuelle, politikarar og menneskerettsaktivistar levd i fare i det latinamerikanske landet Colombia. Fleire tiår med både borgarkrig, krig med ulike geriljagrupper og kampen mot narkotikamafiaen og dødsbrigadar på ytste høgre fløy har ført til tap av mange tusen menneskeliv i landet med 51,6 millionar innbyggjarar.  

I 2016 fekk dåverande president Juan Manuel Santos tildelt Nobels fredspris etter å ha klart å inngå ein fredsavtale med den venstreorienterte geriljagruppa FARC. I dag er Gustavo Petro president i landet. På 1980-talet var han med i geriljagruppa M-19 som seinare blei omgjort til eit politisk parti.  

Nyleg var professor Alejandro Mantilla, som jobbar både ved det pedagogiske universitetet og nasjonaluniversitetet i hovudstaden Bogotá, gjest på Studentanes og akademikaranes internasjonale hjelpefonds (SAIH) konferanse om universiteta som stader for motstand og sosial rettferd. Konferansen fann stad i Georg Sverdrups hus på Blindern.

Uniforum møtte Mantilla i kafeen før han skulle delta i ein paneldebatt.

– Me kan jobba på ein betre måte enn før

Medan situasjonen for universitet og akademikarar er i ei djup krise i USA under president Donald Trump, skildrar Alejandro Mantilla ei utvikling i riktig retning i heimlandet sitt.

– Det er stor skilnad på dagens regjering og dei tidlegare regjeringane våre. Den driv ein politikk med garanti for at den vil respektera menneskerettane til dei som jobbar ved dei akademiske institusjonane. Den legg også større vekt på dei offentlege universiteta, og det tillet at me kan jobba på ein betre måte enn før, fortel han til Uniforum.

–Trugsmål mot lærarar 

Alejandro Mantilla legg likevel ikkje skjul på at ikkje alt er rosenraudt i heimlandet hans som framleis er prega av mange tiår med vald og krigshandlingar.

  – I mange regionar opplever mange akademikarar å få konkrete trugsmål. Det gjeld ikkje minst dei som jobbar i ungdomsskulen og i barneskulen. Paradokset er at regjeringa garanterer for tryggleiken vår, samtidig som den stadig eksisterande væpna konflikten fører til at grunnskulelærarar i regionane heile tida får trugsmål mot seg. 

Likevel omtalar han dagens Colombia som ein tryggare stad for akademikarar enn det som var tilfellet mellom 2002 og 2010. I den perioden var Alvaro Uribe  president i Colombia. 

– Då var det militæraksjonar både mot studentrørsla og fagrørsla på universiteta. Heldigvis har ikkje den redselen me opplevde for 20 år sidan repetert seg.  Når dagens regjering går av i 2026 fryktar mange at tinga kan bli verre. 

– Universiteta gir viktige bidrag til samfunnsdebatten

– Kva politisk rolle spelar universiteta i Colombia i dag?

– Dei har ei heilt anna rolle enn universiteta i resten av Latin-Amerika. I Mexico, Brasil og i Argentina står den offentlege høgare utdanninga sterkt. I Colombia har me eit blanda system der dei private universiteta spelar ei viktig rolle. Likevel tenkjer me at både dei private og offentlege universiteta i Colombia gir viktige bidrag til samfunnsdebatten, og dei har også eit nært samarbeid med dei folkelege rørslene i landet.

Mantilla meiner det største problemet for dei offentlege universiteta heile tida er at dei er underfinansierte. 

Colombia:

Folketal: 51,6 millionar (2022)

Flatevidde: 1 141 749 km²

Hovudstad: Bogotá

President: Gustavo Petro 2020-2026

Etter 50 år med krig inngjekk Colombias regjering og FARC-geriljaen ein fredsavtale i 2016. Det resulterte i at president Juan Manuel Santos fekk tildelt Nobels fredspris det same året. Noreg og Cuba la til rette for forhandlingane.

Landet er også kjent for den mangeårige væpna kampen mellom narkotikamafiaen, paramilitære grupper og venstreradikale geriljagrupper.

Mest kjende colombianarar:

Shakira (Mubarak), ein av verdas mest suksessrike popartistar

Juan Manuel Santos, tidlegare president og vinnar av Nobels fredspris i 2016

Gabriel Garciá Márquez, vinnar av Nobelprisen i litteratur i 1982 som ein av grunnleggjarane av den magiske realismen

Botero, ein av verdas mest kjente målarar.

(Kjelder: Store norske leksikon   og Wikipedia på spansk 

Og det er nettopp politikken overfor dei offentlege universiteta han ser som den største utfordringa innanfor universitetssektoren i Colombia akkurat no. 

– Det viktigaste er å få til ein offentleg politikk som er meir bestemt på å støtta opp om dei offentlege universiteta og moglegheitene dei har til å driva med forsking. Colombia har ikkje sterke forskingsinstitusjonar som til dømes Argentina og Mexico har, slår han fast. 

Han har stor tru på at ei større politisk satsing på dei offentlege universiteta kan få positive fylgjer for heile samfunnet i Colombia. 

– Har tatt mange positive steg framover

Alejandro Mantalla er nøgd med politikken til dagens president Gustavo Petro og regjeringa hans. Men han vedgår at det er stor skilnad på kva ein vil og kva ein klarer å få til.

– Den har tatt mange positive steg framover, men framleis er det mykje som står att. Regjeringa har lova støtte til dei offentlege universiteta, men framleis er det langt fram til at dei får nedbetalt gjelda si og får ei god og velfungerande finansiering.

Og sjølv om situasjonen for akademia er blitt betre i Colombia, vender ikkje colombianske akademikarar i utlandet heim igjen.

– Nei, det gjer dei ikkje. Situasjonen er enno ikkje så god som i landa der fleire av dei arbeider i dag. Det finst ikkje nok garantiar for at dei kan få ein god akademisk karriere i Colombia.  Det hadde sjølvsagt vore fint om akademikarar i eksil stod i kø for å kunna jobba i heimlandet sitt. Men det vil ikkje skje før dei får betre garanti for sikre jobbar og ei betre finansiering av universiteta, er han sikker på.  

– Både dødelege og økonomiske trugsmål

– Fryktar akademikarar i Colombia trakassering og trugsmål dersom dei nyttar seg av ytringsfridomen sin og uttalar seg kritisk til media, slik som tilfellet er med fleire akademikarar i USA no?

– Det har nok blitt mykje betre i Colombia på det området i løpet av dei siste åra. Men mange opplever framleis trugsmål. Det gjeld spesielt dei lærarane som arbeider i område der det framleis er væpna konfliktar, som blir truga av grupper som opererer på kanten av lova.  Det er færre tilfelle enn før, men det skjer framleis, fortel han. 

– Det finst både dødelege trugsmål og økonomiske trugsmål, legg han til.

ÅTVARING: – Det bør uroa oss at denne Trump-modellen blir innført i andre delar av verda, synest professor Alejandro Mantilla frå Colombia. (Foto: Ola Gamst Sæther)

Uniforum viser til tilfelle der akademikarar frå USA ikkje lenger torer å snakka med pressa på grunn av at dei fryktar for represaliar.

– Donald Trump demonstrerer ekstremismen i den verdsomfemnande høgreradikale rørsla. Det bør uroa oss at denne Trump-modellen blir innført i andre delar av verda. I Latin-Amerika har me opplevd dette før.  Det gjeld både under militærdiktaturet i Argentina då mange av offera var akademikarar, og me opplevde det i Chile og i Colombia under den paramilitære terroren i byrjinga av 2000-talet, minner han oss om. 

– Hovudideen er å så tvil om vitskapen

Alejandro Mantilla ser likevel ein viktig skilnad mellom USA og Latin-Amerika.

 – Medan me i Latin-Amerika har sett direkte valdelege åtak mot akademikarar, prøver Trump å oppheva den akademiske fridomen gjennom lovgjevinga. Hovudideen er å så tvil om vitskapen. Høgresida og den ekstremistiske antidemokratiske rørsla lever av å nekta for vitskaplege sanningar og forsking, og derfor vil dei stansa den akademiske fridomen.  Det uroar oss at denne politikken blir forsøkt nytta også i andre land, og at den er i ferd med å  styrkja seg, konstaterer han.

• Les også: Kjønnsforskar Nadine Naber meiner åtaka på universiteta starta før Donald Trump blei president

Alejandro Mantilla ser at det kjem åtak på akademika, ikkje berre frå politikarar på høgresida, men også frå ulike kyrkjesamfunn som kjempar mot feminismen og  andre verdiar som universiteta står for. 

 – Argentinas president Javier Milei har skåre ned på løvyingane til universiteta og til offentleg forsking og driv med sensur på same måte som Trump, heilt etter oppskrifta til nyliberalsmen.

– Den internasjonale solidariteten var grunnleggjande

Han trur det er mogleg å hindra denne utviklinga til å spreia seg vidare ut i verda. Men då meiner han det må organiserast ein internasjonal solidaritetskampanje.

– Det skjedde i kampen mot apartheid i Sør-Afrika, i kampen mot diktaturet i Chile og i kampanjane for fred i Colombia.  Då var den internasjonale solidariteten grunnleggjande. Det er viktig å forsvara internasjonaliseringa av universiteta, og ikkje minst fagområde som naturvitskap, filosofi og kunst som det blir undervist i på universiteta. 

Dessutan må det vera ein dialog mellom nord og sør i verda.  Samtidig må me investera i forsking saman og driva med utstrekt forskar- og studentutveksling, er rådet frå Alejandro Mantilla.

• Les meir om Colombia i Uniforum: 

Colombianske studentar vann fram med krav om å styrkja høgare utdanning

No trur dei på fred og ei lysare framtid for Colombia

Ingen fred i Colombia

– Stans valden på universiteta, Pastrana!

 

 

Emneord: Colombia, Latin-Amerika, Akademisk fridom Av Martin Toft
Publisert 30. apr. 2025 04:30

Logg inn for å kommentere