Ingen fred i Colombia

- Det er berre mogleg å skapa fred i Colombia den dagen regjeringa kan skapa jobbar og gode sosiale og økonomiske vilkår for folk flest. Før det skjer, vil geriljagruppene og dei paramilitære grupper halda fram med å vinna oppslutnad. Det seier senator og tidlegare viserrektor ved Antioquia-universitetet i Medellin, Carlos Gaviria til Uniforum.

INGEN FRED: - Det tar lang tid før det blir fred i Colombia, trur Carmen Stella Mosquera og Carlos Gaviria.
Foto: Martin Toft

Carlos Gaviria var på UiO i samband med Latin-Amerikaveka denne månaden. Han er leiar og talsmann for partiet Den sosiale og politiske fronten (Frente Social y Político) og for den demokratiske opposisjonen i Colombia Han fortel om vanskelege vilkår for akademikarar og studentar i dagens Colombia.

- Mange blir truga på livet og har flykta frå Colombia. I 1997 måtte eg sjølv reisa i hui og hast til Argentina der eg var i seks månader før eg følte det var trygt nok til at eg kunne venda tilbake, fortel han. I 35 år underviste han i rettsfilosofi ved Antioquia -universitetet i Medellin. Seinare blei han vald inn i høgsterett der han sat som domar i åtte år.

- Ei borgarplikt

- Det er mange som spør meg kvifor eg valde å bli politikar etter så mange år i akademia og i rettsvesenet. Svaret er at det er ein borgarplikt å delta i politikken i Colombia i dag. Og fordi eg trur på dei politiske og juridiske prinsippa mine tilhøyrer eg opposisjonen imot president Alvaro Uribes regjering, slår han fast. Han meiner Colombia i dag opplever den vanskelegaste situasjonen nokon gong i si historie.

- Det er relativt lett å kjempa mot eit diktatur fordi då er solidariteten lett å få auge på. Å kjempa mot ei regjering som gir inntrykk av å vera demokratisk og som blir akseptert som demokratisk av det internasjonale samfunnet, er mykje verre, meiner han. Gaviria viser til at Uribe brukar ei nemning som demokratisk tryggleik på den politikken han fører.

- Ingen personleg tryggleik

- Sanninga er at han brukar ei positivt lada nemning for å føra ein politikk som liknar meir ein politikk for nasjonal tryggleik, inspirert av USAs utanrikspolitikk på 1980-talet. Dessutan har han hengt seg på USAs kampanje mot terror. Dette går hardt utover kampen for menneskerettane i Colombia, meiner han. Den personlege tryggleiken står det derimot verre til med.

- Dei som ynskjer personleg tryggleik må betala for livvakter. Staten har ikkje dei ressursane som skal til for å forsvare dei vanlege borgarane, seier Gaviria. Han vedgår at folk likevel støttar opp om politikken til presidenten.

- Dei støttar han fordi han har ført ein hard og valdeleg kamp mot dei væpna gruppene i landet, trur han.

- Trur du eigentleg det blir fred i Colombia?

- Ein gong vil det blir fred, men ikkje i den nære framtida. Førebels er eg pessimistisk, seier han.
- Kva kan akademikarar i Noreg gjera for akademikarar i heimlandet ditt?
- Dei må stilla opp og protestera overfor den colombianske regjeringa kvar gong det skjer overgrep, er rådet hans.

- Studentar blir drepne

Carmen Stella Mosquera er realiststudent frå Universitetet i Cauca i delstaten Papayan i Colombia. Ho er aktiv i Ungkommunistane i heimlandet og deltar i ei utveksling med norske ungdomspolitikarar. Difor arbeider ho på kontoret til Sosialistisk Ungdom denne hausten.
- I løpet av dei siste åra har 19 studentleiarar mista livet. Truleg står dei paramilitære bak dei fleste drapa, men politiet har likevel ikkje klart å finna fram til dei skuldige. Dei paramilitære klarer å koma seg inn på universiteta og skriva opp namna på dei som står i fare for å bli likviderte, fortel ho. Det går hardast utover dei som har markert seg sterkast.

- Det gjeld dei som har stått i fremste rekkje for å forsvara fridomen til universiteta. Innføring av studieavgifter har nemleg ført til at studentar som ikkje kjem frå velståande familiar ikkje har kunna halda fram med studiane, fortel ho. Den internasjonale pressa er ho ikkje imponert over.

- Nei, dei har gitt eit bilete av Colombia som eit velfungerande demokrati. Difor er det viktig at folk får høve til å høyra ein annan versjon av den politiske situasjonen i Colombia, meiner ho.

Emneord: Latin-Amerika, Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 27. okt. 2004 15:44 - Sist endra 10. des. 2008 15:14
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere