August

Publisert 27. aug. 2004 09:41

Norges landbrukshøgskole (NLH) i Ås kan få status som universitet. En komité satt ned av Nasjonalt organ for kvalitet i utdanningen (NOKUT), har slått fast at skolen tilfredsstiller kravene. Den endelige avgjørelsen blir tatt av NOKUTs styre senere i høst.

Publisert 25. aug. 2004 17:21

Kronprins Haakon og kronprinsesse Mette-Marit valde å tilbringa halve bryllaupsdagen på seminaret Fattigdom, konflikt og fredsbygging i Georg Sverdrups hus på Blindern. Dei nytta dessutan høvet til å dela ut 440 000 kroner frå Kronprinsparets Humanitære Fond til to av Kirkens Nødhjelps og Norsk Luthersk Misjonssambands prosjekt i Afrika.

Publisert 25. aug. 2004 09:37

Over 300 personar møtte fram for å møta den pakistanske partileiaren Quasi Hussain Ahmad i Helga Engs hus i går. Møtet var roleg heilt til det blei stilt spørsmål om kva han synest om at partiet hans på nettsidene sine går inn for å avretta dei som blir kjende skuldige i homofil praksis. Han blånekta for at det kunne stemma og nekta å svara på spørsmålet.

Publisert 23. aug. 2004 12:57

En fersk NIFU-rapport viser at universitetsansatte har en overveiende positiv holdning til strategisk planarbeid på eget fagfelt. Universitetene profilerer seg gjennom satsingsområder, men midlene som er avsatt over deres egne budsjetter er relativt små og mer å betrakte som såmidler.

Publisert 23. aug. 2004 11:12

Utdannings- og forskningsdepartementet har oppnevnt professor dr. med. Astrid Nøklebye Heiberg som ny leder av Den norske UNESCO-kommisjonen. Nøklebye Heiberg (født 1936) er professor i psykiatri og arbeider ved Universitetet i Oslo.

Publisert 20. aug. 2004 09:40

Tre inn i Farmasibygningen, den eldste av universitetsbygningene på Blindern, og du vil få en arkitektonisk og estetisk opplevelse. Bygningens storslåtte vestibyle er blitt totalrenovert, og 30-tallets motefarger er tilbake. Stilen kan beskrives som nyklassisisme modifisert av funksjonalisme med elementer fra art déco.

Publisert 20. aug. 2004 09:32

- Personlig har jeg ikke så veldig sans for det pene bildet på veggen. Kunst skal utfordre, mener Ulla Uberg , nytilsatt seniorkonsulent med ansvar for å forvalte og formidle universitetets kunstsamling. Ikke minst ønsker hun å gjøre ansatte og studenter mer bevisst på den fabelaktige kunsten som omgir dem.

Publisert 19. aug. 2004 16:39

Fag ved UiO som ikkje produserer gode nok forskingsresultat, bør kunne leggjast ned sjølv om faget har studentar. Det går fram av eit notat frå prosjektgruppa som utarbeider ein ny strategisk plan for UiO. Prosjektleiar er Olaug Kristine Bringager .

Publisert 19. aug. 2004 12:45

- Ein publikasjon i Nature gir større utteljing og blir lagt meir merke til enn ein artikkel i eit meir spesialisert tidsskrift. Det seier forskar Henrik Svensen ved SFF-senteret Physics of Geological Processes i ein kommentar til oppfordringa frå bibliotekdirektør Jan-Erik Røed om heller å publisera i fritt tilgjengelege tidsskrift på verdsveven.

Publisert 18. aug. 2004 13:01

- Alle norske universitet og høgskular må slutta seg til arbeidet med å fremja publisering av forskingsartiklar i fritt tilgjengelege elektroniske tidsskrift på verdsveven. På den måten kan forskarane ta retten til publisering tilbake frå forlaga, meiner bibliotekdirektør Jan Erik Røed ved Universitetsbiblioteket.

Publisert 17. aug. 2004 09:11

Universitetet i Oslo har for første gong skrive under ein avtale om studentutveksling med eit universitet i Mexico. Avtalen mellom Universitetet i Xalapa i delstaten Veracruz og UiO blei underskriven i sommar. Det vil seia at studentar på Latin-Amerikaprogrammet ved HF kan ta eitt eller to semester ved det universitetet.

Publisert 12. aug. 2004 10:45

Anders Jahres store medisinske pris er tildelt professor Erling C. Seeberg ved UiO og Rikshospitalet og Hans E. Krokan ved NTNU i Trondheim for den banebrytande DNA-forskinga deira. - Eg er veldig opprømt over å få ei slik tildeling. Dette er ein pris som heng høgt, og eg er sjølvsagt både glad og overraska, seier Erling C. Seeberg til Uniforum. Begge deler altså prisen på ein million kroner.

Publisert 11. aug. 2004 15:00

Presis klokka 1630 - ein akademisk halvtime etter planen - kunne rektor Arild Underdal i går klippa over snora og erklæra Studentfestivalen i Oslo for opna. "Let it be the best festival ever" var opningshelsinga hans til studentane.

Publisert 10. aug. 2004 11:31

Frederikke kafé , Break og Tank har erstatta Frederikke, Proffen og El Charro på Blindern. Måndag 9. august opna Frederikke kafé og Break dørene, medan Tank kan servera hamburgarar til dei første kundane sine frå førstkomande måndag.