- Me er godt nøgde med resultatet og at arbeidet blei ferdig til semesterstart, seier direktør Knut Marius Karlsen i Studentkaféane A/S og Frode Meinich, som er direktør for Teknisk avdeling ved UiO. Også arbeidet med å skifta ut sprinklaranlegget i andre etasje i Frederikkebygningen er avslutta.
- No håpar eg at det ikkje har kosta mykje meir enn det me hadde budsjettert med, seier Meinich, som synest arbeidet har gått etter planen og heilt etter tidsskjemaet.
- Prikkfritt samarbeid
- Dessutan har samarbeidet med Studentsamskipnaden gått prikkfritt, slår han fast. Det skriv også direktør Knut Marius Karlsen i Studentkaféana A/S under på.
- Absolutt. Det har gått over all forventing. Og akkurat no er me mest spente på om studentane vil fordela seg jamt mellom dei forskjellige serveringsstadene på Blindern, fortel han til Uniforum. Han vil gjerne avsløra to av dei nye tilboda i Frederikke kafé.
- Ja, det er opphakka grønsaker og opphakka frukt i beger. Det er eit produkt me har utvikla sjølve, og som me håpar fell i smak hos studentane, seier han.
Nytt møblement
Møblementet er også skifta ut i Frederikke kafé.
- Det er mest tydeleg i den tidlegare røykeavdelinga der alle langborda er skifta ut med små bord, konstaterer han.
I Sentrum er ombygginga av Aulakjellaren avslutta. Også der startar serveringa av studentar og tilsette denne veka.
Logg inn for å kommentere