
Me vil be regjeringa, studentar og akademikarar i Noreg om å visa at dei støttar kampen som studentar og universitetslærarar i Tyrkia fører for å redda det vesle som no er igjen av akademisk fridom i Tyrkia, skriv Uniforum-redaktør Martin Toft.
Me vil be regjeringa, studentar og akademikarar i Noreg om å visa at dei støttar kampen som studentar og universitetslærarar i Tyrkia fører for å redda det vesle som no er igjen av akademisk fridom i Tyrkia, skriv Uniforum-redaktør Martin Toft.
Me håpar og trur at det blir eit godt og spennande rektorval med fleire kandidatar. Det vil vera bra for både alle tilsette og alle studentar og ikkje minst for å halda liv i universitetsdemokratiet, skriv Uniforum-redaktør Martin Toft.
Kanskje det kan vera ein idé for UiO å ha ei markering av den store vitskapsmannen Victor Moritz Goldschmidt den 26. november neste år, som ein gest overfor han som slapp unna dei tyske dødsleirane, og for å kunna minnast dei som ikkje gjorde det. Det skriv Uniforum-redaktør Martin Toft.
Det er gledeleg at det blei eit reelt dekanval mellom to kandidatar på odontologi for første gong på svært mange år. Dette dømet kan andre fakultet ta lærdom av, skriv Uniforum-redaktør Martin Toft.
Norske akademikarar kan bruka nettverka sine for å byggja opp eit internasjonalt press i akademia til støtte for dei som kjempar imot det kviterussiske diktaturet, skriv Uniforum-redaktør Martin Toft.
Å ha med rektorlag som viser det fleirkulturelle mangfaldet på UiO under rektorvalet i 2021, vil visa eit universitet som er opptatt av å fornya seg, skriv Uniforum-redaktør Martin Toft.
Me er overtydde om at ei ordning med å utvida gjennomføringsstipendet for doktorkandidatar, slik postdoktor Kjersti Lohne føreslår, vil gi kandidatane meir tid til å planleggja karrieren sin, skriv Uniforum-redaktør Martin Toft.
Uniforum meiner at det no er heilt nødvendig å gjennomføra ei uavhengig evaluering av ABE-reforma for å finna ut om den verkeleg har ført til meir avbyråkratisering og effektivisering i staten.
Den beste medisinen Kina kan gi tilbake til resten av verda er innføring av full pressefridom, full akademisk fridom og full ytringsfridom for alle innbyggjarane sine, skriv Uniforum-redaktør Martin Toft.
Det er ein overreaksjon og eit brot på demokratiske konsensus i samfunnet vårt, når regjeringa no ber Stortinget om å få innført ei kriselov som kan lata regjeringa setja i verk tiltak utan å konsultera Stortinget.
Me har eit felles mål: Å unngå at folk blir smitta av koronaviruset. For oss er det derfor eit lite offer å jobba for UiO heime for å sleppa nærkontakt med moglege smitteberarar ute i samfunnet.
For åtte dagar sidan vedtok styret ved Universitetet i Bergen å leggja ned På Høyden som lokalavis for å lata den gjenoppstå som internavis utan redaktørplakat. – Me synest dette er både synd og tragisk, skriv Uniforum-redaktør Martin Toft.
Demonstrantane i Hongkong kjempar for ytringsfridomen, menneskerettane og demokratiske rettar. I den kampen bør dei få all mogleg støtte både frå Universitetet i Oslo og frå den norske regjeringa, skriv Uniforum-redaktør Martin Toft.
I dag skulle dekanvalet på SV-fakultetet ha starta. Me ynskjer den einaste dekankandidaten, Anne Julie Semb lykke til med valet som blir formelt avgjort av fakultetsstyret. Samtidig håpar me at ho blir den siste dekanen på SV som blir vald utan motkandidat, skriv Uniforum-redaktør Martin Toft.
Uniforum vil ha eit best mogleg grunnlag for å kunna fortelja lesarane våre kva som skjer på møta i universitetsstyret. Derfor er det viktig at så mange som mogleg av sakene blir handsama på opne møte, skriv Uniforum-redaktør Martin Toft.
Uniforum helsar Honours-programmet i realfag og i humaniora velkomen. Me synest at dei fortener den suksessen dei har hatt, og me er visse på at både studentane og førelesarane deira vil få stor glede i å dukka endå djupare ned i kunnskapskjelda i akademia, skriv ansvarleg redaktør Martin Toft.
Når det gjeld den internasjonale kampanjen mot drapsrobotar, må alle støtta kravet om å forby den vidare utviklinga av den typen våpen, skriv Uniforum-redaktør Martin Toft.
– Når studentpolitikarar ved Universitetet i Tromsø går til frontalåtak på leiaren for Studentparlamentet ved Universitetet i Oslo, for å ha kunngjort leiarkandidaturet sitt i ei studentavis, er dei dermed med på å sabotera dagens studentdemokrati, skriv Uniforum-redaktør Martin Toft.
– For tankesmiene har blitt meir ekspertpanel enn grupper der det kan skje ei fruktbar meiningsutveksling mellom folk som kjenner UiO frå heilt ulike sider og som saman kan arbeida i fellesskap for å koma med så gode innspel som råd, skriv Uniforum-redaktør Martin Toft.
Før helga blei det klart at start av bygging av nytt vikingtidsmuseum er med i plattforma til den utvida Solberg-regjeringa. For Noreg, Europa og verda er dette ei historisk avgjerd som vil gi mange gode museumsopplevingar også for framtidige generasjonar, skriv Uniforum-redaktør Martin Toft.
Det var korrekt av Universitetet i Stavanger å gi Nils Rune Langeland sparken, men dei burde ha gripe tak i rusproblema til Langeland langt tidlegare og ikkje ha late saka liggja og skura gjennom mange år, meiner Uniforum-redaktør Martin Toft.
Kampen for forfylgde akademikarar er også vår kamp. Difor må me halda fram med å skriva om dei som kjempar for ytringsfridom og akademisk fridom i heile verda, skriv Uniforum-redaktør Martin Toft.
– Langeland-saka er derfor ein tragedie ikkje berre for Nils Rune Langeland – og aller verst for dei som fekk meldingane – men også for toppleiinga ved Universitetet i Stavanger og for leiinga for det aktuelle instituttet. Det skriv Uniforum-redaktør Martin Toft i denne leiarkommentaren.
Akkurat no er det på sin plass å gratulera både studentar og tilsette på Psykologisk institutt for å ha fått gjennomslag for kravet om tilleggspoeng for mannlege søkjarar. Og statsråd Iselin Nybø for å ha lytta til dei og endeleg tatt grep, skriv Uniforum-redaktør Martin Toft i denne leiarkommentaren.
– Det er uheldig om det dannar seg eit inntrykk av at det er ein fordel å ha bakgrunn frå Kjemisk institutt for å få toppstillingar ved Universitetet i Oslo, skriv Uniforum-redaktør Martin Toft.