LEIAR: Send leiarane på HMS-kurs, Arne Benjaminsen

No er det på høg tid at universitetsleiinga ved UiO tar lærdom av Universitetet i Bergen og sender alle dei leiarane det er aktuelt for, på dette HMS-kurset også.

Universitetsdirektør Arne Benjaminsen bør senda leiarar på det obligatoriske HMS-kurset, skriv Uniforum-redaktør Martin Toft.

Alle leiarar på UiO er forplikta til å ta eit obligatorisk HMS-kurs. Det er likevel ikkje blitt tatt så alvorleg av universitetsleiinga at dei har gjort noko med det, slik Uniforum kunne melda tidlegare denne månaden. Derfor er me mange leiarar, meg sjølv inkludert, som har vore leiarar i mange år utan at me fekk vita at det er obligatorisk for oss å ta eit HMS-kurs. Og kurset finst, i alle fall digitalt, om du tar deg tid til å søkja litt rundt på nettsidene til UiO.

Etter planen skal det ta rundt 1 ½ time å gjennomføra det. Dei som tar kurset, vil då læra alt om arbeidsmiljølova, ordninga med verneombod og korleis eit godt fysisk arbeidsmiljø skal sjå ut. Dessutan handlar det også om korleis ein kan sørgja for at det også kan bli eit godt arbeidsmiljø for dei som slit på jobben.

Sjølv har eg lasta ned HMS-kurset på internett. No lovar eg at eg skal bruka den tida eg treng for å gjennomføra det

Det er hovudverneombod Thomas Aulin som krev at UiO-leiinga får fortgang i arbeidet med å senda UiO-leiarar på HMS-kurs. Ei undersøking viser at så langt har under halvparten deltatt.

«Å ta med verneombud i omstillings- og planleggingsprosesser og i diskusjoner om strategiske tiltak, handler om å ivareta det psykososiale arbeidsmiljøet», poengterer Aulin i Uniforum-artikkelen. Han meiner at grunnen til at verneombod ikkje blir tatt med på råd i denne typen saker handlar om at mange av UiOs leiarar ikkje har god nok kjennskap til rolla til verneombodet og dei lovpålagde oppgåvene. Han viser også korleis han sjølv har mast om dette i dei faste IDF-møta (informasjons- drøftings- og forhandlingsmøte ) mellom arbeidgjevaren, tenestemannsorganisasjonane og hovudverneombodet.

Artikkelen i Uniforum viste at Universitetet i Bergen har tatt kravet om obligatorisk HMS-kurs langt meir alvorleg. Der melder 64 av 65 einingar at dei har gjennomført dette kurset for leiarane sine. Det har også meldt seg folk til 182 av dei 183 verva som verneombod.

No er det på høg tid at universitetsleiinga ved UiO tar lærdom av Universitetet i Bergen og sender alle dei leiarane det er aktuelt for, på det obligatoriske HMS-kurset. Sjølv har eg lasta ned HMS-kurset på internett. No lovar eg at eg skal bruka den tida eg treng for å gjennomføra det. Det vil vera nyttig både for meg og for den redaksjonen eg leier. Så send leiarane på HMS-kurs, Arne Benjaminsen.

Av Martin Toft, ansvarleg redaktør for Uniforum
Publisert 17. feb. 2025 04:30 - Sist endra 17. feb. 2025 19:53

Logg inn for å kommentere