2018

Publisert 23. nov. 2018 16:47

Akkurat no er det på sin plass å gratulera både studentar og tilsette på Psykologisk institutt for å ha fått gjennomslag for kravet om tilleggspoeng for mannlege søkjarar.  Og statsråd Iselin Nybø for å ha lytta til dei og endeleg tatt grep, skriv Uniforum-redaktør Martin Toft i denne leiarkommentaren.

Publisert 16. nov. 2018 05:00

– Det er uheldig om det dannar seg eit inntrykk av at det er ein fordel å ha bakgrunn frå Kjemisk institutt for å få toppstillingar ved Universitetet i Oslo, skriv Uniforum-redaktør  Martin Toft.

Publisert 9. nov. 2018 11:40

Universitetsdemokratiet lever. Det er det ingen tvil om, skriv Uniforum-redaktør Martin Toft og brukar dekanvalet på Det humanistiske fakultetet ved UiO som eit prov på det.

Publisert 17. okt. 2018 16:10

Det er no på tide at statsminister Erna Solberg signaliserer til finansminister Siv Jensen og resten av regjeringa av startløyving til nytt vikingtidsmuseum likevel må inn i forslaget til statsbudsjett for 2019. Om ikkje ho gjer det, vil ho få ansvaret for at den norske delen av verdsarven gjekk tapt for generasjonane som kjem etter oss, skriv Uniforum-redaktør Martin Toft i denne leiarartikkelen.

Publisert 13. sep. 2018 14:28

Khrono-løyvinga burde gått via universitetsstyret og ikkje blitt henta frå rektorpotten. Då hadde den blitt forankra i dei styrande organa ved UiO, skriv Uniforum-redaktør Martin Toft.

Publisert 7. sep. 2018 12:06

Årsfesten i Universitetets aula  er heilt klart eit høgdepunkt for vinnarane av Universitetet i Oslos prisar. Difor burde dei populærvitskaplege foredraga til prisvinnarane ha blitt flytta frå Realfagsbiblioteket til  å bli ein del av årsfesten i Aulaen, skriv Uniforum-redaktør Martin Toft.

Publisert 9. aug. 2018 12:45

Forskarforbundet må forklara kvifor foreininga ikkje vil betala advokatutgiftene til Nils Rune Langeland når han går til sak mot arbeidsgjevaren sin Universitetet i Stavanger for å ha sagt han opp. Det skriv Uniforum-redaktør Martin Toft i denne leiaren.

Publisert 3. apr. 2018 18:15

Me vil råda UiB-styret til å halda fram med På Høyden som ei uavhengig og kritisk avis på campus. Det er viktig for både universitetsdemokratiet og for å sikra at ulike meiningar får plass i debatten om det som skjer på universitetet, skriv Uniforum-redaktør Martin Toft.

Publisert 29. jan. 2018 15:38

For oss som jobbar i universitetspressa viser vedtaka til Felles klagenemnd at me ikkje skal ta eit nei for eit nei, når me ikkje får innsyn i ei sak i første omgang, skriv Uniforum-redaktør Martin Toft.