Eit mannstiltak som vil tena alle

Akkurat no er det på sin plass å gratulera både studentar og tilsette på Psykologisk institutt for å ha fått gjennomslag for kravet om tilleggspoeng for mannlege søkjarar.  Og statsråd Iselin Nybø for å ha lytta til dei og endeleg tatt grep, skriv Uniforum-redaktør Martin Toft i denne leiarkommentaren.

FÅR FLEIRE MENN: Instituttleiar Pål Kraft kan frå hausten 2019 få inn menn med tilleggspoeng på psykologiutdanninga. Uniforum-redaktør Martin Toft gratulerer han, dei andre tilsette og studentane for å ha fått gjennomslag for dette kravet.

Foto: Ola Sæther

Denne veka blei det kjent at regjeringa har bestemt at det skal gjevast tilleggspoeng for menn på psykologiutdanningane ved Universitetet i Oslo og Universitetet i Bergen. Det er på tide, og nettopp derfor er det svært kjærkome at dette tiltaket blir innført frå hausten 2019. 

Eldsjeler som professorane Anne-Kari Torgalsbøen og Bjørn Rishovd Rund ved Psykologisk institutt på UiO har heilt sidan 2011 kjempa for å få innført ei ordning som kan få fleire menn inn på psykologistudiet. Først måtte dei overtala Det samfunnsvitskaplege fakultetet, deretter universitetsstyret ved UiO, før det blei tatt vidare til Kunnskapsdepartementet, der forslaget har lege på vent eit par år før regjeringa no endeleg har bestemt seg for å setja det i verk.

I praksis vil dette seia at alle menn som søkjer seg inn på psykologiutdanninga rett frå den vidaregåande skulen, får eitt tilleggspoeng. Dette opptaket utgjer halvparten av dei 70 studentane som blir tatt opp på studiet kvart semester. Dei andre studentane som blir tatt opp på ordinært opptak, får uansett tilleggspoeng for avtent militærteneste, folkehøgskule og for annan praksis.

I dag er det rundt 79 prosent kvinner og 21 prosent menn på psykologistudiet. No håpar dei tilsette ved Psykologisk institutt at det etter kvart skal bli mogleg å finna 22 menn blant dei 70.  Regjeringa og statsråd Iselin Nybø nølte lenge før dei kunne gi sitt endelege ja tysdag denne veka. For menn som har behov for psykolog, kan det bli lettare å opna seg for ein mannleg psykolog. Også gutar har av og til behov for å gå til barnepsykolog. Også då er det viktig at langt fleire av dei enn i dag er ein mann. Det er heller ikkje bra om alle psykologar som tilbyr parterapi, er kvinner. 

Alt dette kan det bli ei endring på nokre år inn i framtida, når dei som blir tatt opp på studiet hausten 2019 blir uteksaminerte. I mellomtida klarer me oss med mange dyktige, kvinnelege og litt færre dyktige, mannlege psykologar. For studentane blir det truleg også eit betre studiemiljø av at det vert ei betre fordeling av menn og kvinner på studiet. Etter kvart vil det truleg også vera naudsynt å setja i gang forsking på kvifor så få menn med gode karakterar heller har valt å søkja seg inn på meir tekniske studium i staden for å velja psykologistudiet. Akkurat no er det på sin plass å gratulera både studentar og tilsette på Psykologisk institutt for å ha fått gjennomslag for dette kravet. Og Iselin Nybø for å ha lytta til dei og endeleg tatt grep. Ho har gjort eit ordentleg mannsverk.  

 

Emneord: Psykologi, Studentforhold, Opptak, Universitetspolitikk Av ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 23. nov. 2018 16:47 - Sist endra 23. nov. 2018 16:47
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere