Felles klagenemnd hindrar unødvendig hemmeleghald

For oss som jobbar i universitetspressa viser vedtaka til Felles klagenemnd at me ikkje skal ta eit nei for eit nei, når me ikkje får innsyn i ei sak i første omgang, skriv Uniforum-redaktør Martin Toft.

TOK TID: Vebjørn Sands portrett av Ole Petter Ottersen kosta UiO 300 000 kroner alt inkludert. Men det ville ikkje UiO fortelja Uniforum før dei blei pålagt å gjera det av Felles klagenemnd. Nemnda avviste argumentetet om at det var ein forretningsløyndom.

Foto: Ola Sæther

Universiteta og høgskulane er altfor strenge når dei nektar media og andre innsyn i dokument som har offentleg interesse. Det viser tre avgjerder som Felles klagenemnd  har tatt denne månaden. Forskerforum og Uniforum har fått gjennomslag i tre klager der både Universitetet i Oslo og andre universitet har halde igjen, og ikkje ville gi frå seg dokument som publikasjonane meinte det var naudsynt at det offentlege fekk kjennskap til.

Felles klagenemnd er oppretta mellom anna for at media og andre kan klaga inn avgjerder frå universitet og høgskular om å nekta innsyn. I 2016 tok klagenemnda klagen til fylgje i 17 av til saman 27 saker. Også det er eit godt døme på at utdanningsinstitusjonane tolkar Offentleglova for strengt.

Den første avgjerda så langt i 2018 var at Forskerforum fekk medhald i klagen på å få innsyn i opplysningane i Arbeidsmiljøundersøkinga ARK. Det er ein klage som blei innlevert etter at publikasjonen fekk avslag på eit innsyn hos NTNU den 12.mai 2017. Både NTNU, Universitetet i Oslo og Universitetet i Bergen hadde felles møte med Kunnskapsdepartementet for å få Felles klagenemnd til å snu i saka. Dei meinte at det var ein fare for at opplysningar som var omfatta av personvernet, kunne koma ut. Trass i mildt press frå Kunnskapsdepartementet konkluderte Felles klagenemnd med at sakshandsaminga var grundig nok, og den stod dermed fast på avgjerda si om å gi innsyn i denne arbeidsmiljøundersøkinga. Kunnskapsdepartementet påla dermed dei aktuelle universiteta om å levera ut dei aktuelle opplysningane til både Forskerforum og På Høyden, som begge hadde bede om innsyn.

        • Les meir i Uniforum: Sa nei til Kunnskapsdepartementet: Avviser å behandle omstridt innsynssak på ny

Felles klagenemnd konkluderer med at rapporten inneheld viktig informasjon som det er viktig at det offentlege får kjennskap til

Like etterpå fekk Uniforum delvis medhald i kravet om å få innsyn i rapporten om varslarsaka om direktør Tone Lindheim ved Naturhistorisk museum. Felles klagenemnd konkluderer med at rapporten inneheld viktig informasjon som det er viktig at det offentlege får kjennskap til. Sjølv om ein del opplysningar er sladda, meiner Felles klagenemnd at resten av rapporten er det interessant for det offentlege å få vita meir om. «Nemndas vurdering ar at rapporten vil gi mening og nyttig informasjon selv om deler av rapporten skal unntas offentlighet». Dermed fekk Uniforum delvis medhald i klagen me hadde sendt inn til Felles klagenemnd. Resultatet blei at avisa kunne publisera ein artikkel om innhaldet i rapporten eit par dagar etter avgjerda til Felles klagenemnd.

     • Les meir i Uniforum: UiO fant flere brudd på straffesaken i varslersaken fra NHM

Det same var tilfellet med klagen til Uniforum på at UiO ikkje ville gi oss innsyn i kva universitetet hadde betalt til kunstnaren Vebjørn Sand for rektorportrettet av Ole Petter Ottersen. UiO meinte at dette var ein forretningsløyndom som dei ikkje plikta å gi ut. Det argumentet kom ikkje universitetet langt med.I konklusjonen frå Felles klagenemnd står det at «De demokratiske hensyn og kontrollhensyn tilsier åpenhet i saker om disponering av offentlige midler, slik tilfellet er i denne saken».  

Absolutt ingen sjokkerande høg pris

Dermed fekk Uniforum fullt medhald i klagen sin i den saka. Kort tid etter kunne Uniforum publisera ein artikkel der me kunne opplysa om at dei samla kostnadene for rektorportrettet kom på rundt 300 000 kroner. Absolutt ingen sjokkerande høg pris, men det var likevel viktig å få det offentleggjort, nettopp fordi det handlar om bruk av offentlege midlar.

   • Les meir i Uniforum: Her er regningen for Ottersen-portrettet

Dei tre nemnde avgjerdene frå Felles klagenemnd viser at nemnda tar oppgåva si alvorleg og tolkar Offentleglova strengt juridisk. Dei let seg heller ikkje påverka av at store offentlege institusjonar som UiO, UiB og NTNU prøvar å få Kunnskapsdepartementet på bana for å gjera om ei endeleg avgjerd.

For oss som jobbar i universitetspressa viser vedtaka til Felles klagenemnd at me ikkje skal ta eit nei for eit nei, når me ikkje får innsyn i ei sak i første omgang. Ein klage kan føra fram, sjølv om det kan ta mange månader før det endelege svaret vert klart. Offentleglova seier at eit svar på krav om innsyn skal vera klart i løpet av tre til fem dagar. Dei sakene me har nemnt her, har det tatt mange veker å få endeleg svar på. Det oppfattar me som trenering. UiO bør difor læra litt av korleis offentleg elektronisk postjournal (OEP) fungerer i departementa og direktorata. Det er lettare å få oversyn, og dei er langt raskare til å svara.

På den måten har Felles klagenemnd blitt ein viktig forsvarar av Offentleglova

Me håpar at dei siste avgjerdene i Felles klagenemnd får universiteta til å bli mindre restriktive med å gi ut dokument som har offentleg interesse enn det dei har vore til no. Offentleglova eksisterer nettopp for at alle avgjerder og vedtak på offentlege institusjonar skal vera gjennomsynlege og klare og tola å koma i søkjelyset.

På den måten har Felles klagenemnd blitt ein viktig forsvarar av Offentleglova og også for universitetspressa sin rett og plikt til å sjå universiteta etter i korta. Felles klagenemnd har gjennom desse avgjerdene vist og legitimert den viktige rolla den spelar for å unngå heilt unødvendig hemmeleghald på dei offentlege utdanningsinstitusjonane.

 

 

 

 

 

Emneord: Arbeidsforhold, Universitetspolitikk, Akademisk frihet Av ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 29. jan. 2018 15:38 - Sist endra 29. jan. 2018 15:38
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere