Ein siger for universitetsdemokratiet

Universitetsdemokratiet lever. Det er det ingen tvil om, skriv Uniforum-redaktør Martin Toft og brukar dekanvalet på Det humanistiske fakultetet ved UiO som eit prov på det.

SUVEREN VALSIGER: Frode Helland vann dekanvalet på HF med 66,75 prosent av stemmene bak seg. Dermed må sitjande dekan Arne Bugge Amundsen forlata rektorkontoret ved årsskiftet. Uniforum-redaktør Martin Toft meiner dekanvalet er eit døme på at universitetsdemokratiet lever.

Foto: Ola Sæther

 

For ei veke sidan blei det klart at Frode Helland hadde vunne dekanvalet på Det humanistiske fakultetet med 66,75 prosent av stemmene. Dermed må Arne Bugge Amundsen, som fekk 33,25 prosent av stemmene, gi frå seg dekanvervet etter fire år. Også Bugge Amundsen overtok dekanvervet etter å ha kjempa ein hard duell mot religionsprofessor Jens Braarvig, ein kamp han til slutt vann, med ein margin på 0,4 prosent.

Begge dei siste dekanvala på HF, er gode prov på at universitetsdemokratiet lever, i alle fall på Det humanistiske fakultetet. Når tilsette og studentar er misnøgde med styringa til dekanen, går dei saman for å finna ein motkandidat. Denne gongen blei det Frode Helland, leiaren for Ibsen-senteret som tok på seg jobben med å vera utfordrar til den sitjande dekanen. Om han ikkje blei overraska over at han vann, så trur me at han heilt sikkert blei overraska over at han vann med så klar margin over Arne Bugge Amundsen. Sistnemnde blei «oppriktig overraska», sa han til Uniforum etter valnederlaget.

 

Truleg fekk dekan Arne Bugge Amundsen eit ordentleg skot for baugen då prodekanen hans, Ellen Rees gjekk ut og støtta motkandidaten, noko som førte til at ho måtte gå av som prodekan like etter at det blei kjent kven som ville stilla opp i dekanvalet. Samtidig er det lite som tyder på at det var heilt avgjerande for at Arne Bugge Amundsen og teamet hans tapte dekanvalet.

Når så mange stemte på motkandidaten, tyder det på at det var ein stor grad av misnøye med politikken til dekanatet på heile fakultetet. Det står igjen å sjå om Frode Helland sitt dekanlag klarer å halda lovnadene om meir opne avgjerdsprosessar og ein meir inkluderande leiarstil enn det dei meinte det avgåande dekanatet har hatt.

Neste år står også dekanar på val både på Det samfunnsvitskaplege fakultetet og på Det juridiske fakultetet. Om tilsette og studentar ikkje er nøgd med dagens dekan, og han eller ho, likevel søkjer attval, kan dei læra av HF og lansera ein motkandidat. Det ferske dømet frå HF viser at det er fullt mogleg å endra på dekanatet gjennom eit reelt demokratisk val. Til saman blei det gitt 901 stemmer. Det er ein auke frå 2014, då 737 stemmer blei gjevne. Med ei valdeltaking på 62,38 blant dei vitskaplege tilsette og heile 73,68 prosent mellom dei teknisk-administrative, viser det at også eit dekanval engasjerer.

Den einaste malurta med kan hella i begeret, er det faktum at berre 5,59 prosent av studentane brukte stemmeretten sin. Der bør studentorganisasjonane gjera ein innsats for å få studentane til å bli meir medvitne om kor viktig det er å delta i eit dekanval på Universitetet i Oslo.

Dekanvalet ved Det humanistiske fakultetet er ikkje åleine om å visa at universitetsdemokratiet lever. I 2017 var det eit spennande rektorval mellom Hans Petter Graver og Svein Stølen på Universitetet i Oslo, som Svein Stølen gjekk sigrande ut av. Nyleg har både Universitetet i Agder  og Høgskulen i Molde avgjort at dei skal halda fram med rektorval. Me håpar andre institusjonar tar etter og ser at det er meir fordelar enn ulemper med å velja leiarar. Og det er mogleg å skifta dei ut, dersom tilsette og studentar ikkje synest dei styrer godt nok. Det er dekanvalet ved Det humanistiske fakultetet eit godt prov på. Universitetsdemokratiet lever. Det er det ingen tvil om.

 

 

 

Emneord: Dekanvalg, Universitetspolitikk Av ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 9. nov. 2018 11:40 - Sist endra 9. nov. 2018 11:40
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere