Når omdømmet tel meir enn omsynet til eit godt arbeidsmiljø

– Langeland-saka er derfor ein tragedie ikkje berre for Nils Rune Langeland – og aller verst for dei som fekk meldingane – men også for toppleiinga  ved Universitetet i Stavanger og for leiinga for det aktuelle instituttet.  Det skriv Uniforum-redaktør Martin Toft i denne leiarkommentaren.

I VITNEBOKSEN: Rektor Marit Boyesen ved Universitetet i Stavanger vitna om korleis mediestormen skapte uro for kva meldingane frå Nils Rune Langeland ville gjera med omdømmet til universitetet.

Foto: Martin Toft

Det var mediestormen etter dei seksualisert ladde meldingane juli 2017 som til slutt fekk Universitetet i Stavanger til å reagera med å seia opp historieprofessoren Nils Rune Langeland. Det kom klart fram i vitnemålet til rektor Marit Boyesen i Oslo tingrett torsdag.

Først etter dei seksualisert ladde meldingane frå sommaren 2017, blei universitetsleiinga redd for kva dette kunne gjera med omdømmet til universitetet,  trass i at det  hadde kome inn rapportar på oppførselen til Nils Rune Langeland allereie åtte år tidlegare.

– Mediestormen var problematisk med tanke på tap av omdømmet, sa Marit Boyesen i retten.  Det er likevel vanskeleg å forstå at ikkje tidlegare utilbørleg oppførsel i alkoholpåverka tilstand hadde ført til ei oppseiingssak mot Nils Rune Langeland mange år før.

Saka mellom Staten og den oppsagte historieprofessoren Nils Rune Langeland gjekk i dag inn i sin fjerde dag. Nils Rune Langeland har saksøkt staten ved Kunnskapsdepartementet for å ha sagt han opp som historieprofessor ved Universitetet i Stavanger.

I retten fortalde tidlegare historikarkollega David-Alexandre Wagner om korleis Langeland skapte dårleg stemning på ein fagleg tur til Krakow i 2010. Der hadde han vore rusa og samtidig  kritisert nokre av kollegane verbalt for at dei enno ikkje hadde fått professorat eller for at dei ikkje hadde publisert nok.

– Det kan oppfattast som sjikane. Han kom også for seint til middagen og tinga vinen sin på eit aristokratisk vis, fortalde Wagner. 

Førstebibliotekar Ruth Hemstad ved Nasjonalbiblioteket fortalde også om korleis han ein gong ut på nyåret 2011 hadde vore alkoholpåverka på ein Nordisk-tysk konferanse i Berlin om ytringsfridom på 1800-talet,.  Ein av professorane fekk tømt eit glas vin over seg av Langeland. 

Men lenge før dei fatale meldingane til unge kvinner i juli 2017, allereie i 2009, hadde Langeland sendt slibrige meldingar til sin eigen kvinnelege instituttleiar ved Institutt for kultur og språkvitskap, Marie Smith-Solbakken. 

– Eg blei skamfull og opplever meg som såra på grunn av desse meldingane. I dag synest eg at det er flautt og uprofesjonelt å ha svart på desse meldingane, sa Smith-Solbakken i retten på Skype frå Stavanger. Etter at både ho og andre kvinnelege kollegaer hadde fått  fleire meldingar av seksuell karakter, fann ho grunn til å reagera. 

Instituttleiaren kalla inn Langeland til eit møte, der han sa at han var lei seg og bad om orsaking.  Han innsåg også at det var på grunn av alkoholmisbruk at han hadde gjort det.  – Då lova han at det ikkje skulle skje igjen, sa Smith-Solbakken.  Det var ein lovnad han ikkje klarte å halda. 

Samla viser desse episodane at Nils Rune Langeland heilt sidan 2009 har hatt ein oppførsel som ikkje passar seg verken for ein professor eller for andre arbeidstakarar. Sjølv om leiarane hans prøvde å gjera noko med problemet Nils Rune Langeland, skjedde det ingenting før han la ut nokre seksuelt ladde meldingar på Facebook til unge kvinner. Kvinnene hadde heller ikkje noka tilknyting til arbeidsgjevaren hans, men meldingane blei etter kvart offentleggjorde gjennom nettavisa Khrono, og seinare gjennom resten av medie-Noreg. 

Ikkje før det skjedde, begynte  leiinga ved Universitetet i Stavanger å frykta for omdømmet til institusjonen.  Dei burde heller ha tatt omsyn til sine eigne, hovudsakleg kvinnelege tilsette, langt tidlegare, og sett kniven på strupen for Langeland, og gitt han klar beskjed om at det ikkje er mogleg å akseptera ein slik veremåte, og fått han endå tidlegare inn på eit avrusingsprogram  av typen AKAN. 

Når det ikkje hende, tyder dette på at dei let saka skura og gå sin gang utan å visa ein bestemt og fast leiarskap.  Langeland-saka er derfor ein tragedie ikkje berre for Nils Rune Langeland – og aller verst for dei som fekk meldingane - men også for toppleiinga  ved Universitetet i Stavanger og for leiinga for det aktuelle instituttet.  Håpet er at heile universitets- og høgskulesektoren tar lærdom av denne saka.

 

 

 

 

 

Emneord: Arbeidsforhold. Universitetspolitikk, Etikk Av ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 13. des. 2018 18:21 - Sist endret 13. des. 2018 18:21
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere