I går blei det kjent at visedekan Kristin Vinje ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet er mellom dei tolv søkjarane til stillinga som ny universitetsdirektør ved Universitetet i Oslo. Ho er godt kvalifisert og har bakgrunn både som stortingsrepresentant for Høgre og som finansbyråd for same parti i Oslo. Då ho var stortingsrepresentant, var ho den einaste på Stortinget som hadde doktorgrad. Dessutan har Kristin Vinje også hatt stillingar hos forskingsinstitutta Sintef og Simula. Og doktorgraden sin har ho frå Kjemisk institutt på Universitetet i Oslo. Frå same institutt kjem rektor Svein Stølen. Det gjer også direktøren for livsvitskap, Carl Henrik Gørbitz. Om Kristin Vinje blir tilsett som ny universitetsdirektør, vil tre personar med bakgrunn frå eitt og same institutt sitja i tre av dei mektigaste maktstillingane ved UiO, rett nok i eit vald verv og i to administrative stillingar på åremål.
Alle dei tre er godt kvalifiserte for dei stillingane og det vervet dei har eller har søkt. Men på eit universitet med åtte fakultet med til saman over 50 institutt og senter og nesten 7000 tilsette må det vera klokt å fordela slike viktige stillingar mellom personar som også har ein annan fagleg bakgrunn enn kjemi. Det er uheldig om det dannar seg eit inntrykk av at det er ein fordel å ha bakgrunn frå Kjemisk institutt for å få toppstillingar ved Universitetet i Oslo. Me vil difor åtvara mot ein slik kjemisk maktkonsentrasjon på UiO.
Logg inn for å kommentere