Årsfesten i Aulaen må friskast opp

Årsfesten i Universitetets aula  er heilt klart eit høgdepunkt for vinnarane av Universitetet i Oslos prisar. Difor burde dei populærvitskaplege foredraga til prisvinnarane ha blitt flytta frå Realfagsbiblioteket til  å bli ein del av årsfesten i Aulaen, skriv Uniforum-redaktør Martin Toft.

MÅ FRISKAST OPP: Med små grep trur me det likevel er mogleg å gjera årsfesten i Universitetetets aula til meir av ei fest for alle, skriv Uniforum-redaktør Martin Toft.

Foto: Ola Sæther

 

Årsfesten til Universitetet i Oslo denne veka hadde FNs  berekraftmål som tema.  Det valet tener dei ansvarlege til ære.  Trass i interessante tema og med dyktige formidlarar blei årsfesten i Universitetets aula  likevel altfor lang både for studentar og tilsette.  Det førte til at dei som eigentleg skulle heidrast på årsfesten,  alle prisvinnarane, kom heilt i skuggen av dei åtte forskarane som snakka om berekraftmåla.

Med små grep, trur me det likevel  er mogleg å gjera årsfesten i Universitetets aula  til meir av ein fest for alle. 

Årsfesten i Universitetets aula  er heilt klart eit høgdepunkt for vinnarane av Universitetet i Oslos prisar. Difor burde dei populærvitskaplege foredraga til prisvinnarane ha blitt flytta frå Realfagsbiblioteket til  å bli ein del av årsfesten i Aulaen.  Og så kunne dei  åtte korte foredraga om berekraftmåla heller ha blitt haldne i Realfagsbiblioteket om formiddagen.  Det ville også gitt eit betre signal til prisvinnarane om at mange av dei som kjem til Aulaen  er der for å hylla dei, og dei ville truleg også ha sett stor pris på å høyra dei populærvitskaplege foredraga deira. 

Det er sjølvsagt viktig med musikk på slike arrangement. Men det bør vera meir variasjon i musikkvalet. Denne gongen var det berre klassisk musikk, og den appellerer til mange av oss, men samtidig er det viktig med variasjon.  Derfor føreslår me at seinare årsfestar også får bidrag frå jazz, rock, folkemusikk, urfolkssong eller rap.  Ja, det finst døme på musikarar som blandar alle desse musikkformene.  

Ei inspirasjonskjelde kan vera opninga til Den internasjonale sommarskulen i Universitetets aula i juni. Der fekk gruppa Queendom heile forsamlinga til å reisa seg og dansa med til rytmane deira.  Me seier ikkje at årsfesten skal vera ein kopi av den opninga, men det vil vera mogleg å kunne læra litt av den for at også studentar skal koma på årsfesten.  For det er viktig å få med seg framtidsgenerasjonane på årsfesten til Universitetet i Oslo også. 

   • Les meir i Uniforum: Queendom fekk sving på Sommarskulen

Og etter at det endeleg har vore debatt om kvifor drikkevisa Gaudeamus igitur ikkje blei framført under velkomstseremonien for nye studentar, kunne det jo ha vore morosamt å ha avslutta med den visa på årsfesten 2018.  Då hadde ein i alle fall fått markert at gamle tradisjonar også kan utvikla seg til å bli ein brennaktuell debatt anno 2018.

 

 

Emneord: UiOs priser, Kultur, Årsfesten Av ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 7. sep. 2018 12:06 - Sist endra 7. sep. 2018 16:28
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere