Queendom fekk sving på Sommarskulen

Musikkgruppa Queendom fekk det til å svinga i Aulaen med afrikansk og afroamerikansk musikk og dei 550 nye studentar på Den internasjonale sommarskulen ved UiO klarte ikkje å sitja stille under dei musikalske rytmane som markerte opninga av sommarskulen.

STEMNING I AULAEN: Gruppa Queendom fekk 550 studentar på Den internasjonale sommarskulen til å svinga til glade rytmar under opningsseremonien i Aulaen måndag 25.juni.

Foto: Martin Toft
 

På videoen får du eit inntrykk av korleis stemninga var då Queendom fekk sving på Sommarskulen (Foto: Martin Toft)

550 studentar frå 90 land begynte denne veka på Den internasjonale sommarskulen ved Universitetet i Oslo. Sidan 1947 har 30 000 studentar frå 150 land deltatt på sommarskulen. For første gong heldt rektor Svein Stølen opningstalen og for første gong kunne Nita Kapoor ynskja publikum velkomen som direktør for Den internasjonale sommarskulen. Svein Stølen var opptatt av å få fram korleis studentar har endra haldningar etter dei seks vekene dei har deltatt på sommarskulen.

GLADE RYTMAR: Queendom skapte masse liv og røre i Universitetets aula under opninga av Den internasjonale sommarskulen 25. juni (Foto: Martin Toft)

 

 

 

– Studentar blir utfordra

- Studentane på sommarskulen kan finna ut at dei blir utfordra gjennom perspektiv som ikkje passar inn med deira eigne erfaringar. Tidlegare har me hatt studentar som er vorte sjokkerte over at dei har tala i all vennskap med studentar frå land som har heilt ulikt politisk og sosialt system enn dei er vande til.  I løpet av desse åra har sommarskulen også ført saman nasjonale grupper som har regjeringar som i lang tid har vore i konflikt med kvarandre, sa Svein Stølen.

Han kom også inn på korleis det også hadde gitt noko å tenkja på i forholdet til den store studentmassen.

– Auka toleranse

– Dette kan vera utfordrande for nokon, men våre siste erfaringar viser at slike møte leier til meir og djupare refleksjon blant våre studentar.Fleire vitskaplege studiar skildrar korleis  grensekryssande studentar oppnår eigenskapar som går tvers av etnisitet. Det inkluderer auka toleranse, tillit, problemløysande eigenskapar, nyfikne, og det å ta viktige avgjerder gjennom internasjonale utvekslingar.

OPNA SOMMARSKULEN: Svein Stølen opna Den internasjonale sommarskulen for første gong som UiO-rektor. (Foto: Martin Toft)

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

– Ved å dra nytte av denne kunnskapen og gjennom objektiv analyse i kombinasjon med mellommenneskeleg kontakt, er målet vårt på mange måtar å bli ei plattform der studentar kan få meir innsikt, djupare forståing og empati, men også auka kunnskap om den internasjonale verda, sa Svein Stølen i den første opningstalen sin til Den internasjonale sommarskulen.

Både statssekretær Jens Frølich Holte i Utanriksdepartementet og studentpolitikar og universitetsstyrerepresentant Synhia Zaman heldt også helsingar til dei internasjonale studentane. Men talarane får ha oss tilgitt, for denne gongen var det nok musikkgruppa Queendom som fekk dei beste tilbakemeldingane frå studentane. Det er ikkje ofte publikum i Aulaen oppfører seg som om dei var i ei afroamerikansk kyrkje i USA. Det fekk Asta Businguye Lydersen og Monica Ifejilik i Queendom dei til å gjera.  På den måten har opphaldet til studentane på Den internasjonale sommarskulen fått ein pangstart reint musikalsk. No står sosialt fellesskap, ekskursjonar og intens lesing til den endelege eksamen om seks veker igjen.

FRÅ AULAEN TIL RÅDHUSET: Årets studentar på Den internasjonale sommarskulen forlet Aulaen for å gå vidare til mottaking hos Oslos ordførar Marianne Borgen i Oslo rådhus. (Foto: Martin Toft)

 

 

Emneord: Den internasjonale sommerskole, Internasjonalisering, Kulturelt mangfold Av Martin Toft
Publisert 26. juni 2018 11:40 - Sist endra 26. juni 2018 13:28
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere