Statsminister Erna Solberg må ta ansvaret for å redda Noregs nasjonalarv!

Det er no på tide at statsminister Erna Solberg signaliserer til finansminister Siv Jensen og resten av regjeringa av startløyving til nytt vikingtidsmuseum likevel må inn i forslaget til statsbudsjett for 2019. Om ikkje ho gjer det, vil ho få ansvaret for at den norske delen av verdsarven gjekk tapt for generasjonane som kjem etter oss, skriv Uniforum-redaktør Martin Toft i denne leiarartikkelen.

SKJER GJENNOM NO!  Vikingskipa og dei andre gjenstandane i Vikingskipshuset er i ferd med å gå i oppløysing, medan direktør Håkon Glørstad (biletet) og Kulturhistorisk museum og UiO ventar på ei startløyving til nytt vikingtidsmuseum. Skjer i gjennom no og få det på plass!, er oppfordringa frå Uniforum-redaktør Martin Toft til regjeringa.

Foto: Ola Sæther

 

Noregs nasjonalarv går i oppløysing medan regjeringa sit og ser på. Det må det vera lov til å konkludera med etter at det heller ikkje denne gongen var noka startløyving til det nye vikingtidsmuseet på Bygdøy. Situasjonen for vikingskipa og dei andre vikingskattane på Bygdøy er prekær, og dei går sakte, men sikkert sunde, medan regjeringa skal tenkja seg om eitt år til. – For det vil bli vurdert i seinare statsbudsjett, sa forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø til Uniforum då framlegget til statsbudsjett blei lagt fram den 8. oktober.

Sist måndag fortalde direktør Håkon Glørstad ved Kulturhistorisk museum gjennom Uniforum kor dårleg det stod til med både sleden og vogna frå Osebergfunnet.  Desse aller mest skjøre gjenstandane frå Osebergfunnet står på det dårlegaste golvet i heile Vikingskipshuset. Fleire stålrøyrstøtter held dei oppe på eit svært improvisert vis. Dei blei sette opp i 2015.

No vil både Glørstad og dei andre ansvarlege for vikingsamlinga vurdera å stengja museet for publikum. For fotsteg frå dei besøkjande skapar vibrasjonar i heile bygningen. I tillegg samlar det seg masse støv i vikingskipa. Før det blir bestemt om museet må stengjast, skal det gjerast nye målingar for å sjå kva effekt det vil ha.

Fleirtalet av dei turistane som kjem til Oslo og mange av dei turistane som også drar til andre stader i landet, vil sjå verdas einaste autentiske vikingskip i Vikingskipshuset på Bygdøy. Derfor er det også Noregs best besøkte enkeltmuseum med 530 000 besøkjande i året.  Dei gir store inntekter til både næringslivet og det offentlege i heile landet. 

Vikingskipa og dei andre gjenstandande frå vikingtida, tilhøyrer alle, ikkje berre den nasjonale arven eller den europeiske arven, men verdsarven.  Egypt har pyramidane, Hellas har Akropolis medan Noreg har stavkyrkjene og vikingskipa på Bygdøy. Denne veka dukka det i Halden for første gong på 100 år opp eit nytt funn av det som truleg er eit vikingskip. Lagnaden til dei vikingskipa me har, får oss ikkje til å rå til å setja det nye vikingskipet på museum.

Derfor er det no på tide at statsminister Erna Solberg signaliserer til finansminister Siv Jensen og resten av regjeringa av startløyving til nytt vikingtidsmuseum likevel må inn i forslaget til statsbudsjett for 2019. Om ikkje ho gjer det, vil ho få ansvaret for at den norske delen av verdsarven gjekk tapt for generasjonane som kjem etter oss. Me tvilar på at det er ein arv som ho ynskjer å ha med i sitt politiske testamente når tida hennar som statsminister er slutt. Skjer i gjennom no og få det på plass! Det vil tena både henne og regjeringa til ære og kunna gi henne og regjeringa godord både nasjonalt og internasjonalt. 

 

Emneord: Vikingskipshuset, Kulturhistorisk museum, Universitetspolitikk Av ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 17. okt. 2018 16:10 - Sist endra 17. okt. 2018 16:10
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere