Uheldig framgangsmåte av rektor Svein Stølen

Khrono-løyvinga burde gått via universitetsstyret og ikkje blitt henta frå rektorpotten. Då hadde den blitt forankra i dei styrande organa ved UiO, skriv Uniforum-redaktør Martin Toft.

ENDRINGAR: – Uniforum er eit organ for heile Universitetet i Oslo og både universitetsstyret og lesarane våre har ei interesse av å bli orienterte på eit tidlegare tidspunkt når så store endringar skal skje. Det skriv Uniforum-redaktør Martin Toft i ein kommentar til at rektor Svein Stølen på fullmakt gir ressursar frå rektorpotten til OsloMets avis Khrono.

Foto: Skjermdump

Denne veka blei det kjent at rektor Svein Stølen ved Universitetet i Oslo vil gripa djupt ned i rektorpotten og investera ressursar i OsloMets avis Khrono. Hovudargumentet er at avisa har tatt ein posisjon som riksdekkjande nyhendeformidlar og kommentator i universitets- og høgskulesektoren.

  • Les i Uniforum: Universitetet i Oslo starter forhandlinger med OsloMet om involvering i Khrono

I pressemeldinga grunngjev han UiOs involvering i Khrono med at UiO vil bruka denne perioden til å sjå på moglegheiter for å styrkja det viktige arbeidet Khrono har starta og gjennom det få påverka vidare utvikling.

Likevel synest me ikkje noko særleg om framgangsmåten

Me synest det er flott at UiO-rektor Svein Stølen ser kor viktig det er med universitetspressa både nasjonalt og lokalt. Likevel synest me ikkje noko særleg om framgangsmåten. Om Universitetet i Oslo vil gi ekstra ressursar til ei avis eigd av ein annan institusjon, burde ei slik løyving ha gått gjennom vanleg sakshandsaming i Universitetet i Oslos høgaste organ, universitetsstyret. Dessutan burde forslaget aller først ha blitt lagt fram for styret for Uniforum og Apollon. Då kunne også medlemane i desse organa ha fått uttalt seg om kva dei tykkjer om å hjelpa ei ekstern universitetsavis til å bli større, medan Universitetet i Oslos eiga avis må halda fram med dei same ressursane som før, og på mange måtar får beskjed om å leva vidare på lånt tid dei komande tre åra.

Det går an å seia mykje om prosessen ved Universitetet i Bergen, som enda med at På Høyden truleg blir både ei lokalavis for universitetet og ein del av redaksjonen til Khrono. Men der gjekk heile diskusjonen og sakshandsaminga føre seg i opne fora, altså på møte i universitetsstyret.

No håpar me sjølvsagt at dagens rektorat ser at også UiOs eiga avis treng fleire redaksjonelle ressursar for at avisa skal få gjort ein best mogleg jobb

Når det skal takast avgjerder som kan få store konsekvensar for framtidig ressurstilgang, er det viktig at dei blir vedtatt på ein formelt korrekt måte, altså i dei styrande organa på universitetet. Det beste er at ei avgjerd om å gi ekstra ressursar til ei ekstern avis i staden for å dela litt av desse ekstra ressursane med institusjonen si eiga avis, blir forankra i eit vedtak i universitetsstyret, og ikkje vert bestemt av rektor på fullmakt. Rett nok informerte han redaktør og redaksjon på førehand, men då var avgjerda allereie tatt. Uniforum er eit organ for heile Universitetet i Oslo og både universitetsstyret og lesarane våre har ei interesse av å bli orienterte på eit tidlegare tidspunkt når så store endringar skal skje.

Uniforum er ein liten redaksjon samanlikna med dei andre universitetsavisene. Det har me peika på år etter år, men aldri fått positiv respons frå dei som har hatt budsjettansvaret ved Universitetet i Oslo. No håpar me sjølvsagt at dagens rektorat ser at også UiOs eiga avis treng fleire redaksjonelle ressursar for at avisa skal få gjort ein best mogleg jobb.

Me lovar uansett å halda fram med å vera Universitetet i Oslos uavhengige og kritiske universitetsavis. Berre på den måten kan me fylgja mandatet vårt om å kika både universitetsleiinga og alle andre avgjerdstakarar på UiO etter i korta.

Les også svaret fra rektor Svein Stølen ved Universitetet i Oslo:

UiO-rektor kjenner seg ikke igjen i kritikken fra Uniforum-redaktør

 

 

Emneord: Media, Universitetssamarbeid Av ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 13. sep. 2018 14:28 - Sist endra 13. sep. 2018 17:06
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere