LEIAR: Slå ring om den akademiske ytringsfridomen!

Når den akademiske ytringsfridomen også er truga i nærområda våre i Europa, er det jobben vår i Uniforum å få det fram i lyset. For utan akademisk ytringsfridom blir eit land aldri ein demokratisk rettsstat. 

Fleire personar både menn og kvinner protesterer i Budapest

DEMONSTRASJON I UNGARN: I 2017 protesterte akademikarar og andre mot den ungarske regjeringas press mot Det sentraleuropeiske universitetet (CEU). (Arkivfoto)

Foto: Ola Sæther

Onsdag 30. mars la Anine Kierulf og ekspertgruppa ho leier, fram rapporten om situasjonen for den akademiske ytringsfridomen i Noreg.

Trass i at situasjonen i Noreg ikkje er plettfri, er det lite å setja fingeren på samanlikna med korleis akademikarar har det i andre europeiske land som Kviterussland, Russland, Tyrkia, Polen og Ungarn.

Nettopp for å visa fram korleis den akademiske ytringsfridomen er under trugsmål i andre europeiske land, søkte Uniforum om støtte frå stiftinga Fritt Ord til ein reportasjeserie om dette temaet. Søknaden blei godkjent, og Uniforum er i ferd med på publisera dei første artiklane frå denne reportasjeserien. Først ut er ein reportasje om kviterussiske studentar og forskarar som held til på det kviterussiske eksiluniversitetet i Vilnius i Litauen. I Kviterussland handlar det ikkje lenger om at den akademiske fridomen er under press, men om at den ikkje lenger finst.

Seinare denne veka vil det koma ein artikkel som tar temperaturen på den akademiske ytringsfridomen i Ungarn, eit land der den sitjande statsministeren Viktor Orbán blei attvald med 54 prosent av stemmene i gårsdagens val på ny nasjonalforsamling. Observatørar karakteriserer valet som fritt, men ikkje rettferdig. Grunnen er at regjeringspartiet Fidesz kontrollerer 80 prosent av media og også har makta over domstolane. 

Men kritiske røyster blant akademikarar og journalistar i Ungarn blir ikkje sette i fengsel,  heller ikkje i Polen. Det blir dei derimot i både Russland, Kviterussland og  Tyrkia.

Truleg er det medlemskapen i EU som hindrar Polen og Ungarn i å setja opposisjonelle i fengsel. For  NATO-medlemskapen har  ikkje ført til at Tyrkia har lagt band på seg, og regjeringa til president Recep Tayyip Erdogan held fram med å arrestera kritikarar og opposisjonelle både blant akademikarar, forfattar, journalistar, kurdiske aktivistar og studentar.  

I Polen vert også akademikarar i opposisjon til den populistiske, høgrekonservative regjeringa tidde i hel. Også der har regjeringa tatt full kontroll over rettsvesenet til protestar frå EU, men så langt har ikkje kritikken ført til at den polske regjeringa har late domstolane få tilbake sjølvstendet sitt.

Akkurat no er det truleg akademikarar i Russland og Kviterussland som har det tøffast. Planen til Uniforum var å reisa også til desse to landa for å snakka med forskarar og studentar om korleis dei opplever den akademiske ytringsfridomen. Russlands invasjon av Ukraina sette ein bråstopp for desse reiseplanane. Men Uniforum vil uansett skriva om vilkåra for akademikarar både i Russland og i Kviterussland.

For akademisk ytringsfridom er viktigare enn nokonsinne. Når den også er truga i nærområda våre i Europa, er det jobben vår i Uniforum å få det fram i lyset. For utan akademisk ytringsfridom blir eit land aldri ein demokratisk rettsstat. Derfor må me slå ring om den akademiske ytringsfridomen både i Noreg, i Europa og i resten av verda.

• Les meir om akademisk ytringsfridom i Uniforum: 

Val i Ungarn: Toppakademikarar trur Viktor Orban vil vinna på  nytt

Er optimist på vegne av for smal akademisk offentlighet

Anine Kierulf: – Overraskende at akademia ikke har tenkt mer over dette

– Det hviterussiske folket står på Ukrainas side

Ti år på oppdrag med å skaffa forfylgde forskarar vern i Noreg

 

 

 


 

Emneord: Akademisk fridom, Menneskerrettar Av ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 4. apr. 2022 16:20 - Sist endra 4. apr. 2022 16:20
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere