Ti år på oppdrag med å skaffa forfylgde forskarar vern i Noreg

Scholars at Risk Norway feira i går  tiårsjubileet i Gamle festsal på Universitetet i Oslo. I salen sat både Raha Sabet Sarvestany frå Iran og Bernard Nthahiraja (biletet) frå Burundi, to av dei forfylgde forskarane som får vern på universitet i Noreg.

Ein mann med briller sit i ein festsal

DRAUM: – Det har vore ein draum for meg å koma til eit universitet der det er mogleg å publisera, utan å frykta sensur eller å driva med sjølvsensur, slik mine kollegaer i Burundi, som ikkje har vore like heldige som meg, driv med, fortel Bernard Nthahiraja. Han er ein av dei forfylgde forskarane Scholars at Risk Norway har skaffa vern til i Noreg.  

Foto: Martin Toft

Både UiO-rektor Svein Stølen og rektor for Universitetet i Agder Sunniva Whittaker var mellom dei som deltok under markeringa av tiårsjubileet til Scholars at Risk Norway.

Dette er Scholars at Risk Norway:

- starta i 2011 som norsk avdeling av Scholars at Risk som har hovudkvarter i New York, og blei starta i 2001. 

- har verna 50 akademikarar frå 13 land i dei ti åra den har eksistert i Noreg.

- alle dei norske universiteta er medlemar. Forskarforbundet er støttemedlem.

- Karen-Elise Knudsen er styreleiar for Scholar at Risk Norway. 

- grunnleggjaren av Scholars at Risk, Robert Quinn fekk UiOs menneskerettspris i 2012.

(Kjelder: Scholar at Risk Norway, Uniforum)

I talen sin trekte Svein Stølen fram hjerneforskaren og polarhelten Fridtjof Nansen som blei kjent for å ha redda mange flyktningar frå døden etter Den første verdskrigen, for å ha etablert Nansen-passet og for å ha tatt initiativet til Folkeforbundet.  For dette arbeidet fekk han Nobels fredspris. 

– Neste år er det 100-årsjubileum både for Nansen-passet og for fredsprisen han blei tildelt, peika rektor Svein Stølen på. Han viste til at Scholars at Risk og initiativtakaren Robert Quinn har fylgt opp dette arbeidet med å hjelpa forfylgde forskarar med å finna trygge tilfluktsstader i sikre land. 

– Det arbeidet blei Robert Quinn heidra for ved å bli tildelt UiOs menneskerettspris i 2012, ein pris som vart grunnlagt av ekteparet Leo og Lisl Eitinger som sjølve kom til Noreg ved hjelp av Nansenpasset på flukt frå nazi-Tyskland, sa Svein Stølen.

Han trekte også fram den vanskelege situasjonen i Afghanistan etter at Taliban kom tilbake til makta i august.

– Derfor har me bestemt at me vil gi to forfylgde afghanske akademikarar vern på UiO, fortalde han. 

– Svært uroa

Også statssekretær Therese Eia Lerøen i Kunnskapsdepartementet kom med ei helsing til jubilanten.

– Det er stadig fleire åtak på akademikarar over heile verda. Me er svært uroa over det. Det er svært viktig at forskinga er fri, open og har høg kvalitet.  Akademisk fridom er no på toppen av både den nasjonale og internasjonale agendaen. Og det blir tatt steg i riktig retning, meinte ho.

Hovudrolla under tiårsmarkeringa for Scholars at Risk Norway var det likevel dei forskarane som har fått vern i Noreg som spela.  I ein eigen video fortalde dei korleis vernet frå Scholars at Risk Norway både hadde redda dei frå forfylging og også gitt dei eit nytt liv som forskarar.

TI ÅR: Statssekretær Therese Eian Lerøen helsa jubilanten frå Kunnskapsdepartementet under markeringa av tiårsjubileet for Scholars at Risk i Gamle festsal på Universitetet i Oslo. 

Menneskerettsaktivist i  Iran

Ei av dei som deltok i videoen, var Raha Sabet Sarvestany frå Iran.  Før markeringa starta, hadde Uniforum ein samtale med henne.

– Eg var menneskerettsaktivist i Iran under regimet til tidlegare president Mahmoud Ahmadinejad, og det var ein frykteleg vanskeleg situasjon å vera i. Derfor blei eg arrestert og sat i fengsel i byen Shiraz. Der sat eg heilt åleine i ei fengselscelle i fire år. Eg var heldig, for eg fekk inn bøker og skrivepapir og kunne begynna å skriva ting for å driva sjølvstudium, fortel ho. 

– Så bad eg mora mi om å senda meg bøker som var sett opp som referanse i dei første bøkene eg fekk.  Medan eg var der, begynte eg å skriva artiklar om bøkene eg hadde lese.  Då eg kom ut av fengelet klarte eg å smugla ut det eg hadde skriva gjennom å skjula papira under kleda mine.  Og til slutt kunne eg publisera det eg hadde skrive på farsi. Men det gjorde at det blei endå vanskelegare å få ein jobb. Eg hadde master i sosiologi, og til slutt fekk eg tilbod om få avslutta doktoravhandlinga mi med ein forskar i India, fortel ho til Uniforum. 

FIRE ÅR I FENGSEL: Rahat Sabet Sarvestany sat fire år åleine i ei fengselcelle i Shiraz i Iran, før ho første gong kunne forlata heimland. No har ho fått vern på Det teologiske fakultetet ved Universitetet i Oslo. 

Yrkesforbod for å tilhøyra trussamfunnet Baha'i

Etter at ho kom til India kom rettleiaren hennar i ein krangel med universitetsrektoren der, og dermed blei det ikkje lenger mogleg for henne å vera der lenger.

– Til slutt fekk eg tilbod om å koma til University of Taiwan for å arbeida som postdoktor i ein periode. I 2017 tenkte eg det var på tide å venda tilbake til Iran, og eg sende inn jobbsøknad til eit universitet i hovudstaden Teheran.  Dei var veldig glade då dei såg at eg hadde forska på kjønn og kultur og om sexslavar under krig.  Etter to veker sa dei at dei likevel ikkje kunne tilsetja meg sidan eg tilhøyrde trussamfunnet Baha’i. Sidan eg også hadde vore i fengsel var namnet mitt framleis på svartelista til styresmaktene i Iran, seier ho.

Seinare fekk ho jobb på ein internasjonal skule i Teheran, men også der måtte ho slutta fordi ho tilhøyrde trussamfunnet Baha’i.  Det førte til at ho tok kontakt med Scholars at Risk.

 – Dei intervjua meg på Skype og lova at dei skulle sjå om eg kunne bli ein av dei som dei kunne gi vern. Eg var så heldig at eg blei akseptert og kunne få vern på Universitetet i Oslo. Der  kunne eg jobba som forskar ved Det teologiske fakultetet. Så eg begynte å lesa religiøse tekstar. Det var faktisk  ein god stad for å kunna læra endå meir.

– Så du er nøgd med opphaldet ditt der?

– Ja, og seinare har eg fått i oppdrag frå dekanen å undervisa studentane i islam og kjønn.  Då fekk eg høve til å høyra med studentane kva dei synest om det norske samfunnet og kva dei synest om det islamske regimet i Iran, seier ho begeistra.  

No har ho fått forlengja kontrakten med eitt år. 

– Det året skal eg bruka til å skriva ei bok basert på doktoravhandlinga mi, fortel ho.

– Og eg er svært glad for den varme velkomsten eg har fått av kollegaer og andre tilsette på fakultetet, legg ho til.

– Fekk problem på grunn av forskinga

Ein av dei andre forfylgde akademikarane som no har fått vern i Noreg, er Bernard Nthahiraja frå Burundi. Han kom til Noreg for tre år sidan, og då var kriminologen og juristen først ved forskingssenteret PluriCourts og seinare ved Norsk senter for menneskerettar på Det juridiske fakultetet. No har han flytta over til ei forskarstilling ved Universitetet i Søraust-Noreg i  Drammen, men han bur framleis i Oslo. Også han tirra dei politiske styresmaktene i  heimlandet Burundi så sterkt at han måtte søkja Scholars at Risk om å få koma under vern. 

– Ved Universitet i Burundi arbeidde eg i ti år med kriminologi og menneskerettar. Eg fekk problem med styresmaktene på grunn av den forskinga eg heldt på med.  Det var mange menneskerettsbrot i landet frå 2015 og utover.

– Og då måtte du forlata landet?

– Ja,det var mange forsøk på å audmjuka meg, og eg fekk mange trugsmål frå etterretningstenesta om at dei ville ta livet av meg. Før eg kom til Noreg måtte eg forlata byen eg budde i. Då eg fekk trugsmål, tok eg kontakt med Scholars at Risk i Belgia der eg hadde tatt ph.d.-graden min. Så fekk eg til slutt vern på Universitetet i Oslo.

– Korleis har det vore for deg?

– Først og fremst har det vore ei stor lette igjen å kunna jobba trygt og å kunna halda fram med forskinga mi. Eg har også fått høve til å undervisa, noko eg likar svært godt.  Det har vore ein draum for meg å koma til eit universitet der det er mogleg å publisera utan å frykta sensur eller å driva med sjølvsensur slik mine kollegaer i Burundi, som ikkje har vore like heldige som meg, driv med. Dei kan heller ikkje skriva eller snakka fritt. Derfor forstår eg dei, seier han til Uniforum.

No arbeider han ved Universitetet i Søraust-Noreg i Drammen.

– Der underviser eg i menneskerettar. 

Bernard Nthahiraja har ingen tru på at han kan dra tilbake til heimlandet på ei lang stund enno.

– Eg håpar det sjølvsagt. Men det finst eit arabisk ordtak som seier at håp er ein sjukdom som ein ikkje vil bli kurert for. Eg hadde håp ein gong, så sant dei førre vala hadde vore opne og demokratiske. Det var dei ikkje. For å vera realistisk så ser eg ikkje mykje håp om det akkurat no, sjølv om eg gjerne vil bidra akademisk i heimlandet mitt, seier Bernardo  Nthahiraja frå Burundi.

– Vil  koma til å reprodusera regimet dei gjorde opprør mot

Hovudinnleiaren under tiårsmarkeringa  var den tidlegare rektoren ved Central European University Michael Ignatieff. Universitetet låg tidlegare i Ungarns hovudstad Budapest, men på grunn av propagandaen mot stiftaren George Soros frå statsminister Victor Urbán og regjeringspartiet måtte heile universitetet flytta til Wien. Og det er der den tidlegare rektoren held til då me intervjuar han på zoom. Han er uroleg for situasjonen i Ungarn.

 

ÅTVARA MOT OVERVAKING: Den tidlegare rektoren ved Central European University i Budapest, Michael Ignatieff åtvara mot overvaking frå etterretningstenester frå autoritære regimer utfører av sosiale medium for å føra kontroll med studentar og forskarar frå autoritære land legg ut medan dei trur dei er trygge. (Skjermdump frå zoom)

– Framtida for den akademiske fridomen vil vera i svært store problem i Ungarn. Statsminister Victor Urban er opptatt av å vinna parlamentsvalet i mai neste år. Det er faktisk ein god sjanse for at han ikkje vil vinna, for opposisjonspartia har for første gong danna ein effektiv kombinasjon. Men om han vinn, vil konsolideringa av statleg styring over alle institusjonar i Ungarn ha nådd sin naturlege konklusjon. Det vil seia at  ei rørsle som begynte som ein opposisjon til Kommunistpartiet og styret til Kadar-regimet, i 2023 eller 2024 vil ha reprodusert det regimet som dei gjorde opprør mot. Det er både eit tragisk og ironisk resultat for Ungarn, fortel Michael ignatieff til Uniforum på zoom frå Wien.

• Les meir i Uniforum: Over 50 000 demonstrerte til støtte for universitet i Ungarn

– Ironisk og tragisk

– No har Central European University som du var rektor for, flytta til Wien, medan det kinesiske universitetet Fudan University er i gang med planar om å byggja eit heilt nytt universitet i Budapest trass i protestar frå mange ungararar. Kva synest du om det?

– Det er ironisk og tragisk at eit land som er med i EU, kastar ut ein institusjon som er akkreditert på høgaste nivå av amerikanske styresmakter, og som var vurdert som den beste institusjonen av sitt slag i Ungarn, og erstattar den med ein kinesisk institusjon, uansett kva merittar den kan skilta med. Og eg vil ikkje koma med noko form for antikinesisk fobi, men akkurat dette universitetet har fått sin autoritet frå Kinas kommunistparti. Det som er heilt sikkert er at når dei underviser i statsvitskap i Budapest i åra som kjem, vil det ikkje koma eit einaste negativt ord om Kinas politikk eller Ungarns politikk. Derfor er det ein svært alvorleg situasjon for den akademiske fridomen i Europa, understrekar han. 

• Les meir i Uniforum:  Ungarns statsminister gjer kuvending om kinesiske universitetsplanar

Og han åtvarar mot at Noreg eller andre land trur dei vil gå fri, sjølv om dei ligg langt frå Ungarn.

– Etableringa av eit komplett kinesisk universitetscampus på europeisk jord og fylgjene av det kan bli eit alvorleg trugsmål mot akademisk fridom på heile kontinentet, seier ein svært uroa Ignatieff.

Han har heller ingen tru på at Central European University kan venda tilbake til Ungarn ein gong i framtida.

– Det er svært usannsynleg. Me er no i Wien og har fått ein varm velkomst frå dei austerrikske styresmaktene, fortel han.

Overvakar sosiale media

Michael Ignatieff har også observert at etterretningstenester frå autoritære statar no tar i bruk nye metodar for å kunna halda kontroll med studentar som kritiserer styresmaktene i heimlandet. Han viser til eit døme frå den tida Central European University framleis var i Budapest. 

– Då hadde me ein dyktig og sympatisk mannleg student frå Egypt. Då han drog tilbake til Egypt for å gjera ferdig mastergraden sin, blei han arrestert på flyplassen og dømt til fire års fengsel. Grunnen var at han hadde skrive noko kritisk om egyptiske styresmakter på sosiale media.  Det er ei uhyggeleg og dyster utvikling. For om egyptarane gjer det, vil både Kina, Tyrkia og Russland gjera det.  Desse etterretningstenestene frå autoritære regime overvakar altså det som både studentar og forskarar frå landa deira legg ut på sosiale media uavhengig av kvar dei er. Det er eit heilt nytt fenomen som me bør vera svært uroa over, fortel han til Uniforum. 

Ignatieff kjem også med ei oppfordring til alle universitet i velståande land.

 – Sørg for god finansiering av Scholars at Risk, og gjer det lettare for forfylgjde forskarar å få driva forsking innanfor universitetsstrukturen vår, ber han om.

–Viktigast å få universiteta med på dugnaden

Medan Scholars at Risk blei starta i New York for tjue år sidan, blei den norske avdelinga først oppretta i 2011.

 

MEIR BRUK FOR OSS NO: – Det som er litt deprimerande  å sjå, er at det er endå meir bruk for oss no enn for ti år sidan, seier Karen_lise Knudsen som er styreleiar for Scholars at Risk Norway.

Karen-Lise Knudsen, styreleiar for Scholars at Risk Norway, og avdelingsdirektør ved Universitetet i Agder, synest den gode mottakinga frå dei akademiske institusjonane i Noreg frå året dei begynte, er det viktigaste som har skjedd.

– Å få universiteta til å vera med på den dugnaden det er å ta imot utsette forskarar, det var det viktigaste i starten. Det arbeidet har vakse sidan starten, seier ho til Uniforum.

Knudsen synest utviklinga for akademia internasjonalt går feil veg.

– Det som er litt deprimerande å sjå, er at det er endå meir bruk for oss no enn for ti år sidan.

– Så forholda for forskarar i verda har ikkje blitt betre med åra?

– Etter murens fall trudde me at tinga skulle gå i riktig retning, men så har me sett at nokre land igjen går i autoritær retning.

Afghanistan har gitt masse ekstra arbeid

– Dei forskarane som treng vern i dag, kjem dei frå andre stader enn dei forskarane som hadde behov for vern i starten?

– Rett etter at me starta opp, begynte krigen i Syria og ikkje minst Den arabiske våren som ein liten opptur, før den blei ein nedtur. Samtidig har det kome nye kriser som krev ein ekstra innsats, til dømes Jemen, og no ikkje minst Afghanistan. Der har det vore ei svær mobilisering hos norske universitet. Dei har stilt opp og lova ei dobling av plassane viss me klarar å få ut nokon av dei ut frå Afghanistan. Scholars at Risk i New York fekk på grunn av det fleire søknader i løpet av ei veke enn dei normalt får på eit heilt år. Av 700 som hadde søkt, har kanskje 10 prosent av dei kome ut av landet, fortel ho til Uniforum.  

Knudsen er ikkje heilt nøgd med den økonomiske støtta SAR Norway har fått.

– Me treng meir midlar for å kunna veksa og gjera ein betre jobb. Både rektorar og norske styresmakter stiller opp med stor velvilje når me har spurt og trengt meir støtte.  Og den siste gongen me søkte, fekk med pengar frå Kunnskapsdepartementet, fortel ho.

Knudsen fortel at det dei siste åra er blitt mykje større merksemd rundt omgrepet akademisk fridom. 

– Då  me starta, handla det mest om fridomen til å velja forskingstema og å bruka opne kjelder. No handlar det meir om akademisk ytringsfridom, og også her i Norden må me passa på at ikkje styresmaktene blandar seg inn i og prøver å styra forskinga. Så langt har norske styresmakter vore tydelege og bra på dette, synest Karen-Lise Knudsen.

• Les meir om akademisk fridom i Uniforum: 

Biokjemiforskaren Eqbal Mohammed Abdu Dauqan måtte flykta frå Jemen

Forfylgde forskarar meiner dei blir tatt godt vare på ved europeiske universitet

Noreg støttar global avtale for akademisk fridom

Svein Stølen: – Me tar opp akademisk fridom med kinesiske styresmakter

Guri Melby: - Viktig at verdsopinionen engasjerer seg i demonstrasjonane i Hongkong

UiO-forskar Idil Eser risikerer 15 år i tyrkisk fengsel

Menneskerettsprisvinnar Isthar Gözaydin forsvarte demokratiet konfrontert med Tyrkias ambassadør

På flukt for å ha kjempa for akademisk fridom

Akademisk frihet i Kina: Ny lov forbyr "krenking"av martyrer"

Iselin Nybø: - Tok opp akademisk frihet i Kina

Ishtar Gözaydin blei frifunnen  i Tyrkia

Emneord: Akademisk fridom, Akademisk frihet, Menneskerettar, Iran, Afrika, Ungarn, Kina Av Martin Toft (tekst og foto)
Publisert 22. sep. 2021 23:13 - Sist endra 24. sep. 2021 01:35
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere