Biokjemiforskaren Eqbal Mohammed Abdu Dauqan måtte flykta frå Jemen

– Eg har sett nær familie, studentar og forskarkollegaer bli drepne i bombeåtak i heimbyen min.  Det seier forskaren Eqbal Mohammed Abdu Dauqan frå Jemen. No lever ho under vern på UiO med hjelp frå Scholars at Risk.

Ei kvinne står og leitar etter ei bok ved ei bokhylle i eit bibliotek

I KRISTIANSAND: Den første tida i Noreg var Eqbal Mohammed Abdu Dauqan under vern på Universitetet i Agder i Kristiansand. På biletet er ho på universitetsbiblioteket. 

Foto: Privat

Då borgarkrigen starta i 2015 i Jemen, opplevde biokjemiforskaren Eqbal Mohammed Abdu Dauqan frå Taiz University at nære familiemedlemar blei drepne. Også studentar og kollegaer blei drepne eller såra i i kampane mellom dei to frontane i krigen, Houthi-rørsla og regjeringshæren støtta av mellom andre Saudi-Arabia. 

Fekk vern i Malaysia og i Noreg

Den vanskelege situasjonen førte til at ho måtte ta kontakt med ein organisasjon som arbeidde for rettsvernet til akademikarar. Dei gav henne først tilflukt i Malaysia, der ho var i to år før ho kom under dei vernande vengene til Scholars at Risk. Det førte henne vidare til Noreg og Universitetet i Agder.

I sommar fekk ho eit to år langt opphald på Avdeling for ernæringsvitskap på Universitetet i Oslo. Den same dagen ho kom til Oslo gifta hos seg også med kjærasten sin som også kjem frå Jemen og bur saman med henne i Oslo. Sjølv om ho har det fint, uroar situasjonen i Jemen henne kvar einaste dag.

SLUTT PÅ KRIGSHANDLINGAR: – Den norske regjeringa kan ta kontakt med andre ansvarlege politiske statsleiarar rundt omkring i verda for å få slutt på krigshandlingane i Jemen, føreslår biokjemiforskaren Eqbal Mohammed Abdu Dauqan frå Jemen. Ho er no under vern på Universietet i Oslo. (Foto: Privat)

Såg folk døy

– Eg var der sjølv i åtte månader etter at krigen starta i 2015. Situasjonen var svært vanskeleg. Det var tøft for ein akademikar å halda seg heime, redd og stressa, deprimert og utan lønn og utan høve til å gå på arbeid, det var utruleg vanskeleg. Det var slik eg hadde det, før eg måtte forlata Jemen, fortel Eqbal Douqan i eit intervju med Uniforum på Zoom.

– Krigen starta først opp i hovudstaden Sana’a  før krigshandlingane kom til byen min Taiz i mars 2015. Det kom soldatar til området der med budde og me måtte flykta til ein annan bydel som skulle vera tryggare. Sjølv om me hadde kome til eit område som låg utanfor der bombene fall, kunne me  likevel ikkje føla oss trygge der. Det var flyalarmsirener og drønn og skrall frå krigshandlingane heile tida og me var redde, fortel Douqan. Men det verste for henne var alle dei døde. 

 – Eg har sett nær familie,venner, studentar og forskarkollegaer bli drepne i bombeåtak i heimbyen min, seier ho trist.

Etter åtte månader  med krig blei ho redda av ein organisasjon som hjelper akademikarar i fare.  Det var organisasjonen Scholars Rescue Fund.  Det førte til at ho kunne få eit lengre opphald i Malaysia. Seinare kom ho til Universitetet i Agder under vern av Scholars at Risk, før ho altså til slutt kom til Universitetet i Oslo. 

– No forskar eg på ernæring og matvitskap på Avdeling for ernæringsvitskap på Det medisinske fakultetet, fortel ho. 

• Les i Uniforum: Akademikarar og studentar er blitt målskiver i Jemen

– Vanskeleg situasjon

Men ho gløymer aldri den daglege kontakten med akademikarar i Jemen.

– Eg har heile tida hatt kontakt med forskarkollegaene mine i Jemen.  Dei er i ein svært vanskeleg situasjon. Og eg kan fortelja om erfaringane til min ph.d.-student i Jemen.  Ho møtte svære utfordringar under ph.d.-løpet sitt. Det var ofte straumbrot på universitetet.. Derfor måtte ho skaffa seg sitt eige solcellepanel, slik at ho kunne bruka laboratoriet på universitetet i alle fall to timar for dagen, seier Eqbal Mohammed Abdu Dauqan. 

Ho forklarar at innanfor kjemi er det viktig med laboratorietestar, og då måtte ph.d-studenten hennar halda på i mellom to og tre veker for å få det korrekte resultatet.

Held kontakt med What’sApp

– Av og til hadde straumen gått medan eksperimentet var i gang, og då måtte ho begynna på nytt igjen. Alle eksperimenta brukar mange kjemiske middel, og ho måtte ofte kjøpa dei inn med sine pengar frå si eiga lomme. Internettsambandet er også svært dårleg. Derfor kan ho ikkje senda oppgåvesvara sine til meg på epost. Nei, ho må ta bilete av dei med mobilkameraet og senda dei til meg via What’s App.  Og så må eg retta oppgåvene for hand, fotografera dei og senda dei tilbake via What’s App. Det er lettare enn å bruka epost, fortel ho. 

Doktorstudenten hennar klarte likevel å bli ferdig.

– Ja, eg er mektig imponert over henne og at ho fekk fullført doktorgraden sin i fjor. Både eg og dei andre rettleiarane hennar bur utanfor Jemen. Men ho er flink og dyktig og me har hjelpt henne til å få publisert vitskaplege artiklar i forskingstidsskrift og har finansiert det for henne, fortel Dauqan. 

– Positivt overraska

Då Eqbal først fekk vita at ho skulle til vinterlandet Noreg, var ho redd for kva som ville venta henne av kulde og snø sidan ho var vand til sol og varme både frå Jemen og Malaysia.

– Eg blei positivt overraska. For eg blei tatt imot på flyplassen i Kristiansand og tatt med til eit fint husvære og forskarkollegaene mine på Universitetet i Agder heldt heile tida god, sosial kontakt med meg.  No har eg flytta til Oslo, og blitt godt mottatt, sjølv om me stort sett heile tida møter kvarandre på digitale møte på grunn av pandemien. Men forskarkollegane mine i Kristiansand er familien min i Noreg, i tillegg til mannen min her i Oslo, seier ho nøgd.

Og ho set også pris på måten ho er blitt tatt imot på av Universitetet i Oslo.

– Ja, absolutt, eg har fått husvære og fått ein fin arbeidsplass på Det medisinske fakultetet, fortel ho. 

Håpar på fred i Jemen

No håpar ho at det ein dag blir mogleg å skapa fred mellom dei stridande partane i heimlandet Jemen.  Men då må andre land og institusjonar pressa dei til forhandlingsbordet.

– Eg håpar inderleg at krigen snart tar slutt i Jemen. Det kan hende det tar lang tid eller kort tid. Eg veit ikkje. Men det bør skje for folket i Jemen si skuld. Den norske regjeringa kan ta kontakt med andre ansvarlege politiske statsleiarar rundt omkring i verda for å få slutt på krigshandlingane i Jemen. Noreg har jo ansvaret for å tildela Nobels fredspris, så dei bør gjera ein innsats for å skapa fred i Jemen, er oppfordringa frå den landflyktige forskaren Eqbal Mohammed Abdu Dauqan.

 

 

Emneord: Akademisk frihet, Menneskerettar, Midtøsten Av Martin Toft
Publisert 20. nov. 2020 23:31 - Sist endra 20. nov. 2020 23:53
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere