Akademikarar og studentar er blitt målskiver i Jemen

Studentar og universitetslærarar i Jemen er blitt drepne og skadde under den fem år lange borgarkrigen. No set “Scholars at Risk” fokus på brota på akademisk fridom og menneskerettane i det borgarkrigsherja landet.

Bygningar i ruinar i Jemen etter eit bombeåtak

BOMBA: Desse bygningane blei trefte av bomber frå saudiarabiske jagarfly.

Foto: Felton Davis/flickr

Det var i går Scholars at Risk la fram årsrapporten sin “Free to Think” under ein digital konferanse. Den viser at mellom 1.september 2019 og 31.august 2020 var det 341 åtak på høgare utdanningsinstitusjonar i 58 land. Tala byggjer på data som er henta inn frå Scholars at Risks eige Academic Freedom Monitoring Project.

Jemen: 

Folketal: 28,2 millionar 

Areal:  555 000 km²[

Hovudstad: Sana

Aktuelt: Fem år lang borgarkrig har ført til 100 000 døde

Studentar og akademikarar er blitt målskiver og universiteta er blitt ramma av krigshandlingar

Akademisk fridom eksisterer ikkje lenger. Fleire akademikarar ber om vern i utlandet. 

Den shia-islamske Houthi-rørsla kontrollerer hovudstaden Sana og får støtte frå Iran

I sør er landet delt mellom separatistar som kontrollerer Aden og ei saudiarabiskstøtta regjering.

Den saudiararbiskleia militæralliansen får våpen både frå USA. Storbritannia og Frankrike.

Noreg har selt våpen til landa i alliansen, men det er enno ikkje prov på at dei er brukte i krigen. 

Houthi-rørsla får truleg våpen frå Iran. 

8 millionar innbyggjarar lever på svoltegrensa

3 millionar er flyktningar

25 millionar er avhengige av humanitær hjelp

(Kjelder: Scholars at Risk, Wikipedia, NRK, Folk og forsvar, WHO/FN) 

Dei viser at det har vore valdelege åtak på utdanningsinstitusjonar både i Afghanistan, India og i Jemen, samtidig som fengsling av akademikarar på feil grunnlag og rein forfylging har vore dei mest vanlege metodane som har vore brukte av styresmaktene i Israel, og Tyrkia, medan akademikar har vore utsette for zoombombing  frå meiningsmotstandarar i USA. Studentane har vore under størst press i Colombia, Kina og i dei okkuperte palestinske territoria og i Sør-Afrika, går det fram av rapporten.

Direkte juridiske og administrative trugsmål mot det akademiske sjølvstyret til universiteta, har det vore flest tilfelle av i Brasil, Ghana, Polen, Romania, Russland og Tyrkia. Også undertrykkinga av ytringsfridomen til demonstrerande studentar både i Kina og Hongkong er rapporterte inn til Scholars at Risk.

100 000 drepne 

Denne gongen er det altså Jemen som får spesiell merksemd i årsrapporten frå Scholars at Risk. I den fem år gamle borgarkrigen har 100 000 menneske mista livet, og i dag treng fire av kvar femte innbyggjar livsnødvendig hjelp i landet med 25 millionar innbyggjarar. All infrastruktur i landet har bokstavleg talt falle i grus.

Krigen har også gått svært hardt utover dei høgare utdanningsinstitusjonane i landet. Både studentar, universitetslærarar og administrativt tilsette er blitt drepne og skadde. Både universitet, bibliotek, kulturelle minnesmerke og den akademiske infrastrukturen er blitt øydelagde eller alvorleg skadde, og det har skapt ei kjensle av utryggleik i heile samfunnet når det gjeld tilgang til høgare utdanning og akademiske aktivitetar.

Arresterte studentar og universitetslærarar

På mange universitet har åtak på og plasseringa av væpna styrkar underminert retten til utdanning, akademisk fridom og institusjonell autonomi. På nokre universitet har Houthi-styrkar tatt kontroll over aktivitetane og blanda seg inn i undervisninga og andre akademiske aktivitetar, går det fram av rapporten. Både studentar og universitetslærarar er blitt arresterte eller oppsagte på grunn av at dei har vore kritiske til autoriteten til Houthi-gruppene.

Scholars at Risk trur at mangelen på pressefridom og internettsamband saman med frykt for represaliar mot offera, gjer det vanskeleg å få til ein rapport om åtak spesielt retta mot institusjonar og enkeltpersonar. Derfor er det vanskeleg å gi eit heilt nøyaktig oversyn av den samla verknaden krigen har hatt på dei høgare utdanningsinstitusjonane, står det i rapporten.

• Les i Uniforum: Biokjemiforskaren Eqbal Mohammed Abdu Dauqan måtte flykta frå Jemen

Også stadige straumbrot, fattigdom og mangel på mat og naudsynte medisinar har øydelagt heile samfunnet og også råka forsking og tilgangen til utdanning. Universitetslærarar over heile landet har ikkje fått lønna si, noko som gjer at familiane blir endå fattigare, svoltne og må kjempa for å overleva. Nokre av dei har til og med begynt å selja det narkotiske stoffet khat for å spe på inntekta si, trekkjer rapporten fram.

Mange hundre har bede om vern

Koronapandemien har gjort krisa mange gonger større, og slik har den ete opp landet sine avgrensa ressursar, og den har også øydelagt den akademiske aktiviteten.

Mange hundre universitetslærarar i Jemen har bede Scholars at Risk om å ta dei under sine vernande venger på ein akademisk institusjon i eit land som ville vera trygt for dei.

Scholars at Risk peikar på at dersom ikkje partane forpliktar seg til å avslutta konflikten og verna høgare utdanning mot åtak saman med assistanse frå det internasjonale samfunnet til å støtta truga universitetslærarar, studentar og utdanningsinstitusjonar, ja då risikerer Jemen å mista ein heil generasjon av universitetslærarar, forsking og det sosiale framsteget som er ein konsekvens av kvalitet i høgare utdanning, skriv Scholars at Risk i årsrapporten 2020.

Universiteta er blitt militære mål

Når det gjeld Jemen, viser dei til at soldatar på begge sider av konflikten har inntatt universitetsområda som dermed har blitt mål for fienden sine militære styrkar. Ikkje minst har flyåtaka frå den saudiarabiskleia alliansen SLC øydelagt mange akademiske institusjonar.

I fylgje Jemen Data Project har akademiske institusjonar vore råka av 133 flyåtak sidan 2015. Både Aden University, Sana University og Taiz University har vore blant desse krigsmåla. Houthi-styrkane har også gjort om ein universitetsbygning til ein samlingsplass for krigsfangar.

Det har også vore tilfelle av artilleriskyting og maskingeværeld retta mot infrastrukturen til høgare utdanningsinstitusjonar i Jemen. Dette har ført til at både studentar og universitetslærar er blitt drepne, men også til stenging av universitetsområde, øydelegging av laboratorium og undervisningsrom. Mange studentar og universitetslærarar utviklar traume.

Arresterte universitetsleiar

Houthi-styrkane arresterte i november 2019 fleire studentar på Sana University for å ha danna ei opposisjonsblokk og for å ha kome med kritiske kommentarar om houthiane. Studentar som støtta houthi-soldatane rapporterte og overvaka medstudentar på vegner av houthi-aktivistane.

Den 25. januar i år arresterte houthi-aktivistar Dr Hamid Aqlan som var øvste leiar for University of Science and Technology saman med ein av dei administrative tilsette. Dei skulda han for å ha smugla universitetet og sjukehuset sine finansielle og elektroniske ressursar til dei private eigarane av universitetet i Aden. Han blei først slept fri, men seinare arrestert igjen. Då rapporten til Scholars at Risk blei skriven, sat han framleis i fengsel.

Houthi-aktivistar har også innført ideologien og talane til leiarane for Houthi-rørsla som ein del av pensum på universiteta i områda dei kontrollerer. Akademikarar som er kritiske til Houthi-rørsla, får sparken og blir erstatta med akademikar som er i familie med eller sympatisørar av Houthi-rørsla,eller for at dei er tilhengjarar av Zaidiyyah-sekta i Shia-islam, går det fram av Scholars at Risk sin årsrapport.

Zoombombing i USA

Etter at koronapandemien førte til at mange universitet måtte stengja, og opptil 1,5 milliardar studentar ikkje lenger kunne møta fysisk på lærestaden, byrja dei med digital undervisning og digitale møte. Ofte brukte dei den digitale plattforma Zoom.

Det førte også til at akademikarar i USA som heldt på med eit tema som var omstridd, blei zoombomba med rasistisk, antisemittisk eller pornografisk innhald. I USA gjekk det som regel utover dei som held ein disputas med den afrikansk-amerikanske mannen, LHBTIQ-personar eller om kvinnerettar. Ofte stod organisasjonar langt ut på høgresida bak, står det i rapporten.

Kina bad den som varsla om koronaviruset koma til avhøyr

Det var i Hubei-provinsen i Kina meldingane om koronaviruset først dukka opp. Mellom dei som varsla om viruset var augelegen Li Wenliang. Allereie i slutten av desember 2019 åtvara han kollegaene sine om fleire infeksjonar som skuldast eit nytt koronavirus. Han blei kalla inn til eit offentleg tryggingskontor og skulda for å ha spreidd rykte. Seinare døydde han sjølv av korona.

Også jussprofessor Xu Zhangrun på Tsinghua-universitetet, eit universitet som er samarbeidspartnar med Universitetet i Oslo, blei plassert i husarrest etter å ha skrive ein kritisk tekst om dei kinesiske styresmaktene si handtering av Covid-19. Han skulda president Xi Jinpings regjering for den nasjonale fallitten i arbeidet mot koronavirusutbrotet.

Etter at styremaktene kom med fleire usanne skuldingar mot han, blei han til slutt sett endeleg fri i juli i år. Like etterpå kom det melding om at han hadde fått sparken frå stillinga si som jussprofessor ved Tsinghua-universitetet. Rapporten “Free to Think” presenterer også fleire liknande tilfelle av akademikarar som har blitt arresterte etter at dei hadde kritisert dei kinesiske styresmaktene sine mislykka tiltak mot spreiing av koronaviruset.

Ber verdssamfunnet  krevja full akademisk fridom i Tyrkia

NATO-landet Tyrkia vert også sterkt kritisert i rapporten. Den viser til at undertrykkinga av akademikarane begynte i landet etter at over 200 av dei skreiv under på kampanjen “Academics for Peace” i januar 2016. Då oppfordra akademikarane til at det måtte bli slutt på krigshandlingane i områda der kurdarane held til.

Etter kuppforsøket i 16. juli 2016 kom regjeringa til president Recep Tayyip Erdogan med fleire skuldingar mot akademikarar og mellom 2016 og 2018 mista over 6018 av dei jobbane sine etter å ha blitt skulda for “å ha tilknyting til ein terroristorganisasjon.” Samla var det truleg nærmare 130 000 akademikarar som hadde mista jobbane sine, for over 126 300 av dei anka avgjerder i rettsvesenet opp til ein høgare rettsinstans. Berre 11,3 prosent av dei vann fram.

Sjølv om konstitusjonsdomstolen i Tyrkia i juli 2019 slo fast at dei som skreiv under “Academics for Peace” i 2016 hadde full rett til å gjera det på grunn av grunnlovsparagrafen som gir dei full ytringsfridom, har ikkje avgjerda blitt tatt til fylgje av dei tyrkiske styresmaktene, ifylgje årsrapporten til Scholars at Risk.

No ber organisasjonen heile det globale akademiske samfunnet om å krevja full akademisk fridom før dei inngår samarbeid med tyrkiske institusjonar.

Les heile årsrapporten til Scholars at Risk “Free to Think 2020"

Emneord: Akademisk frihet, Menneskerettar Av Martin Toft
Publisert 20. nov. 2020 23:30 - Sist endra 20. nov. 2020 23:40
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere