Forfylgde forskarar meiner dei blir tatt godt vare på ved europeiske universitet

Forfylgde akademikarar er godt nøgde med dei tiltaka som er sette i verk for dei på vertsuniversitetet, medan vertsinstitusjonane er mest urolege for finansieringa. Det viser ei undersøking som Inspireurope har gjennomført.

UNDER VERN I NOREG: Den tyrkiske akademikaren  Ahmet Gürata er under vern ved ein norsk utdanningsinstitusjon. (Arkivfoto)

Undersøkinga er gjort blant forfylgde forskarar som har fått opphald på europeiske universitetet og blant dei ansvarlege på vertsinstitusjonane. EU-prosjektet Inpireurope har utført kartlegginga og funna blei presenterte for den europeiske universitetsorganisasjonen, European University Association den 3. november. UiO-rektor Svein Stølen var ein av innleiarane på den digitale møteplassen. Han hadde selskap av andre rektorar og av dei tilsette i Inspireurope som stod bak undersøkinga.

Dette viser undersøkinga:

- det store fleirtalet av akademikarar under vern er nøgde med særtiltaka for dei på vertsinstitusjonen

- forfylgde akademikar har størst utfordringar me å finna ein relevant jobb

- verstinstitusjonane er mest urolege for finansieringa av opphaldet til dei verna forskarane

- motivet deira for å ta imot forfylgde forskarar er det sosiale ansvaret og verdigrunnlaget deira

(Kjelde: Inspireurope)

Over halvparten av desse akademikarane synest særtiltaka dei har nytt godt av på vertsuniversitetet har vore svært gode. 29 prosent av dei tykkjer dei er litt midt på treet medan 21 prosent ikkje har lagt merke til at det finst noko særtiltak for dei der dei har fått opphald. Fleirtalet av dei spurte er også nøgde med nettportalar for forskarar og med særtiltak for flyktningar. Dei er mindre tilfredse med uformelle nettverk av fagfellar og nasjonale og lokale støttetenester, går det fram av undersøkinga.  

Den største utfordringa er å skaffa seg relevant jobb

Det er også blitt granska nærare på kva utfordringar dei forfylgde akademikarane og vertsinstitusjonane har. For akademikarane er den største utfordringa å finna ein jobb som svarar til den utdanninga og yrkesbakgrunnen dei har. 58 prosent av dei spurte meiner det er svært utfordrande, medan 26 prosent synest det er utfordrande.

Dette er Inspireurope:

- ein organisasjon som skal gi vern tll forfylgde forskarar i Europa

- etablert av Det europeiske forskingsrådet (ERC) og Scholars at Risk i 2019

- får rundt 1,5 millionar euro frå forskingsprogrammet Marie Sklodowaska Curie for å støtta dei verna forskarane økonomisk og skaffa dei relevante jobbar.

- hovudkvarteret ligg i ved Maynooth University i Irland. og blir koordinert av Scholars at Risk Europe.

(Kjelder: Uniforum og InSPIREurope)

Gode særtiltak

Berre seks prosent av dei gir opp at det ikkje er noko problem for dei. Om lag like mange tykkjer det er svært vanskeleg å finna ein jobb, uansett kva type jobb det er. Å finna ein jobb for ektemaken blir også lista opp som svært vanskeleg. Derimot oppgir dei mindre problem med å få godkjent den akademiske utdanninga si og med å få eit visum i vertslandet.

Eit sosialt ansvar

Når det gjeld verstinstitusjonane, er dei uroa for andre ting. 44 prosent av dei ser på mangel på tilgjengeleg finansiell støtte som ei utfordring, og 37 prosent av dei ser på det som ei stor utfordring. Berre 12 prosent oppgir at det ikkje er noko problem. Også legale hindringar blir oppgjevne som utfordrande eller svært utfordrande av eit stort fleirtal av institusjonane.

Undersøkinga viser også at eit stort fleirtal av desse universiteta tilbyr akademikarane kurs i det nasjonale språket, i tillegg til engelskurs og kurs i akademisk kompetanse og i forsking.

Institusjonane er også spurte om kva som er grunnen til at dei tar imot forfylgde akademikarar. 79 prosent av dei gir opp at grunnen er det sosiale ansvaret deira, medan 74 prosent nemner at det handlar om verdigrunnlaget til institusjonen.  

Undersøkinga har fått inn svar frå 127 vertsinstitusjonar, 8 av dei i Noreg og frå 113 forfylgde akademikarar. Dessutan er det kome inn 20 svar frå dei 16 organisasjonane som gir dei økonomisk eller rådgjevande bistand.

Dette er prosjektpartnarane som står bak inSPIREurope:

  • Scholars at Risk Europe, vertsinstiusjon Maynooth University, Irland (prosjektkoordinator)
  • Alexander von Humboldt-Stiftung, Tyskland
  • European University Association
  • Jagiellonian University, Polen
  • Universitetet i Oslo, Noreg
  • Göteborgs universitet, Sverige
  • French national PAUSE programme ved vertsinstitusjonen the Collège de France
  • Stichting voor Vluchteling-Studenten UAF, Nederland
  • Aristotle University of Thessaloniki, Hellas
  • Scholz CTC GmbH, Tyskland (Kjelder:inSPIREurope, UiO og Scholars at Risk

– Gler seg over sterke signal

Professor i medievitskap, Elisabeth Staksrud leier Scholars at Risk-komiteen på Universitetet i Oslo. Ho er svært nøgd med grunnane universiteta gir opp for å ta imot forfylgde akademikarar.

– Eg gler meg mest over dei sterke signala som kjem frå institusjonane – at ein støttar forskarar som har ein risikosituasjon fordi det vert opplevd som ein del av institusjonen sitt sosiale ansvar og verdigrunnlag. Dette ser me også på UiO, der fagmiljø og forskargrupper har ein tradisjon for å stilla opp og ta utfordringane med å ta imot forskarar på flukt når dei blir spurt, konstaterer ho.

– Korleis synest du engasjementet er frå universitetsleiarar og andre til å gjera noko for forfylgde akademikarar i og utanfor Europa?

– Mi oppleving er at engasjementet er stort – når ein først snakkar om forskarar på flukt, men at dette ikkje alltid vert snakka om. Me må derfor forsøka å skapa ytterlegare medvit om SAR (Scholars at Risk/Red.merknad) i alle relevante fora og på ulike nivå, også på UiO.

Håpar at UiO kan ta imot fleire

– Kva kan UiO læra av rapporten?

– Som det også vert peika på i rapporten, er det særleg mangel på finansiering som gjer at me ikkje kan ta imot forskarar som er på flukt. Dette gjeld også ved UiO. Me ynskjer derfor eit samarbeid med UiOs leiing for å sjå på moglegheitene for at me kan ta imot fleire forskarar enn det me gjer no. Behovet er dessverre ikkje blitt mindre dei siste åra, og det er no svært mange forskarar i verda som treng akademisk tryggleik, understrekar Elisabeth Staksrud. 

No lovar ho at komiteen ho leier skal sjå nærare på korleis dei kan sørgja for at desse forskarane får eit godt vern samtidig som dei får forska.

Dette er samarbeidspartnarane:

EuroScience

Scholars at Risk, Noreg Scholars at Risk ,Sveits University of Padova, Italia University of Trento, Italia Scholars at Risk Network 

(Kjelder:inSPIREurope, UiO og Scholars at Risk)

AUKA FOKUS: Me vil ha auka fokus på forskarar på flukt, seier professor Elisabeth Staksrud, som er leiar for SAR-komiteen ved UiO. (Foto: UiO)

– SAR-komiteen ved UiO vil sjå nærare på dei tiltaka ein kan setja inn for å sikra at forskarar som kjem til UiO gjennom SAR vert gjevne tryggleik og høve til å utøva forskinga si og re-etablera karrieren sin. I tillegg ynskjer me eit auka fokus på forskarar på flukt, og rapporten frå European University Association er med på å gjera dette, meiner Elisabeth Staksrud.

– Har kapasitet til å hjelpa fleire

Marit Egner er den som har jobba lengst med Scholars at Risk på Universitetet i Oslo. No er ho institusjonskoordinator for det arbeidet samtidig som ho er koordinator for EU-prosjektet Inspireurope. Det er den sistnemnde organisasjonen som står bak rapporten som viser at det er naudsynt å få på plass nye løysingar for dei forfylgde forskarane.

 

– No som fleire store land som Tyskland og Frankrike dei siste åra har kome med i arbeidet for truga forskarar. har me kapasitet til å hjelpa fleire i Europa. Men samtidig viser rapporten at det blir endå viktigare at desse forskarane får gode løysingar på lengre sikt, anten dei kan reisa tilbake eller må bli i Europa, peikar ho på i ein epost til Uniforum. Etter hennar meining, vert det viktig å få til gode tilbod for at forskarane kan utvikla karrieren sin på vertsinstitusjonen.


– Rapporten viser at forskarane sjølve er uroa for moglegheitene for å kvalifisere seg og få langsiktige jobbar etter det første opphaldet gjennom til dømes Scholars at Risk. Samtidig ser institusjonane at dei truga forskarane møter dei same utfordringane som andre forskarar, med hard konkurranse og mange mellombelse stillingar, men den som kjem frå ei konfliktsone har ofte større hol i CV-en og vert råka hardare av dei strukturelle utfordringane, trur ho og ser at UiO har ei klar oppgåve.

– Derfor må me jobba for å få til betre moglegheiter for karriereutvikling for dei SAR-forskarane me har på UiO og samtidig jobba med andre aktørar for å løysa dei strukturelle utfordringane for forskarar i fare. I Inspireurope-prosjektet jobbar me med EU-kommisjonen for å finna gode løysingar i Europa, blant anna  ei europeisk stipendordning, trekkjer Marit Egner fram.

Auka engasjement for forfylgde akademikarar

Sjølv har ho notert seg at engasjementet på universiteta for forfylgde akademikarar har auka dei siste fem åra.

– På UiO er leiinga engasjert både i arbeidet med akademisk fridom og spesifikt med å støtta forfylgde forskarar gjennom Scholars at Risk og studentaktivistar gjennom Students at Risk. I Norden og ein del andre europeiske land, er det mange institusjonar som har auka engasjementet over dei siste fem åra. Dette arbeidet krev engasjement frå leiinga. I Inspireurope-prosjektet, med partnarar i Polen og Hellas, jobbar me også aktivt med å få med fleire institusjonar i Sør- og Aust-Europa, fortel ho.

Vonar Kunnskapsdepartementet utvidar støtta

Marit Egner synest dei norske institusjonane gjer ein god innsats for dei forfylgde forskarane. Men ho håpar at Kunnskapsdepartementet kan auka støtta slik at det blir mogleg å verna fleire forskarar i Noreg.

– UiO tar imot fire truga forskarar kvart år, og fleire av dei andre norske institusjonane tar imot ein eller to årleg. Eit slikt nivå bør norske institusjonar liggja på. Det er andre institusjonar i Europa som tar imot litt fleire, men då med nasjonale stipendmidlar, seier ho.

Marit Egner viser til at Kunnskapsdepartementet støtta eit stipend over statsbudsjettet 2020, som har gitt moglegheit for eit forskingsinstitutt til å ta imot ein forfylgd forskar.

– Eg håpar KD kan utvida denne støtta, slik at fleire mindre organisasjonar og institusjonar også kan bli med og skaffa trygge moglegheiter for forfylgde forskarar. I Inspireurope-prosjektet og på UiO har me snakka om at me må kopla større arbeidsgjevarar og NHO på arbeidet, slik at me kan gi moglegheiter også utanfor akademia, der det er relevant, fortel ho.

Erfaringa til Marit Egner og andre som arbeider for forfylgde akademikarar er at det er like aktuelt no som før å skaffa dei vern. Ho viser også til rapporten som Scholars at Risk gir ut om to veker. For den 19. november lanserer organisasjonen rapporten “Free to Think 2020 på fleire webinar.

– Dessverre ser det ikkje ut til at det blir mindre behov for å støtta forskarar i fare, heller tvert imot. Rapporten gir informasjon om 195 åtak på høgare utdanning og forsking det siste året. I tillegg til det arbeidet me gjer i Europa, er det også viktig at me samarbeider med partnarar i andre delar av verda gjennom forsking og utdanning og at akademisk fridom og gjensidig samarbeid ligg til grunn for dette, er oppfordringa frå Marit Egner.

 

Emneord: Akademisk frihet, Menneskerettar Av Martin Toft
Publisert 5. nov. 2020 13:07 - Sist endra 5. nov. 2020 14:04
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere