UiO leier arbeid med å hjelpa forfylgde forskarar med å få jobb

Fleire europeiske universitet og Scholars at Risk har gått saman om å etablera eit nettverk som skal hjelpa forfylgde forskarar med mellom anna å få finansiert relevante jobbar i Europa. UiO leier ei arbeidspakke som skal brukast for å læra opp universitet i dette.

Fire personar,to menn og to kvinner står mot eit gelender og ser mot fotografen.

VIL SKAFFA JOBBAR: Dei vil skaffa jobbar til forfylgde forskarar under vern av Scholars at Risk: F.v. Robert Quinn, dagleg leiar av  Scholars at Risk, Javad Mushtaq, leiar/CEO, MAK (Mangfald, ambisjon, kompetanse),Sinead O’Gorman, Dagleg leiar for Scholars at Risk Europe, Maynooth University, Marit Egner, seniorrådgiver, Avdeling for forskings-administrasjon, UiO.

Foto: UiO

For rundt ein månad sidan kom representantar frå fleire europeiske universitet, Scholars at Risk og Det europeiske forskingsrådet (ERC) saman i Irland for å drøfta korleis dei kunne støtta forfylgde forskarar som treng vern ved eit universitet i Europa. Resultatet blei etableringa av InSPIREurope. Med rundt 1,5 millionar euro frå forskingsprogrammet Marie Sklodowska Curie, kan forskarar som søkjer om vern også søkja om å få finansiert ein jobb på eller utanfor den institusjonen som tar imot dei. Forskingsprogrammet ligg under Horisont 2020, som er finansiert av EU-kommisjonen. Heile prosjektet blir koordinert av Scholars at Risk Europe frå Maynooth University i Irland.

Dette er prosjektpartnarane som står bak inSPIREurope:

  • Scholars at Risk Europe, vertsinstiusjon Maynooth University, Irland (prosjektkoordinator)
  • Alexander von Humboldt-Stiftung, Tyskland
  • European University Association
  • Jagiellonian University, Polen
  • Universitetet i Oslo, Noreg
  • Göteborgs universitet, Sverige
  • French national PAUSE programme ved vertsinstitusjonen the Collège de France
  • Stichting voor Vluchteling-Studenten UAF, Nederland
  • Aristotle University of Thessaloniki, Hellas
  • Scholz CTC GmbH, Tyskland (Kjelder:inSPIREurope, UiO og Scholars at Risk

Universitetet i Oslo leier ein arbeidspakke for opplæring av universitet og andre kunnskapsbedrifter der dei forfylgde forskarane kan søkja jobbar, så lenge dei har behov for vern utanfor heimlandet sitt. 

Seniorrådgjevar Marit Egner ved Avdeling for forskingsadministrasjon koordinerer arbeidet ved UiO. Javad Mushtaq, som representerer den norske organisasjonen MAK (Mangfold, ambisjon og kompetanse), ein organisasjon som arbeider for meir mangfald i arbeidslivet, sit i prosjektet sitt rådgjevande styre (advisory board).

Fleire utfordringar

Seniorrådgjevar Marit Egner fortel at dei har ulike utfordringar i arbeidet med å skaffa meiningsfulle jobbar for dei forfylgde forskarane.

– I prosjektet skal me mellom anna jobba med korleis arbeidsgjevarar kan verdsetja mangfald og globalt talent, slik at dei kan også kan vurdera desse forskarane ved tilsetjingar. Mange flyktningar og forskarar under vern av Scholars at Risk har hol i CVen eller har hatt mindre høve til å publisera internasjonalt enn dei som bur og jobbar i Europa. Dette har å gjera med situasjonen i landa  dei kjem frå,  til dømes. Syria, Jemen og Eritrea eller at dei har ei lang reise bak seg. Forskarar frå Tyrkia har stort sett mindre av desse utfordringane, fortel ho.

Dette er samarbeidspartnarane:

EuroScience

Scholars at Risk, Noreg Scholars at Risk ,Sveits University of Padova, Italia University of Trento, Italia Scholars at Risk Network 

(Kjelder:inSPIREurope, UiO og Scholars at Risk)

– Lett å finna vertskap på UiO

Hennar erfaring er at det likevel er få problem med å få einingar ved UiO til å vera vertskap for forfylgde forskarar eller å gi flyktningar akademisk praksis.


– På UiO er det lett å få institutt og senter til å bidra gjennom å vera vertskap for forskarar under vern av Scholars at Risk og å ta inn flyktninger på akademisk praksis, men det er vanskeleg for forskarane å få faste stillingar ved normal utlysing. Det er jo hard konkurranse i akademia uansett kvar du kjem frå, konstaterer Marit Egner.

– Fagleg mentor blir nøkkelperson

Ho har også gode råd om kvar arbeidsgjevarar treng læra meir om.
– Universitet som tar imot forskarar under vern av Scholars at Risk treng å utvikla arbeidet med å finna gode koplingar mellom forskarar og fagmiljø, førebu fagmiljøa på kva utfordringar  forskarane kan ha når dei kjem frå konfliktregionar til dømes når det gjeld tryggleik, nettverksbygging og behov for fagleg utvikling. Forskaren sin faglege mentor er ein nøkkelperson i å bidra til at både forskaren og institusjonen får mest mogleg ut av opphaldet. Desse forskarane har ofte områdekunnskap og språkkunnskapar som er etterspurde i Europa, trekkjer ho fram.

Mange, moglege arbeidsplassar

– Kva arbeidsplassar vil vera aktuelle? 
– I tillegg til universitet og høgskular, kan det vera aktuelt å jobba ved forskingsinstitutt, laboratorium, internasjonale og humanitære organisasjonar og ulike typar næringsliv. Forskarane har mange ulike fagområde, men på same måte som norske PhD-kandidatar treng  å sjå utanfor akademia, må også forskarar under vern av Scholars at Risk og flyktningar med forskarkompetanse søkja vidare. Då har dei ei utfordring, viss dei manglar nettverk, peikar ho på.

Også naudsynt med eigeninnsats

Marit Egner meiner at forskarane også kan jobba med si eiga karriereutvikling.
– Dei må sjå kva som kan styrkja CVen for å nå opp i konkurransen i Europa, kva dei eventuelt manglar og korleis dei kan fremja sin eigen kompetanse. Mange treng å publisera meir, byggja nettverk og kanskje læra meir språk eller styrkja undervisningskompetansen sin. Nokre kan kanskje også bli entreprenørar og starta opp noko nytt. Ein arbeidspakke i prosjektet fokuserer på forskarane sitt eige arbeid med karriereutvikling, og me vil tilby ulike kurs og eit mentorprogram for forskarar under vern av Scholars at Risk og flyktningar med forskarkompetanse, fortel ho til Uniforum.

– Forskarar frå konfliktregionar som regel fell utanfor

I prosjektet vil dei også hjelpa desse forskarane til å bli flinkare til å søkja om ekstern finansiering og sørgja for at dei får ei rettferdig vurdering av søknadane sine.

– EU-kommisjonen er blant anna opptatt av korleis Marie Sklodowska Curie Actions (MSCA) kan bli tilgjengeleg også for dei dyktigaste forskarane med flyktningbakgrunn eller som har kome gjennom Scholars at Risk og liknande program. I dag fell som regel forskarar frå konfliktregionar utanfor på grunn av systemiske hindringar, allereie før dei får vist kor gode dei er. Prosjektet vil vera i dialog med EU-kommisjonen om utvikling på dette området, seier Marit Egner.

Tok imot 1000 søknader frå tyrkiske forskarar

Det er eit stort behov for vern for forfylgde forskarar. Frå 2016 og til august i år har Scholars at Risk tatt imot 1000 søknader frå tyrkiske forskarar som har funne det naudsynt å be om vern etter å ha opplevd trakassering frå styresmaktene. Også frå land som Syria, Iran og Yemen strøymer søknadene inn, går det fram av ei pressemelding frå Scholars at Risk. Frå september 2018 til august i år søkte 580 forskarar om støtte frå Scholars at Risk. 115 av dei fekk vern på universitet over heile verda.

Dei europeiske universiteta og samarbeidspartnarane som står bak etableringa av inSPIREurope gjer det for å kjempa for den frie forskinga, den akademiske fridomen og det felles engasjementet for å fremja framifrå forsking over heile verda.

Emneord: Akademisk frihet, Menneskerettar Av Martin Toft
Publisert 25. nov. 2019 08:32 - Sist endra 25. nov. 2019 08:32
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere