Regjeringa gir 1,3 millionar til Scholars at Risk i Noreg

Nettverket Scholars at Risk, som vernar forfylgde akademikarar over heile verda, får eit bidrag på 1,3 millionar kroner frå regjeringa. Det opplyste statssekretær Rebekka Borsch i Kunnskapsdepartementet på seminaret om akademisk fridom på UiO denne veka.

Stattssekretær Rebekka Borsch i Kunnskapsdepartementet står på talarstolen i Professorboligen framfor ein skjerm med eit bilete av vinnaren av UiOs menneskerettspris 2017, Ishtar Gözaydin.

MILLIONTILDELING: – Forskarar frå Mexico, Pakistan, Eritrea, Iran og Yemen har funne ei trygg hamn i Noreg takka vere arbeidet til Scholars at Risk, sa statssekretær Rebekka Borsch. Så avslørte ho at organisasjonen vil få ei samla tildeling på  1,3 millionar kroner frå regjeringa.

Foto: Ola Gamst Sæther

Det var allereie kjent at Scholars at Risk i Noreg ville få 650 000 kroner i forslaget til statsbudsjettet for 2020. Men ekstraløyvinga på 650 000 kroner på budsjettet for 2019 kom totalt uventa på styreleiar Karen-Lise Knudsen i Scholars at Risk i Noreg.

– Det var veldig overraskande, og me blei svært oppglødde, seier Karen-Lise Knudsen til Uniforum.

Kan gi vern til fleire

Dei har enno ikkje bestemt kva dei skal bruka dei ekstra pengane til.

– Dei første 650 000 kronene har me planar om å bruka til å delfinansiera opphaldet til ein forskar som treng vern i Noreg og til administrative oppgåver. No kan me finna ut om me skal bruka dei ekstra pengane til å finansiera heile opphaldet til ein forfylgd forskar til eller til to halve og til eit større arrangement neste år. Det hadde vore fint å bruka pengane til å få fleire norske universitet eller høgskular til å bli vertsskap for forfylgde forskarar,fortel ho.  Karen-Lise Knudsen er svært takksam for pengeløyvinga frå Kunnskapsdepartementet. – Dei har gittt oss både verbal og handfast støtte. Det set me stor pris på, seier ho til Uniforum. 

Det glade nyhendet blei først gjort kjent av statssekretær Rebekka Borsch då ho heldt ein tale på seminaret om akademisk fridom onsdag formiddag. Seminaret var til ære for både vinnaren av UiOs menneskerettspris 2017, Ishtar Gözaydin og for Scholars at Risk, som i år kan markera at det er ti år sidan UiO blei vertsinstitusjon for forfylgde akademikarar.

Støttar arbeidet for akademisk fridom

– Dessverre er det ikkje akademisk fridom i alle land, og heller ikkje i land nær Noreg. Derfor gir regjeringa til saman 1,3 millionar kroner til Scholars at Risk og det frivillige arbeidet dei gjer for å verna forfylgde forskarar i heile verda, sa Rebekka Borsch i talen sin. Ho understreka kor viktig og grenseoverskridande forsking er.

 Forsking er fri og global og utan grenser. Dei som ikkje har tillit til forsking og akademisk fridom har heller ikkje tillit til oss. Forskingsfunn er det næraste me kjem ei objektiv sanning, understreka ho.

Gav honnør til arbeidet til Scholars at Risk

Statssekretæren lovpriste arbeidet som Scholars at Risk har gjort internasjonalt for å verna forfylgde akademikar.

– Forskarar frå Mexico, Pakistan, Eritrea, Iran og Yemen har funne ei trygg hamn i Noreg takka vere arbeidet til Scholars at Risk. Nokre av dei har faktisk også kunna dra tilbake til heimlandet sitt, trekte ho fram.

Rebekka Borsch ville gjerne ha forskingsfunn som kunne utfordra politikarane.

– Ja, me politikarar må bli utfordra. Og for at me skal kunna bestemma ein rett politikk, er det viktig at me har ny og oppdatert kunnskap. Forskarane kan hjelpa oss både med å finna tiltak som kan redusera fattigdommen og som kan løysa klimaendringane, slo ho fast.

Heilt til slutt vende ho seg i mot vinnaren av UiOs menneskerettspris 2017, tyrkiske Ishtar Gözaydin.

– Talen din fylte meg med håp, sa ho.

• Les i Uniforum:

Menneskerettsprisvinnar Ishtar Gözaydin forsvarte demokratiet konfrontert med Tyrkias ambassadør

Den grunnleggjande, akademiske fridomen

Etter talen til statssekretæren inviterte UiO tre forskarar og ein student til ein debatt om akademisk fridom. To av forskarane, Mubashar Hasan frå Bangladesh og Ishtar Gözaydin frå Tyrkia hadde begge opplevd å bli arresterte, trakasserte og fengsla fordi dei hadde nytta seg av sin akademiske fridom.

AKADEMISK FRIDOM: Dei diskuterte akademisk fridom og kva som kan gjerast for at akademisk fridom blir respektert. F.v. Laura Liberatore Jens Jungblut, Mubashar Hasan, Rebekka Borsch, og Ishtar Gözaydin. (Foto: Ola Sæther)

Førsteamanuensis Jens Jungblut frå Institutt for statsvitskap ved UiO meinte det var viktig å skilja mellom slik grunnleggjande akademisk fridom og det som hadde å gjera med individuelle eller kollektive arbeidforhold på eit universitet.

– Når 36 prosent av forskarar i ei undersøking seier at dei opplever at det er gått tilbake med den akademiske fridomen i Noreg, tenkjer dei på arbeidsforholda for forskarane. Dei tenkjer ikkje på retten til å ytra seg og seia kva dei meiner som forskarar. For det er det som er den grunnleggjande, akademiske fridomen. Der er difor vikig å halda desse to typane av akademisk fridom frå kvarandre, tykte han.

– Kritisk tenking viktigare enn nokon gong

Laura Liberatore frå Studentane og akademikarane sitt internasjonale hjelpefond (SAIH) åtvara alle mot å ta den akademiske fridom for sjølsagd.

– Sjå kva som skjedde i Spania under valet på ny nasjonalforsamling sist sundag. Det fascistiske partiet Vox blei det tredje største partiet. Det er viktig å halda fast på den akademiske fridomen, meinte ho. Og Ishtar Gözaydin var heilt einig.

– Kritisk tenking er i dag viktigare enn nokon gong, understreka ho.

Vil ta opp akademisk fridom med Kina

I debatten blei også situasjonen for forskarar i Kina nemnd. Då var det ikkje så mykje snakk om direkte inngripen frå styresmaktene, men om sensuren som mange forskarar pålegg seg sjølve. Den ballen tok statssekretær Rebekka Borsch imot.

– Eg lovar å ta opp tema som har å gjera med akademisk fridom når me har skal inngå samarbeid med kinesiske universitet, sa ho.

Mubashar Hasan var oppteken av at ingen land måtte få sleppa unna med å nekta å akseptera akademisk fridom.

– Det er viktig også å kritisera land i sør om dei ikkje respekterer den akademiske fridomen.

– Det bør innførast eit legalt rammeverk for akademisk fridom, også når NORAD inngår utviklingsavtalar med land i sør, meinte Jens Jungblut.

I salen kom det forslag om å innføra sanksjonar mot vitskaplege konferansar som ikkje ville invitera forskarar frå land der den akademiske fridomen er truga. Statssekretær Rebekka Borsch trudde ikkje det ville hjelpa.

– Me må vera forsiktige med sanksjonar. Me må gå i dialog også med dei som ikkje respekterer den akademiske fridomen, sa ho.

Emneord: Menneskerettar, Akademisk frihet, Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 15. nov. 2019 14:37 - Sist endra 15. nov. 2019 15:21
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere