257 åtak på utdanningsinstitusjonar i 35 land

Det var 257 åtak på universitet og andre høgare utdanningsinstitusjonar i 35 land frå 1. september i fjor til 31. august i år. Flest tilfelle var det i Nigeria, Pakistan og Tyrkia. Det kjem fram i årsrapporten til Scholars at Risk.

PROTESTAR: I Ungarn protesterte folk mot regjeringa sitt forsøk på å stengja det private universitetet CEU. Ungarn står no på lista over land som står bak åtak på den akademisk fridomen, ifylgje Scholars at Risk. 

Foto: Ola Sæther

Ei av dei som er nemnt i rapporten «Free to Think», er vinnaren av UiOs menneskerettspris for 2017, Isthar Gözaydin. Rapporten viser til korleis ho og elleve av kollegaene hennar veddet no stengde universitetet Gediz University i Izmir, alle blei arresterte rundt juletider i fjor, og alle blei sett i fengsel i Izmir, skulda for lovbrot knytt til terrorisme.

Ifylgje rapporten gjekk ho til sveltestreik, og blei sett fri etter 94 dagar. Den 12. januar kjem rettssaka mot henne opp i Istanbul. Tiltalen vil truleg lyda på at ho har vore medlem av ein væpna, ulovleg terroristorganisasjon, og ho risikerer å bli dømt til 15 år i fengsel. 

Les i Uniforum:  Tyrkiske Ishtar Göyzadin får UiOs menneskererettspris Kan få 15 år i fengsel

Skulda for terroråtak

Rapporten viser også til eit endå meir tragisk tilfelle frå akademia i Tyrkia. Det handlar omforskingsassistenten Mehmet Fatih Traş ved Cukorova University. Ein kollega melde han til politiet for å vera ansvarleg for eit terroråtak i Istanbul i desember 2016. Truleg skuldast det at han var med i fredsrørsla og at han var aktiv i det pro-kurdiske partiet HDP: Han blei arrestert, og blei sett i fengsel, men slapp etter kvart fri. Samtidig nekta universitetet han å undervisa. Han fekk heller ikkje jobb på andre universitet. Sjølv meinte han at han blei svartelista av det statlege universitetsrådet (YÖK). Mehmet Fatih Tras tok den 24. februar i årsitt eige liv ved å kasta seg ned frå 7. etasje frå ei blokk i byen Mersin. 

7000 universitetstilsette mista jobben i Tyrkia

Til saman reknar Scholars at Risk med at rundt 7000 universitetstilsette har mista jobben sin i Tyrkia, som ein direkte konsekvens av det mislykka kuppforsøket 15. juli i fjor. Menarrestasjonane og trakasseringa av akademikarar i Tyrkia, starta allereie i januar i fjor etter at fleire akademikarar skreiv under på oppropet «Academics for Peace». Dei kravde at det blei starta fredsforhandlingar mellom den tyrkiske regjeringa og dei væpna kurdiske gruppene i Sør-Tyrkia. For mange av dei enda underskrifta med at dei mista jobben. Fleire fekk jobb ved utanlandske universitet. 

Farlegast på universitet i Pakistan og Nigeria

Om det er ille for akademikarar i Tyrkia, er det endå verre i land som Pakistan og Nigeria.Skilnaden er at det der er væpna grupper utanfor regjeringane sin kontroll, som står bak åtaka på universitet og andre høgare utdanningsinstitusjonar.

I Nigeria og Pakistan har det vore valdelege åtak på universitetstilsette, studentar og akademiske institusjonar frå både væpna grupper og væpna enkeltindivid. Det verste enkelttilfellet skjedde i Pakistan. Der døydde 60 personar då væpna grupper gjekk til åtak på ein politihøgskule i delstaten Baluchistan. I Nigeria døydde til saman 14 personar medan 33 blei såra i tre åtak på University of Maiduguri. Den islamske terrorgruppa Boko Haram tok på seg skulda for åtaka. 

I Syria blei truleg mellom to og fem studentar drepne då væpna opposisjonsgrupper gjekk til åtak på University of Aleppo. Universitetet ligg i den delen av byen som var regjeringskontrollert, før regjeringa også fekk kontroll over resten av byen. 

I land som Sør-Afrika og Thailand har det vore valdeleg undertrykking av organiserte studentytringar. 

Venezuela slo ned studentprotestar

Heller ikkje Latin-Amerika går fri av kritikken frå Scholars at Risk. I Venezuela har studentleidde demonstrasjonar blitt møtte med vald og arrestasjonar frå styresmaktene.

Eit felles trekk i alle desse landa er at det er blitt innført strenge restriksjonar på studentane og forskarane sin fridom til å reisa fritt inn og ut av landet av akademiske grunnar. Det mest nedslåande er kanskje at det skjer ei svekking av akademisk fridom også i Europa. Rapporten peikar på land i Sentral- og Aust-Europa som forsøker å innføra lover og administrative reglar for å stengja eller på andre måtar sensurera utdannings- og forskingsinstitusjonar.

Les i Uniforum : Over 50 000 demonstrerte til støtte for universitet i Ungarn

– Antidemokratisk frykt for universiteta

Direktør Robert Quinn i Scholars at Risk synest det er blitt mindre akademisk fridom i verda.– Dei siste åra har me vore vitne til ei pågåande global krise med åtak på høgare utdanningsinstitusjonar som me har dokumentert i dei tidlegare rapportane våre. Det som er blitt stadig klarare dette året er ei antidemokratisk frykt for universiteta som stader der alle er frie til å meina og tenkja, stilla spørsmål og dela idear. Etter hans meining får rapporten klart fram fylgjene av desse åtaka på livet til kvar enkeltperson det gjeld . 

– Det tener som ein varsellampe for statar og det sivile samfunnet til å garantera tryggleiken og den gode og berekraftige framtida som universiteta gir rom for, meiner Robert Quinn.  

Rapporten frå Scholars at Risk syner i kor stor grad høgare utdanning er blitt eit mål for valdelege åtak, og korleis dei er spesielt truga under autoritære regime og i konfliktområde. Rapporten oppfordrar ansvarlege statar, leiarar ved akademiske institusjonar og det sivile samfunnet til å ta inn over seg problemet med åtak på høgare utdanningsinstitusjonar, forskarar og studentar og til å gjenta offentleg deira engasjement for akademisk fridom og for prinsippet om at alle skal ha fridom til å meina og tenkja, stilla spørsmål og dela idear. 

Europa går ikkje fri

Samtidig med at talet på valdelege åtak på universitet og andre utdanningsinstitusjonar aukar over heile verda, blir det også rapportert om fleire tilbakesteg for den akademiske fridomen i mange land i Europa. Det viser årlege målingar frå det internasjonale forskingssamarbeidet V-dem. Sverige får ei bra plassering på målingane deira. Men når det gjeld institusjonell fridom hamnar Sverige ganske langt bak i Europa, ifylgje Curie, som er nettavisa til Vetenskapsrådeti Sverige.

Når det gjeld innskrenkingane av den akademiske fridomen i Sentral- og Aust-Europa samsvarar målingane i stor grad med rapporten frå Scholars at Risk. Det ser nemleg ut som om forskarane sin fridom til sjølve å velja forskingsproblem, å publisera og å ytra seg om resultat, minskar i Europa.

Les heile årsrapporten til Scholars at Risk

Forverring i Sentral- og Aust-Europa

– Me ser ei tydeleg forverring dei seinaste åra i Ungarn, Polen, Makedonia, Serbia og Tsjekkia. Det gjeld ikkje berre akademisk fridom. Det handlar også om ytringsfridom, organisasjonsfridom og pressefridom som blir avgrensa, seier Staffan I. Lindberg som er professor i statsvitskap ved Göteborgs universitet. Han er ein av forskingsleiarane i Varietiesof Democracy, V-Dem, eit stort internasjonalt forskingssamarbeid som måler demokrati utifrå ulike indikatorar. Forskarane har gått heilt tilbake til 1900 og funne data frå kvart år heilt fram til i dag. Ein av indikatorane måler akademisk fridom. Målingane blir presenterte gjennom ein skala på fem siffer frå 0 til 4, der 0 tyder ingen akademisk fridom, medan 4 tyder at den er total.

– I Polen har karakteren dei siste åra minska frå nesten 4 til 3,5, i Makedonia frå nesten 4 til 2 og i Serbia og Ungarn frå 4 til 3. Tsjekkia ligg også nært 3, ifylgje Staffan I. Lindberg.

Tyrkia skårar dårlegast

I Tyrkia ligg den akademiske fridomen nesten på 0 etter at den var på 3 så seint som i 2008. Dei har også registrert ein liten nedgang i den akademisk fridomen i USA. Men resultatet er ikkje faktasjekka godt nok reint statistisk, melder Curie. – Men om me fylgjer nyhenderapporteringa kan me notera at Trump går til åtak på faktabasert kunnskap. På delstatsnivå finst døme på at finansieringa av akademia blir kutta. I Wisconsin har delstatsleiinga avskaffa fast tilsetting for forskarar og gitt universitetsstyra rett til å gi ein professor sparken for nesten ingenting, seier Staffan I. Lindberg til Curie.

Emneord: Menneskerettar, Akademisk frihet Av Martin Toft
Publisert 2. okt. 2017 04:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere