Trakassert pakistansk professor får vern i Noreg

Ein kvinneleg universitetsprofessor frå Pakistan lever i akademisk eksil i Noreg etter å ha blitt skulda for blasfemi av ultrakonservative, religiøse fundamentalistar i heimlandet.

FEMINISME ER FARLEG: – Dei som underviser i kvinnerelaterte spørsmål, kan seia at dei gir forelesingar i kvinnerettar, men dei kan aldri seia at dei underviser i feminisme. Det er jamgodt med blasfemi, seier «Fatima Ahmed» som har fått vern av Scholars at Risk i Noreg etter å ha blitt trakassert i heimlandet Pakistan.

Foto: Ola Sæther

Universitetsprofessor «Fatima Ahmad» (eit fiktivt namn. Red. merknad) var livredd mange gonger etter at ein vitskapleg kollega ho hadde tilsett blei skulda for blasfemi og send i fengsel.

– Då begynte dei mest ultrakonservative, religiøse fundamentalistane å peika på meg også, og viste til at sidan det var eg som hadde tilsett han, måtte eg også driva med blasfemi, fortel ho.

– Myrda advokaten til fengsla kollega

Difor rådde fagfellane hennar henne til å dra frå Pakistan for å unngå den same lagnaden som kollegaen. Slik hamna ho i Vesten for nesten to år sidan. No har ho gjennom Scholars at Risk fått akademisk eksil i Noreg.

– Den første advokaten til fagfellen min, slutta etter å ha fått mange trugsmål. Ein kjend menneskerettsadvokat overtok jobben, og kort tid etter fekk eg beskjed frå han på epost om at han hadde fått trugsmål om at han ville bli drepen. Like etterpå blei han myrda i byen eg budde i tidlegare, fortel ho til Uniforum.

Akademikarkollegaen var i fengsel, og heile rettsaka mot han blei også ført der.

– Heldigvis, for om han hadde kome ut på gata, ville sikkert nokon i folkemengda ha forsøkt å drepa han også, trur ho.

– Skuldar alle liberale for blasfemi

«Fatima Ahmad» opplever at skuldingar om blasfemi blir brukt mot alle som kan karakteriserast som liberale.

 – Det er også det som er tilfellet med akademikarkollegaen min som hamna i fengsel. Dei som tar til motmæle mot dei ultrakonservative som skuldar folk for blasfemi, blir truga på livet eller regelrett myrda. Difor er det ikkje så rart om mange av dei ikkje vågar å heva stemma, meiner ho.

Den akademiske fridomen smuldrar bort

På dei pakistanske universiteta er alt som handlar om akademisk fridom, i ferd med å smuldra bort.

– Dei ultrakonservative pressar på og klarer å få gjennomført sensur av lærebøker og av undervisningstilbod.

– Sjølv har eg som universitetsleiar foreslått å innføra eit valfag om verdsreligionane. Det blei tatt ille opp, for dei ville berre at studentane skulle ha undervisning i islam, fortel ho.

– Dei som blir tilsette i vitskaplege stillingar får jobben etter kva politisk syn dei har og ikkje etter dei vitskaplege merittane sine, legg ho til.

– Dei som underviser i kvinnerelaterte spørsmål, kan seia at dei gir forelesingar i kvinnerettar, men dei kan aldri seia at dei underviser i feminisme. Det er jamgodt med blasfemi, slår ho fast.

– Ein fundamentalistisk stat

Framtida for Pakistans høgare utdanning ser ho ganske mørkt på. – Dei religiøse fundamentalistane får meir og meir makt og påverknad, også i akademia. Landet held på å

Fakta om Scholars at Risk:

- Scholars at Risk Network blei etablert ved Chicago University i 1999

- Nettverket arbeider for å verna forfylgde akademikarar over heile verda.

- Har handsama over 2000 meldingar frå forskarar i fare sidan 2001.

- Tar imot mellom 50 og 60 forskarar ved medlemsinstitusjonane kvart år.

 

- Har medlemar frå meir enn 350 universitet i 36 land.

- I Noreg er 19 institusjonar med i nettverket og det finst også ei eiga avdeling av nettverket.

- Noreg tok imot fire forskarar i 2013-14 og vil ta imot fem eller seks i 2015-16.

- I 2012 fekk grunnleggjaren av Scholars at Risk, Robert Quinn UiOs menneskerettspris.

utvikla seg til ein fundamentalistisk stat, synest ho.

I dag lever ho i eksil i Noreg under anonymt namn og på ei skjult adresse.  Blasfemiskuldingane mot henne får konsekvensar for mora og systera i Pakistan.

– Dei opplever å bli trakasserte. Det har kome uidentifiserte menn på døra i huset deira, som har vore på jakt etter meg og som har truga dei.

– Korleis har du blitt tatt imot i Noreg?

– Eg føler meg svært velkommen her, og fagfellane mine tar seg godt av meg. Dessutan kjenner eg meg trygg.

– Reknar du med at du kan dra tilbake til Pakistan ein gong?

Ja, sjølvsagt! Men eg trur det kan ta lang tid. Difor er eg takksam overfor Scholars at Risk som har tatt seg så godt av meg.

– Har det pakistanske politiet funne ut kven som myrda advokaten til kollegaen din?

– Nei, dei har ikkje arrestert nokon. Og dei kjem truleg heller aldri til å gjera det.

– Treffer gjerne Malala

– Denne veka får den pakistanske jenta Malala Nobels fredspris for å ha kjempa for at jenter skal få  skulegang. Kva synest du om det?

Det er ei jente eg er svært imponert over. Ho er utruleg moden for alderen. Ei 17 år gammal jente som høyrest ut som om ho har levd i alle fall i 30 år. Eg håpar at eg får høve til å treffa henne.

 

 

 

 

Emneord: Pakistan, Menneskerettar, Universitetspolitikk, Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 11. des. 2014 12:00 - Sist endra 11. des. 2014 13:37
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere