Menneskerettsprisvinnar Ishtar Gözaydin forsvarte demokratiet konfrontert med Tyrkias ambassadør

– Eg blei nervøs. Men eg kom over det. Det vedgår Ishtar Gözaydin etter at den tyrkiske ambassadøren Fazlı Çorman stilte henne kritiske spørsmål etter foredraget hennar på UiO om akademisk fridom i Tyrkia.

Ei dame står på talarstolen og på skjermen bak blir det vist eit bilete av den same dama.

SOLIDARITET: – Det er viktig at akademikarar, studentar og internasjonale organisasjonar utanfor Tyrkia går saman om å visa solidaritet med dei som har mista jobben eller har hamna i fengsel, sa Ishtar Gözaydin, vinnaren av UiOs menneskerettspris 2017, i talen sin om akademisk fridom i Professorboligen onsdag 13. november.

Foto: Ola Gamst Sæther

Alle dei 80 sitjeplassane i Professorboligen i sentrum var opptekne då Ishtar Gözaydin, vinnaren av UiOs menneskerettspris 2017, skulle halda talen sin under eit seminar om akademisk fridom onsdag formiddag.

På to av plassane sat den tyrkiske ambassadøren Fazli Çorman og ein medarbeidar frå ambassaden. Også statssekretær Rebekka Borsch i Kunnskapsdepartementet og representantar for Scholars at Risk var til stades. Prorektor Gro Bjørnerud Mo ynskte Ishtar Gözaydin hjarteleg velkommen, to år etter at ho skulle ha tatt imot UiOs menneskerettspris i Gamle festsal i Urbygningen.

– Eit fantastisk laboratorium

Ishtar Gözaydin starta talen sin om akademisk fridom med å fortelja om sin eigen personlege bakgrunn.

– Eg blei fødd i 1959 og vaks opp i ein ikkje-religiøs familie i Istanbul. Men frå eg var svært ung, har eg hatt stor fascinasjon for religion, sjølv om eg  aldri har hatt noka religiøs tru. Men eg har heile tida hatt stor respekt for religiøs tru og det å ikkje ha ei tru. For ein forskar som er interessert i å studera alle moglege variantar av religion, er Tyrkia eit fantastisk laboratorium, Det har også gitt meg høve til å arbeida som aktivist for menneskerettar, sa ho, før ho kom inn på forskargjerninga si.

– I mine vitskaplege artiklar har eg kritisert den tyrkiske eittpartiperioden som varte frå 1923 til 1950, når det gjaldt religiøs undertrykking og behandlinga av minoritetar. Eg har avvist ei forståing av demokrati som at det berre skal kjempa for majoriteten sine rettar og stått for at i eit demokrati må også rettane til minoritetane bli sikra, fortalde ho.

I talen sin gjekk ho gjennom Tyrkias moderne historie med slutten på det eineveldige osmanske riket på 1800-talet, då sultanen ikkje delte makta med nokon, og til innføringa av den tyrkiske republikken på 1920-talet og fram til i dag og vov den saman med si eiga personlege historie. Ho fortalde også om krigshandlingane mellom tyrkiske soldatar og kurdiske væpna grupper på 1980-talet.

TOPPMØTE: Vinnaren av UiOs menneskerettspris 2017 Ishtar Gözaydin møtte både statssekretær Rebekka Borsch i Kunnskapsdepartementet og prorektor Gro Bjørnerud Mo ved Universitetet i Oslo. (Foto: Ola Sæther)

Gir AKP æra for demokratiske reformer

. Og så trekte ho fram det som skjedde 26. februar 1997.  

– Då fekk Tyrkia sin første statsminister frå eit islamsk parti. Det bana vegen for politikken til partiet AKP som tok mange steg framover i demokratisk retning. Sjølv har eg aldri stemt på det partiet, men eg gir det æra for dei demokratiske reformene og for å ha gitt fleire rettar til kurdisk språk og kultur. I byrjinga gjekk det også langt i å godta alle EUs krav for at Tyrkia skulle kunna starta forhandlingar om å bli medlem i EU, peika ho på og trekte fram det som skjedde nokre år seinare.

– AKP-regjeringa utvikla eit autoritært regime der all makt gjekk til eitt parti. Og det skjedde lenge før det mislykka kuppforsøket i juli 2016. Eg minner om alle akademikarane som skreiv under protesten mot krigshandlingane og brot på menneskerettar i kurdiske landsbyar den 11. januar 2016. «Me vil ikkje vera ein del av dette brotsverket» var slagordet deira. Mange av underskrivarane mista jobben og måtte rømma landet, fortalde ho.

Forsvarte ikkje forfylgde akademikarar

Ishtar Gözaydin viste korleis situasjonen i Tyrkia gjekk frå vondt til verre etter det mislykka kuppforsøket 15. juli 2016. Ho peika på korleis 150 000 akademikarar, lærarar, journalistar og andre mista jobbane sine og mange av dei  fekk harde skuldingar mot seg og i fleire tilfelle også blei fengsla. – Dei aller fleste universiteta og akademiske institusjonar i Tyrkia gjekk heller ikkje i front for å forsvara akademikarane som blei trakasserte og arresterte av styresmaktene, slo ho fast.  

 – Derfor er det viktig at akademikarar, studentar og internasjonale organisasjonar utanfor Tyrkia går saman om å visa solidaritet med dei som har mista jobben eller hamna i fengsel. Då kan de visa studentar og akademikarar døme på kor viktig det er med akademisk fridom og at det ikkje må takast som ein sjølvsagd ting, understreka ho.

Mista jobben etter protest

For Ishtar Gözaydin personleg begynte problema den 21. juli 2016. Då fekk ho ein epost frå rektor ved Gediz University. – Då fekk eg vita at eg hadde mista jobben fordi eg hadde retweeta ein tweet der akademikarar protesterte mot forslaget til president Receep Tayyip Erdogan om å gjeninnføra dødsstraffa. Det enda med at eg til slutt blei arrestert i desember 2016 skulda for å støtta væpna terrorisme, og derfor blei eg varetektsfengsla i kvinnefengselet i Izmir. Eg blei ikkje frifunnen før 31. januar 2018, og passet mitt fekk eg ikkje tilbake før 25. august i år, fortalde ho.

Blei kritisert av Tyrkias ambassadør

Tyrkias ambassadør Fazlı Çorman var ein av dei som tok ordet for å kommentera talen.

– Eg er personleg svært lei meg for å høyra om alle dei problema du har opplevd og har talt  om her. I normale tider ville ingenting av dette ha hendt med nokon med din status. Eg har lytta nøye til talen din og sett på at du har fokusert på det som skjedde før og etter det mislykka kuppforsøket 15. juli 2016. Du nemnde ingenting om sjølve kuppforsøket. For fleirtalet av tyrkarane var kuppforsøket eit brot på den sosiale kontrakten i Tyrkia og det var eit åtak på det tyrkiske demokratiet, sa Fazlı Çorman.

Så viste han til at Gediz University der ho hadde jobba, hadde bindingar til Fethullah Gülen-rørsla. Han viste også til at bakgrunnen for situasjonen i Tyrkia hadde røter i konfliktar i naboland som Syria, Iran og Irak, før han stilte fylgjande spørsmål til henne: – Korleis ser du på det mislykka kuppforsøket i Tyrkia? Fordømmer du det på ein eller annan måte?

KRITISERT AV AMBASSADØR:  Tyrkias ambassadør Fazlı Çorman (t.v. bak) var kritisk til talen Ishtar Gözaydin (t.h.) heldt om akademisk fridom i Tyrkia. Her står ho i samtale med filmregissøren Nefise Ôzkal Lorentzen (Foto: Ola Sæther)

– Alltid vore imot militær innblanding

Ishtar Gözaydin brukte konfrontasjonen med ambassadøren til å forsvara demokratiet som styreform.

Tidslinje for menneskeretts-prisvinnaren Ishtar Gözaydin:

Juli 2016: Får  sparken frå jobben som professor ved Gediz University i Izmir etter å ha sendt vidare ei twittermelding som oppfordra folk til å protestera mot unntakstilstanden og forslaget frå presidenten om å gjeninnføra dødsstraff i Tyrkia. 

September 2016: Blir stansa på flyplassen i Istanbul på veg til ein forskarkonferanse på Sicilia. Får beskjed om at ho har utreiseforbod og ho må levera inn passet. 

20. desember 2016: Politiet kjem til husværet hennar  og arresterer henne. Ho blir sendt med fly til Izmir. Der blir ho sett i varetekt i politiarresten i åtte dagar.  

2017: Frå januar til 1. april sit ho og sonar ein dom på 94 dagar i kvinnefengselet i Izmir. 

Saka hennar blir flytta til Istanbul. Ho er skulda for å vera medlem i ei væpna terroristgruppe. Ho risikerer å få ein dom på 15 år. Rettssaka startar 12. september, men blir truleg ikkje ferdig før i november.

August 2017: UiO gjer kjent gjennom Uniforum at Ishtar Gözaydin får UiOs menneskerettspris for 2017. Avgjerda er tatt av universitetsstyret.

November 2017: Ishtar Gözaydin får utdelt UiOs menneskerettspris utan å kunna vera til stades.Tyrkia vil ikkje gi henne passet tilbake.

Januar 2018: Tyrkisk rett utsett avgjerd i rettssaka mot Ishtar Göyzadin til 17. januar.

31. januar 2018: Tyrkisk rett frifann henne for skuldingar om å ha støtta terrorisme.

25. august 2019: Får passet sitt tilbake og kan reisa ut av Tyrkia.

12. november 2019: Kjem til Oslo og UiO for å delta på middag med UiO-leiinga og juryen for UiOs menneskerettspris.

13. november 2019: Ho heldt foredrag om akademisk fridom på eit seminar til ære for henne som vinnar av UiOs menneskerettspris for 2017. Det var også ei markering av tiårsjubileet for etableringa av Scholars at Risk ved UiO og for UiO som vertsinstitusjon for forfylgde akademikarar

(Kjelder: Uniforum og UiO)

– Det er mange påstandar om kva som hende i samband med det mislykka kuppforsøket. Eg har heller ikkje hatt høve til å analysera dei, for det er påstandar frå ulike sider. Poenget mitt er likevel dette: Eg har alltid vore imot militær innblanding. Og eg er imot bruk av vald for å velta ei demokratisk vald regjering. Ei regjering kan bli skifta ut gjennom demokratiske val. Tryggleik er blitt brukt som grunn til å avgrensa fridom. Det har eg problem med å akseptera. Tryggingstiltak er viktige, men dei må likevel bli balanserte mot fridom. Det er ingen grunn til å slå ned på fridomane og rettane våre, svarte ho den tyrkiske ambassadøren.  

Før ho gjekk frå talarstolen, fekk ho ein varm applaus frå alle som var til stades, bortsett frå dei tyrkiske diplomatane.

– Eg trur eg svarte greitt for meg

Då seminaret var over, var ho litt uroleg etter det verbale basketaket med den tyrkiske ambassadøren.

– Det er ikkje lett å snakka om akademisk fridom i Tyrkia overfor ein offentleg person med så høg rang som den tyrkiske ambassadøren. Og eg trur eg svarte greitt for meg, for det var mi hjartans meining eg uttrykte overfor han. Og som eg svarte han: Me vil kanskje aldri få vita kven som stod bak det mislykka kuppet eller kvifor det blei gjennomført. Det eg er opptatt av er effektane det mislykka kuppforsøket fekk for heile samfunnet, understrekar ho før ho held fram.

– Sjølv er eg imot militær innblanding i ein demokratisk stat. Regjeringar kjem og går, men det skal skje gjennom demokratiske val, akkurat slik som eg svara han. Eg kan vera ueinig eller einig med ei regjering og eg kan gi uttrykk for det. I eit demokrati får fleirtalet regjeringa. Som menneskerettsaktivist har eg alltid arbeidt for rettane til minoriteten. I eit demokrati er det majoriteten som bestemmer. Alt som kan gjerast på fredeleg vis i eit demokrati er akseptabelt for meg, seier ho.  

– Får sjå om det får fylgjer

– Kva gjorde det faktum at den tyrkiske ambassadøren var til stades med deg?

– Han fortalde kva han tenkte og eg uttrykte mine tankar til han i den beste tradisjonen innanfor akademisk fridom. Så får me sjå om det får fylgjer. Eg kan ikkje seia noko om det. Når alt kjem til alt så bur eg i Tyrkia, og eg føretrekkjer å bu i Tyrkia. Og eg har heller aldri vore inne på tanken om å flytta frå heimlandet mitt, same kor ille eg har hatt det. Dessutan vil eg utføra det akademiske arbeidet mitt i Tyrkia. Så eg vil aldri flytta til ein annan stad for godt. Det kan henda eg snakkar for mykje, men av og til kjenner ein seg nesten tvinga til det, seier ho.

 – Gjorde han deg nervøs?

– For å seia det rett ut: Ja, det gjorde han. Men eg kom over det.

– Dei må ha akademiske oppgåver

– Kva kan akademikarar i Noreg og i andre land gjera for å skapa merksemd rundt og hjelpa akademikarar i Tyrkia?

– Internasjonale organisasjonar som Scholars at Risk og Students at Risk gjer ein viktig jobb. Mange universitet gjer ein god jobb ved å verna forfylgde akademikarar. Og Universitetet i Oslo gjer ein framifrå jobb på det området. I talen min om akademisk fridom uttrykte eg litt av det. Det er bra at forfylgde akademikarar har høve til å dra ut av heimlandet sitt ei tid for å opphalda seg ved eit utanlandsk universitet og bli sysselsette der. Men berre å plassera dei der i eit hjørne utan at dei får meiningsfulle oppgåver for universitetet der dei held til, er inga god løysing. Akademikarar og universitet må arbeida saman og kunna dra fordel av kvarandre. Eg hadde nokre venner som var på eti universitet i Brussel utan at dei kunne bidra på nokon som helst måte til universitetet. Dei fekk ikkje eingong ein stad å vera. Dei må ha akademiske oppgåver, det var derfor dei valde å bli akademikarar, minner ho om.

 Og så gjentar ho det gode skussmålet ho gir til UiO.

– På denne måten har Universitetet i Oslo gjort ein veldig god jobb. Det fortel vennene mine som har vore på opphald her. Dei har heile tida blitt godt inkluderte i den akademiske fellesskapen. Der det er akademisk fridom, blir den tatt som ein sjølvsagt ting. Det er som at du ikkje tenkjer over om du er frisk, før du får vondt i ryggen. På universitet og institusjonar der den akademiske fridomen eksisterer, skulle det vera eit større arbeid med å gjera akademikarar og studentar medvitne over kor viktig det er med akademisk fridom og bry seg om akademikarar som opplever at dei ikkje lenger har denne fridomen, meiner ho.

Også Ishtar Gözaydin støttar eit forslag om at graden av akademisk fridom på eit universitet må telja på dei internasjonale universitetsrangeringane.

– Ja, absolutt. Og også kva dei gjer for å oppfylla standardane for akademisk fridom. Det er ein god idé, slår ho fast.

Isthar Gözaydin er svært nøgd med opphaldet i Oslo.

– Det har vore utruleg bra så langt. Og så lovar eg å koma tilbake neste år for å gå i operaen eller på ein klassisk konsert.

Emneord: Tyrkia, Menneskerettar, UiOs priser, Akademisk frihet Av Martin Toft
Publisert 14. nov. 2019 13:46 - Sist endra 14. nov. 2019 15:35
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere