Noreg støttar global avtale for akademisk fridom

– Fri forsking og akademisk fridom er ein av grunnsteinane i eit demokratisk samfunn. Derfor støttar eg den nye erklæringa for å slå ring rundt den akademiske fridomen, seier  statsråd Henrik Asheim (H).

Eit portrett av ein mann som brukar hendene når han snakkar

AKADEMISK FRIDOM Statsråd Henrik Asheim har på vegner av Noreg signalisert støtte til å arbeide aktivt for å verne den akademiske fridomen i verda. (Arkivfoto)

Foto: Ola Gamst Sæther

Denne veka signaliserte forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim støtte til erklæringa the Bonn Declaration on Freedom of Scientific Research på vegner av Noreg. Dette forpliktar Noreg til å arbeide aktivt for å beskytte den akademiske fridomen i verda.

Bonn-erklæringa blei lansert på ein ministerkonferanse om det europeiske forskingsområdet (ERA). Her deltok forskingsministrar frå dei 27 EU-landa, Den afrikanske union og 16 andre land, blant desse Noreg. Erklæringa har førebels fått støtte frå 40 land.

– Eg er bekymra over at eit stadig meir polarisert politisk klima fører til at den akademiske fridomen blir svekka, og at vi ikkje lenger kan ta den for gitt. Fri forsking og akademisk fridom er ein av grunnsteinane i eit demokratisk samfunn. Derfor støttar eg den nye erklæringa for å slå ring rundt den akademiske fridomen, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H) i ei pressemelding.

- Ny kunnskap gjennom forsking og utdanning er ein drivar for økonomisk vekst og innovasjon, og bidreg til å utvikle samfunnet vidare. I tillegg speler den ei viktig rolle i å ta ned falske nyheiter med kunnskap og truverdig forsking, seier Asheim.

Emneord: Akademisk frihet, Menneskerettar, Forskningspolitikk
Publisert 21. okt. 2020 13:41 - Sist endra 21. okt. 2020 13:41
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere