Isthar Gözaydin blei frifunnen i Tyrkia

Vinnaren av UiOs menneskerettspris 2017, Isthar Gözaydin blei i Istanbul i dag frifunnen for skuldingane om at ho har støtta terrorisme.

FRIKJENT. Isthar Gözaydin blei I dag frikjent for skuldingar om at ho skal ha støtta terrorisme I Tyrkia.

Foto: Ola Sæther

– Eg er svært glad for at eg blei frikjent. Samtidig er ikkje gleda heilt fullstendig sidan mannen min Iskender er lagt inn på sjukehus i Ankara med kreft i buken, seier Isthar Gözaydin til Uniforum nokre timar etter avgjerda til kriminaldomstolen i Istanbul om å frikjenna henne for skuldingane om terrorisme. Ho fryktar likevel at dommen kjem til å bli anka. 

– Aktor var ikkje nøgd med frifinninga, så han kjem truleg til å anka avgjerda inn for Høgsterett, trur ho. 

Skulda for medlemskap i væpna terrororganisasjon

Isthar Gözaydin er skulda for å vera medlem av ein ulovleg væpna terrororganisasjon. Ho mista også jobben som professor og instituttleiar på Sosiologisk institutt ved Gediz University i Izmir i juli 2016 etter at ho hadde støtta og sendt vidare ei twittermelding som oppfordra folk til å gå imot gjeninnføring av dødsstraff i Tyrkia. Ho var også varetektsfengsla i Izmir i tre månader vinteren 2017. Isthar Gözaydin  risikerte ei straff på 15 år i fengsel.

Forsvarane hennar viser til at skuldingane mot henne byggjer på vitneprov frå ein student og ein uidentifisert person. Utan desse vitnemåla har ikkje påtalemakta noko sak mot henne, peika dei på i rettssalen fredag 12. januar. Den endelege avgjerda i saka mot henne blei den gongen utsett til 17. januar. Den gongen avgjorde retten å utsetja skuldsspørsmålet i saka mot Isthar Gözaydin til 31. januar, altså i dag. 

   • Les også i Uniforum: Rettssaka mot Isthar Gözaydin blei utsett på nytt

   • Les også i Uniforum: Utsette rettsavgjerda mot vinnaren av UiOs menneskerettspris Isthar Gözaydin

Med på Skype under utdelinga av UiOs menneskerettspris

I november i fjor fekk ho tildelt UiOs menneskerettspris i Gamle festsal. Sidan ho sjølv ikkje fekk lov til å reisa ut av Tyrkia, måtte ein av dei tidlegare doktorstudentanane hennar ta imot prisen på vegner av henne. Sjølv var ho med på Skype frå husværet i Istanbul.

    • Les også i Uniforum: Isthar Gözaydin skålte for menneskerettsprisen frå Tyrkia og fekk varm applaus

Ventar på at utreiseforbodet skal bli oppheva

Det er heller ikkje no avgjort om ho får tilbake passet sitt og om utreiseforbodet blir oppheva.

– Så lenge Tyrkia blir styrt etter unntakslover har politiet framleis mykje kontroll og makt i slike saker. Men eg skal ta kontakt med Utanriksdepartementet, seier ho. 

Derfor kan ho heller ikkje seia sikkert når ho kan koma til Noreg og Oslo for å besøkja Operaen.

– Nei, eg veit enno ikkje når det vil verta mogleg. Og eg veit heller ikkje om eg kan dra til Universitetet i Leipzig i Tyskland og vera gjesteprofessor der i seks månader, fortel ho frå bilen som skal ta henne med frå Istanbul til Ankara der ho skal vera saman med den kreftsjuke mannen sin.

– Legane skal greia ut tilstanden hans i løpet av dei neste dagane, og så får me sjå kva som skjer, seier Isthar Gözaydin.

    • Les også i Uniforum: Tyrkiske Isthar Gözaydin får UiOs menneskerettspris - risikerer 15 år i fengsel

                                            Gjekk imot gjeninnføring av dødsstraff - mista jobben

(Oppdatert kl. 22:30)

 

 

Emneord: Tyrkia, UiOs priser, Menneskerettar Av Martin Toft
Publisert 31. jan. 2018 18:38 - Sist endra 31. jan. 2018 22:58
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere