Gjekk imot innføring av dødsstraff - mista jobben

Sosiologiprofessor Ishtar Gözaydin sende vidare ei twittermelding som oppfordra folk til å gå imot unntakstilstanden og gjeninnføring av dødsstraff i Tyrkia etter kuppforsøket 15. juli. Nokre dagar seinare fekk ho sparken frå jobben ved Gediz University i Izmir.

BLIR i TYRKIA: – Eg har mange tilbod frå universitet i utlandet, men eg elskar dette husværet og eg kan ikkje forlata mora og svigermora mi, seier sosiologiprofessor Ishtar Gözaydin, som fekk sparken frå universitetet for å ha gått imot gjeninnføring av dødsstraff.

Foto: Ola Sæther

Akademisk fridom under press i Tyrkia

Istanbul:

Tidslinje:

11. januar: Academics for Peace publiserer kravet om stans i krigshandlingane i dei kurdiske områda og at partane startar fredsforhandlingar.

Februar:  Dei første akademikarane får sparken eller blir arresterte for å ha skrive under på kravet frå Academics for Peace.

15. juli: Kuppforsøk mot president Recip Tayyip Erdogan. Mange hundre soldatar og sivile blir drepne.

16. juli: Presidenten startar arrestasjonar av akademikarar, juristar og andre som han skuldar for å sympatisera med Fethullah Gülen .

23. juli: 15 universitet som skal vera finansierte av Gülen-rørsla blir stengde av styresmaktene. 

17 000 tilsette innanfor høgare utdanning har mista jobbane sine.

– Eg har vore i sjokkstilstand heilt sidan det hende, seier Ishtar Gözaydin når ho tar imot Uniforum i husværet sitt i bydelen Besiktas i Istanbul.

Frå stovevindauget har ho ei fantastisk utsikt over byen og Bosporosstredet. To av veggane er dekte med bøker frå golv til tak. På ein annan vegg har ho og mannen hengt opp moderne kunst. To kattar luskar på kryss og tvers i stova. Frå musikkanlegget strøymer det tonar frå ein klassisk opera.  

Dei siste vekene har ikkje Ishtar Gözaydin klart å opna ei bok, og ho har heller ikkje klart å lytta på klassisk musikk, som er den store lidenskapen hennar. Derimot har ho brukt dagane på å sjå ni forskjellige såpeoperaer på 20 episodar kvar. – Eg kan alt om alle i fjernsynsserien «The Big Bang Theory», smiler ho trist.

– Hadde ein fantastisk avtale

Grunnen til apatien er at ho nyleg fekk sparken frå draumejobben sin ved det private universitetet Gediz University i Izmir, Tyrkias tredje største by. – Der var eg leiar for Sosiologisk institutt. Eg hadde ein fantastisk avtale som gjorde at eg var på universitetet tre dagar i veka, medan eg kunne jobba frå husværet mitt i Istanbul eller vera på reisefot i Tyrkia eller i utlandet resten av veka. Eg hadde eit godt forhold til alle forskarkollegaene mine, og eg treivst kort og godt med å vera professor på det universitetet, fortel ho.

– Tøffare å vera forskar etter kuppforsøket

Twittermelding kosta henne jobben

Dette endra seg nokre dagar etter det mislykka kuppforsøket mot den tyrkiske regjeringa den 15. juli. – Dei første dagane etter kuppforsøket merka eg ingenting uvanleg på Gediz University. Torsdag ettermiddag sende eg vidare ei twittermelding frå nettstaden Diken som oppfordra alle til å gå imot unntakstilstanden og gjeninnføringa av dødsstraff i Tyrkia. Seinare på dagen skulle eg på ein konferanse i utlandet, men eg kunne ikkje dra fordi det var innført utreiseforbod for akademikarar.

– Så fekk eg brått ei melding frå rektor ved universitetet. Der stod det at den twittermeldinga som eg hadde sendt, var problematisk for universitetet, sjølv om eg visste at meldinga også var svært kritisk til kuppforsøket. Eg skreiv ein forsvarstale for meg sjølv og la den ut på twitter. Straks etterpå blei eg suspendert frå stillinga mi som professor og instituttleiar for Sosiologisk institutt, fortel Ishtar Gözaydin.

Like etterpå blei Gediz University stengt av styresmaktene saman med 14 andre private universitet, som styremaktene meinte var finansierte av Gülen-rørsla, som president Erdogan skulda for å stå bak kuppforsøket. No deler Ishtar Gozaydin lagnad med rundt 17 000 akademikarar som har mista jobbane sine både før og etter det mislykka kuppforsøket.

Våga ikkje å fortelja det til mora

I over 30 år har 57-åringen arbeidt som akademikar. – Dette er første gongen eg har mista jobben, og eg er så skamfull at eg enno ikkje har våga å fortelja det til den 86 år gamle mora mi, vedgår ho.

Ishtar Gözaydin er utdanna jurist, men har spesialisert seg på å forska på forholdet mellom religion og politikk i Tyrkia.

– I 2014 var eg dekan ved Fakultetet for kunstfag og samfunnsvitskap ved eit privat universitet i Istanbul. Då fekk eg ein førespurnad om eg ikkje kunne stilla som kandidat for Det sosialdemokratiske partiet under valet til ny nasjonalforsamling eitt år seinare. Det er partiet til tidlegare statsminister Bülent Ecevit. Det takka eg ja til, så difor sa eg opp jobben som dekan og sosiologiprofessor ved universitetet. Eg blei ikkje vald inn i parlamentet, men eg kunne ikkje venda tilbake til den gamle arbeidsplassen min. Då fekk eg draumetilbodet frå Gediz University i Izmir. Eg har aldri hatt det betre, og eg har heller aldri vore meir effektiv enn eg var det året eg var der, seier ho.

STOR HJELP: – Eg veit at universitet i Europa blir utsette for nedskjeringar, men om dei har nokre fond som kan finansiera kortare eller lengre opphald for forskarar frå Tyrkia, vil det vera til stor hjelp, trur Ishtar Gözaydin, som nyleg mista jobben som sosiologiprofessor ved Gediz University i Izmir. (Foto: Ola Sæther)

Kan ikkje dra frå Tyrkia

– Kva vil du gjera no?

– Eg har mange tilbod frå universitet i utlandet, men eg elskar dette husværet og eg kan ikkje forlata verken den 86 år gamle mora mi eller den 83 år gamle svigermora mi. Eg vil også vera saman med mannen min. Så eg kan ikkje dra på eit langt utanlandsopphald.

– Men korleis vil du overleva økonomisk?

– Eg har ein pensjon, men det året eg prøvde å bli vald inn i nasjonalforsamlinga, fekk eg naturleg nok ikkje lønn frå den tidlegare arbeidsgjevaren min. Difor måtte eg ta opp lån for å overleva økonomisk. Dei pengane må betalast tilbake.

Ishtar Gözaydin har tidlegare hatt eit forskingsopphald ved University of London.

Hjerneflukt

No er det forskarkollegaene hennar som drar til utanlandske universitet. – Det er ei svær hjerneflukt frå Tyrkia til Europa og USA no.

Den oppsagde sosiologiprofessoren oppfordrar akademikarar i andre land til å gjera det dei kan for å hjelpa akademikarar i Tyrkia. – Det er viktig å halda fram med forskarutveksling og forskingssamarbeid. Eg veit at universitet i Europa blir utsette for nedskjeringar, men om dei har nokre fond som kan finansiera kortare eller lengre opphald for forskarar frå Tyrkia, vil det vera til stor hjelp.

Den vanskelege situasjonen for akademikarar i Tyrkia ser ho ikkje noka løysing på så lenge Recip Tayyip Erdogan er president og 50 prosent av tyrkarane støttar han. Men ho kjem ikkje til å endra sine politiske synspunkt.

 – Det er heilt uaktuelt å gi opp motstanden mot gjeninnføring av dødsstraff i Tyrkia.

 

 

 

 

Emneord: Tyrkia, Akademisk frihet, Menneskerettar Av Martin Toft
Publisert 2. sep. 2016 09:32 - Sist endra 2. sep. 2016 10:37
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere