Tyrkiske Ishtar Gözaydin får UiOs menneskerettspris: Kan få 15 år i fengsel

Den tyrkiske akademikaren og menneskerettsaktivisten Ishtar Gözaydin er tildelt Universitetet i Oslos menneskerettspris for 2017. – Eg blei fantastisk lykkeleg over å få ei så gledeleg melding like etter at eg hadde blitt sett fri frå fengselet, seier ho til Uniforum. No risikerer ho ei ny fengselsstraff. 

FINT: Ishtar Gözaydin frå Tyrkia får UiOs menneskerettspris. – Det er fint å få ein sånn pris for å ha kjempa for menneskerettane.heile livet, seier ho. Her står ho i ei gate i heimbyen Istanbul og får tak i ein drosje.

ISTANBUL: Isthar Gözaydin tar imot Uniforum i husværet i bydelen Besiktas i Istanbul. Den ligg fint til med eit panoramautsyn over Bosporusstredet. Ein kvit katt smyg seg rundt i huset og vil gjerne bli kjælt med av dei to gjestane frå Noreg.  

Ishtar Gözaydin legg ikkje skjul på at ho er svært glad for å få tildelt UiOs menneskerettspris for 2017. 

– Det er fint å få ein sånn pris for å ha kjempa for menneskerettane heile livet utan tanke på at det kan få negative fylgjer for meg. Eg har aldri vurdert fordelane eller ulempene med å engasjera meg i kampen for menneskerettane, seier ho.

– Så du trur ikkje ein slik pris vil skada deg og saka di? 

– Nei, på ingen måte. For meg gjer det veldig godt å bli sett pris på på denne måten. 

Peikar på Uniforum

– Men korleis trur du leiinga ved Universitetet i Oslo blei merksame på deg og det arbeidet du har gjort og funne deg verdig til å ta imot UiOs menneskerettspris? 

– Det er ingen tvil om at det var artikkelen Uniforum skreiv om meg etter besøket i fjor, som gjorde det utslaget. Så tusen takk! seier ho til journalisten og fotografen frå Uniforum. 

Ishtar Gözaydin er utdanna jurist, men har spesialisert seg på forholdet mellom religion og politikk i Tyrkia. 

Mista jobben etter protest mot gjeninnføring av dødsstraff

Det var i august i fjor me møtte Ishtar Gözaydin for første gong. Då hadde ho nettopp fått sparken frå jobben som leiar for Sosiologisk institutt ved eit privat universitet i Izmir, som styresmaktene meinte tilhøyrde organisasjonen til Fethullah Gülen, som president Recip Tayyip Erdogan skulda for å stå bak det mislukka militærkuppet 12. juli 2016. Grunnlaget for å seia henne opp, var at ho hadde sendt vidare ei twittermelding som oppfordra folk til å protestera mot unntakstilstanden og mot forslaget frå presidenten om å gjeninnføra dødsstraffa i Tyrkia.

I 2014 hadde ho prøvd å bli vald inn i det tyrkiske parlamentet for Det sosialdemokratiske partiet. Det er partiet til den tidlegare tyrkiske statsministeren Bülent Ecevit. Derfor hadde ho sagt opp jobben som dekan ved fakultetet for kunstfag og samfunnsvitskap ved eit privat universitet i Istanbul. Sidan ho ikkje fekk nok stemmer til å bli vald, måtte ho finna seg jobb ein annan stad.

Då kom tilbodet om ei stilling ved Gediz University i Izmir. Der blei ho leiar for Sosiologisk institutt. Men etter at ho hadde blitt sagt opp på grunn av protesten mot unntakstilstanden og forslaget om å innføra dødsstraffa på nytt i Tyrkia, drog ho tilbake til husværet i Istanbul, der ho blei så deprimert at ho ikkje orka å skriva vitskaplege artiklar eller lytta til klassisk musikk i over tre veker. 

– Eg såg berre på fjernsynsseriar, og difor fekk eg med meg alle episodene i serien Big Bang Theory, sa Isthar Gözaydin til Uniforum i september i fjor.  

Fekk utreiseforbod 

Sidan den gongen har det gått frå vondt til verre for henne.

– I oktober i fjor stod eg på farten til å dra på ein konferanse om eit EU-prosjekt på Sicilia. Då blei eg stansa i kontrollen på flyplassen og dei fortalde meg at eg ikkje kunne reisa til utlandet lenger, eg hadde fått eit utreiseforbud som blei sett i verk frå 27. september. Det skjedde ikkje meir den dagen, så eg drog heim att. Eg var skuffa og engsteleg, og eg visste ikkje kva som ville vera det neste som kom til å henda. Men eg kunne aldri ha førestelt meg det som kom til å skje seinare. Då var eg berre opptatt av å få tilbake passet mitt. Og så prøvde eg også å bli ferdig med vitskaplege artiklar som eg tidlegare hadde begynt på, men aldri hadde blitt ferdig med, minnest ho. 

STØTTE: Ishtar Gözaydin fekk over 200 støttebrev då ho var i fengsel. – Eg har prøvd å svara på alle, seier ho.

Blei arrestert og fengsla

Ishtar Gözaydin vil aldri gløyma det som hende henne 20. desember i fjor.  

– Akkurat då var eg fast bestemt på å bli ferdig med ein vitskapleg artikkel på over 60 sider. Mannen min var på ei forretningsreise. Så den natta sov eg ikkje i det heile tatt. Men eg blei ferdig med artikkelen, eg fekk tatt meg ein dusj, lese artikkelen på nytt igjen før eg skulle senda den ifrå meg. Klokka 06.30 om morgonen ringde det nokon på dørklokka. Og når nokon gjer det så tidleg, så tyder det, i alle fall her i Tyrkia, ikkje noko godt.

– Då eg opna døra var det tre menn og ei kvinne der, i tillegg til vaktmeisteren. Dei sa at dei hadde fått løyve til å gjera ei husransaking hos meg. Så eg slapp dei inn, og då gjekk kvinna ned på kne for å klappa den kvite katten min. Då kan dei ikkje vera dårlege folk, tenkte eg, seier ho og ler godt  av at ho kunne vera så naiv. Eg var framleis i badekåpa, og så bad dei meg om å kle på meg ordentlege klede. «Me har kome for å setja deg i varetekt», sa dei til meg då. Først tok dei meg med til hovudpolitistasjonen i Istanbul, før dei sette meg på eit fly til Izmir.

– I åtte dagar var eg i varetekt. Og eg var heile tida overtydd om at eg ville bli sett fri. Den åttande dagen var eg i retten, og då blei eg formelt arrestert og sikta. Det enda med at eg måtte tilbringa over 90 dagar i kvinneavdelinga i fengselet i Izmir, fortel Isthar Gözaydin. 

Las 94 bøker på 94 dagar

I dag ler ho og smiler når ho fortel med mykje sarkasme korleis ho hadde det då ho først blei halden i varetekt og deretter måtte sitja over tre månader i kvinneavdelinga ved fengselet i Izmir.  

– Den verste tida var dei åtte dagane i politiarresten. Då hadde eg ikkje noko å lesa i. Det einaste eg kunne lesa var innhaldsteksten på emballasjen til medisinen eg brukte. Det gjekk så langt at eg til slutt kunne memorera den. Det blei betre då eg kom i fengselet. Der fekk me lov til å lesa. Eg bestemte meg for å lesa ei bok kvar dag eg var i fengselet for ikkje å bli gal. Så då eg blei sett fri, hadde eg lese nesten 94 bøker på 94 dagar, både på tyrkisk, engelsk og tysk, og det var både skjønnlitteratur og faglitteratur. Nokre av dei lånte eg på fengselsbiblioteket, medan mange andre blei sendt til mannen min frå gode venner og kjende.

Så akkurat det var litt nyttig?

– Ja, det kan du godt seia. Eg hadde få problem i fengselet, sjølv om det ikkje er gøy å vera på ein slik stad utan at du veit når det vil ta slutt og korleis det vil ta slutt. For meg var det eit slags eksperiment å vera observatør i fengselet.

– Politiet googla meg

– Kva var skuldinga mot deg? 

– Eigentleg hadde dei ikkje klar noka skulding mot meg. Så difor googla politiet meg og fann eit intervju eg hadde gitt til tyrkisk fjernsyn i juni 2016. Der sa eg at ingen organisasjon kan bli erklært for å vera ei terroristgruppe utan at det er blitt avgjort av ein domstol. Det er ikkje legalt å gjera det gjennom ei administrativ avgjerd eller av eit vedtak i regjeringa, sa eg i det intervjuet. Sidan eg er jurist og har undervist i jus, er jo det eit heilt klart juridisk standpunkt. For meg blei altså dette prinsipielle juridiske standpunktet grunnlaget for skuldinga mot meg. Den går ut på at eg støttar ei terroristgruppe, Det er heilt utruleg for meg og mange andre.

– Kven var du saman med i fengselet? 

– Eg var saman med andre akademikarar som hadde mista jobbane sine og blitt skulda for ulike brotsverk. Dei aller fleste av dei var yngre domarar og juristar som jobba for påtalemakta. Eg er 58 år og var den eldste fangen. Dei fleste kom frå Anatolia-området, og det var derfor dei var i fengselet i Izmir, fortel Isthar Gözaydin. 

Ho skildrar eit svært fengsel med både eiga kvinneavdeling, mannsavdeling og ungdomsavdeling. Ingen av medfangane hennar var kriminelle. Dei var alle skulda for liknande ting som ho var skulda for.  

– Me kan godt seia at me var politiske fangar, stadfestar ho. 

Då ho kom til fengselet var det ei seng på kvar av dei elleve cellene. Då ho blei sett fri, var det to senger på kvar celle.

– Først var me elleve fangar, og så blei me atten. No er det visst tre senger på kvar celle, og til saman over 30 fangar i kvinneavdelinga fortel ho.  – Truleg er det mange hundre tusen slike fangar i heile landet no, legg ho til. 

I den tida ho var fengsla, var det berre mannen hennar som kunne besøkja henne.

– Han kom ein gong i veka med fly, og under uværet i Tyrkia i vinter, tok han buss heile vegen frå Istanbul. Han er rett og slett ein engel, utbryt ho. 

Risikerer 15 år i fengsel

Sjølv om Isthar Gözaydin no er ute av fengselet og får lov til å bu i husværet sitt i Istanbul, er ikkje saka hennar over. Den 12. september må ho møta opp i ein rettssal i Istanbul.

– Dei skuldar meg for å vera medlem i ein væpna terroristorganisasjon. Om eg blir funnen skuldig, kan eg få ein dom på opptil 15 års fengsel. Eg har heile livet vore imot bruk av våpen. Så difor er situasjonen ikkje berre latterleg, men heilt absurd. Ei av bøkene eg las på nytt i fengselet var Franz Kafkas roman Prosessen. Eg synest at saka mi er meir absurd enn den som blir skildra i den romanen. 

PRISVINNAR: Ishtar Gözaydin

– Kva kjensler har du etter kvart som denne rettssaka nærmar seg?

– Eg må vedgå at eg er ganske nervøs. Heile tida etter fengselsopphaldet har eg reist på turar i Tyrkia for å tenkja på andre ting. I fengselet var alt grått, både vegger og bygningar. Me fekk ikkje ha noko grønt, som kunne skapa meir liv i fengselet. Så det første eg gjorde då eg kom ut av fengselet var å dra på tur til fjella langs Svartehavet. Då klarte eg ikkje å lesa. Det einaste eg gjorde var å betrakta desse fantastisk flotte fjellpartia. Før rettssaka tar til, drar eg på ein ny tur, fortel ho.

– Korleis er advokatene dine?

– Dei er personar som eg kjenner godt frå kampen for menneskerettane i Tyrkia tidlegare. Alle jobbar saman for meg, og dei vil ikkje ta seg betalt for å forsvara meg. Me har arbeidd saman i liknande saker før.

– Du var kandidat til Det tyrkiske parlamentet for Det sosialdemokratiske partiet ved førre val til nytt parlament. Har du fått noko støtte frå partiet etter at du blei arrestert og fengsla? 

– For å seia det rett ut: Nei, det har eg ikkje. Men partileiaren Kemal Kilicdarouglu har mange gonger vore til middag hos oss i husværet vårt. Eg set pris på den protestmarsjen han gjekk frå Ankara til Istanbul for å krevja rettferd. Den trur eg hadde ein viss påverknad.

– Håpar å få delta på prisseremonien

I november vil Universitetet i Oslo dela ut UiOs menneskerettspris til Isthar Gözaydin. Ho lever i det lengste i håpet om at ho får høve til å delta på seremonien i Gamle festsal i Urbygningen.

Ja, det håpar eg at eg får vera med på,  og eg ser fram til å koma tilbake til Oslo. Alt er avhengig av rettssaka. Truleg vil rettssaka halda på godt inn i november. Og då vil eg ikkje få tilbake passet mitt. Derfor må eg truleg vera med på prisutdelingsseremonien via Skype eller senda ein person dit som kan ta imot prisen på vegner av meg. Eg føretrekkjer likevel å håpa det beste, seier ho.  

– Vil det vera ein fordel for deg om Universitetet i Oslo oppfordrar tyrkiske styresmakter til å gi deg lov til å dra til Oslo for å ta imot prisen? 

– Det kan eg aldri vita. Det skadar i alle fall ikkje, om det blir gjort eit forsøk på det. 

Uansett veit Isthar Gözaydin godt kva meir ho vil gjera om ho får reisa til Oslo. 

– Eg elskar klassisk musikk, så eg håpar eg får høve til å besøkja Operaen.  

- Ein verdig vinnar

UiO-rektor Svein Stølen synest menneskerettsprisen går til ein fortent prismottakar.

 Ishtar Gözaydin er ein svært verdig vinnar av UiOs menneskerettspris. Ho er ein dyktig akademikar, aktiv samfunnsdebattant og ein forkjempar for ytringsfridom og menneskerettar. Tilliks med mange akademikarar i Tyrkia er Gözaydin no i ein svært vanskeleg situasjon. Eg håpar verkeleg at ho får høve til å koma til Oslo for å ta imot prisen i november, seier UiO-rektor Svein Stølen.

Tidslinje for situasjonen for akademikarar i Tyrkia:

11. januar 2016: Academics for Peace publiserer kravet om stans i krigshandlingane i dei kurdiske områda og at partane startar fredsforhandlingar.

Februar 2016:  Dei første akademikarane får sparken eller blir arresterte for å ha skrive under på kravet frå Academics for Peace.

15. juli 2016: Kuppforsøk mot president Recip Tayyip Erdogan. Mange hundre soldatar og sivile blir drepne.

16. juli 2016: Presidenten startar arrestasjonar av akademikarar, juristar og andre som han skuldar for å sympatisera med Fethullah Gülen .

23. juli 2016: 15 universitet som skal vera finansierte av Gülen-rørsla blir stengde av styresmaktene. 

17 000 tilsette innanfor høgare utdanning mista jobbane sine fram til september 2016. 

2017: Over 100 000 akademikarar, juristar, journalistar og byråkratar har mista jobbane sine. 

Tidslinje for menneskeretts-prisvinnaren Ishtar Gözaydin:

Juli 2016: Får  sparken frå jobben som professor ved Gediz University i Izmir etter å ha sendt vidare ei twittermelding som oppfordra folk til å protestera mot unntakstilstanden og forslaget frå presidenten om å gjeninnføra dødsstraff i Tyrkia. 

September 2016: Blir stansa på flyplassen i Istanbul på veg til ein forskarkonferanse på Sicilia. Får beskjed om at ho har utreiseforbud og ho må levera inn passet. 

20. desember 2016: Politiet kjem til husværet hennar  og arresterer henne. Ho blir sendt med fly til Izmir. Der blir ho sett i varetekt i politiarresten i åtte dagar.  

2017: Frå januar til 1. april sit ho og sonar ein dom på 94 dagar i kvinnefengselet i Izmir. 

Saka hennar blir flytta til Istanbul. Ho er skulda for å vera medlem i ei væpna terroristgruppe. Ho risikerer å få ein dom på 15 år. Rettssaka startar 12. september, men blir truleg ikkje ferdig før i november.

August 2017: UiO gjer kjent gjennom Uniforum at Ishtar Gözaydin får UiOs menneskerettspris for 2017. Avgjerda er tatt av universitetsstyret.

Emneord: Tyrkia, Menneskerettar, Akademisk frihet Av Martin Toft (tekst) og Ola Sæther (foto) i Istanbul
Publisert 17. aug. 2017 02:20 - Sist endra 18. aug. 2017 15:11
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere