Ungarns statsminister gjer kuvending om kinesiske universitetsplanar

Den 5. juni protesterte folk i Budapest mot planane om å lata Fudan University byggja eit nytt universitet. No har statsminister Victor Orbán bestemt at den endelege avgjerda skal takast i ei folkerøysting etter parlamentsvalet neste år.

Mange folk ber plakatar og demonstrerer

5000: Rundt 5000 personar deltok i demonstrasjonar mot kinesiske universitetsplanar 5. juni. No føreslår Ungarns statsminister Victor Orbán folkerøysting om saka. (Skjermdump frå Youtube)

Foto: Skjermdump frå Youtube

Planane om å lata det Shanghai-baserte Fudan University få byggja eit svært universitet i Budapest med pengar lånt frå Kina, er no sett på pause, melder The Guardian og fleire andre aviser.

Fudan University og universitetsplanar i Budapest:

- i 2018 kom Kina for første gong med forslaget om å etablera eit nytt universitet i Budapest i regi av Fudan University

- i 2019 blei Eastern European University starta av George Soros i 1991, kasta ut av Ungarn

- 2019 blei det offisielt kjent at Fudan University skulle byggja eit universitet i Budapest betalt av Ungarn med lån i ein kinesisk bank

 2021: - 5. juni demonstrerer folk i Budapest mot dei kinesiske universitetsplanane

- 12. juni føreslår Ungarns statsminister Viktor Orbán at avgjerda skal takast i ei folkerøysting

- 15.juni: Ungarns parlament vedtar å donera statleg grunn til  bygginga av det kinesiske universitetet.

(Kjelder: The Guardian, Reuters, BBC)

Den 5. juni var det store demonstrasjonar mot planane i Ungarns hovudstad, og mellom hovudaktørane bak demonstrasjonane var Budapest ordførar Gergely Karácsony  og bydelsleiar Krisztina Baranyi. Blant slagorda var “Ungarske pengar til ungarske universitet” og “Me vil ikkje bli ein koloni”. Sidan det på grunn av koronarestriksjonar er forbode å samla fleire enn 500 personar i demonstrasjonar i Budapest, organiserte opposisjonen fleire mindre samlingar på 500 kvar på ulike stader i Budapest, før dei til slutt samla seg framfor parlamentet i Budapest.

Føreslår folkerøysting etter parlamentsvalet

Protestane må ha gjort inntrykk på statsminister Orbán og resten av regjeringa. For kort tid etterpå kunngjorde regjeringa at spørsmålet skulle avgjerast i ei folkerøysting. Men den folkerøystinga skal ikkje haldast før etter parlamentsvalet i 2022, understrekar han i fylgje The Guardian. Avisa har snakka med analytikaren Péter Kréko frå tankesmia “Political Capital.”

– Dette er ein ny situasjon. Og det er første gong ei kinesisk investering har blitt ein topp-politisk sak i Ungarn, seier han til avisa, før han konkluderer:

– Regjeringa var fast bestemt på å gå vidare med dette prosjektet, heilt til den såg at det kunne bli eit tema i valkampen.

Den politiske analytikaren trur likevel ikkje at Orbáns regjering har gitt opp planane.

– Om dei blir attvalde, vil dei koma fram med planane på nytt, er han ikkje i tvil om.

SNUR: Ungarns statsminister Victor Orbán vil ha folkerøysting om kinesiske universitetsplanar. (Arkivfoto)

Oppmoda til rasjonell haldning

Etter demonstrasjonane kom det også reaksjonar frå det kinesiske utanriksdepartementet. I eit pressemøte mana pressetalsmann Wang Wenbin dei relevante folka til å ta ei rasjonell haldning i denne saka.

– Me håpar dei relevante folka i Ungarn til å ta ei objektiv, rasjonell og vitskapleg haldning, unngå politisering og stigmatisering av vanleg utveksling av personar mellom Kina og Ungarn, sa Wang.

Han uttrykte håp om at det gode forholdet mellom dei to landa vil halda fram. 

– Og halda ved like den altovervegande situasjonen med vennskap og samarbeid mellom dei to landa, uttrykte han i ei fråsegn som er attgjeven i Yahoo News.

Eit fleirtal er imot universitetsplanane

Dei siste meiningsmålingane viser at to tredjedelar av alle ungararar er imot bygginga av eit kinesisk universitet i hovudstaden. Også eit fleirtal av tilhengjarane til Orbáns parti Fidesz  er imot prosjektet.  Dei lokale styresmaktene i Budapest har også gitt klart uttrykk for kva dei meiner om universitetsplanen ved å døypa om gater og vegar i området til Dalai Lamas veg og Fritt Hongkong-vegen. Den samla tomta skal vera på 520 000 kvadratmeter. Opphavleg var det planlagt å byggja ein studentby der for studentar med dårleg råd, ifylgje nettstaden China Observers in Central and Eastern Europe (CHOICE). 

Opposisjonen som spenner frå Budapest-ordførarens grøne parti på venstresida til det høgreekstreme partiet Jobbik, har som felles mål å overta makta etter Victor Orbán som har vore statsminister sidan 2010. Det har dei sjansen til under parlamentsvalet neste år. I Budapest lykkast den breie koalisjonen å overta makta etter det siste lokalvalet.

Skulle kosta 14 milliardar kroner

Dei opphavlege planane gjekk ut på at Fudan University i Shanghai skulle byggja eit heilt nytt universitet i Budapest. Universitetet skulle kosta rundt 14 milliardar kroner, ifylgje Reuters og skulle betalast av den ungarske staten gjennom lån i ein kinesisk bank. Universitetet skulle byggjast av eit kinesisk entreprenørselskap som skulle bruka bygningsarbeidarar frå Kina. Om alt gjekk som dei ville, skulle universitetet stå ferdig i 2024. Dei som skal gå på universitetet vil måtta betala rundt 100 000 kroner i året, medan dei toppforskarane som skal jobba der, får ei lønn på 1,7 millionar kroner i året, ti gonger meir enn det universitetsforskarar får betalt i Ungarn i dag, melder China Observers in Central and Eastern Europe (CHOICE). 

Det høyrer med til historia at eit anna universitet, the Central European University (CEU), grunnlagt av den ungarskfødde mangemilliardæren George Soros i 1991, måtte forlata Ungarn  i 2019 etter at regjeringa tok frå dei retten til å dela ut universitetsgradar. Det universitetet har no flytta til Austerrikes hovudstad, Wien. Og i 2017 var Uniforum til stades då  50 000 ungararar protetsterte mot  den varsla tvangsflyttinga av det universitetet frå Ungarns hovudstad. 

Fudan University og UiO etablerer senter for kinastudiar

Fudan University har i 26 år også samarbeidd med Universitetet i Oslo og andre nordiske universet. Universitetet har også eit eige nordisk senter. I sommar etablerer Fudan University og Universitetet i Oslo i fellesskap eit forskingssenter på Blindern, Fudan-europeisk senter for kinastudier (FUCCS). Det låg fram til i år ved Københavns Universitet. Målet for det senteret er å fungera som arena for å fremja akademisk samarbeid mellom Kina og Europa innan kinastudiar i ordets breiaste forstand, går det fram av nettsidene til senteret.  Også det senteret har møtt kritikk frå akademikarar. Ein av dei er pensjonert forskar emeritus Harald Bøckman ved Senter for utvikling og miljø på UiO.  Til NRK har han sagt at han trur senteret vil tena kinesiske interesser. Framtidig styremedlem i senteret og framtidig visedekan på UiO, professor i kinesiske studiar, Mette Halskov Hansen har sagt til Uniforum at det er verdt å diskutera. 

– Me har diskutert dette veldig nøye på UiO, også med dei som er involverte i dette, og me har landa på ein annan konklusjon enn den Bøckman har kome til. Me skjønar godt problemstillinga, understreka ho overfor Uniforum 18. mai, den dagen senteret opna.

I Ungarn er striden om etableringa av eit kinesisk universitet i Budapest langt frå over. Trass i protestane mot planane for ei veke sidan, vedtok det ungarske parlamentet i går, ifylgje Reuters  å donera statleg grunn slik at universitetet kan byggjast etter planen.

Kjelder: (The Guardian, Reuters, BBC,Yahoo News, Uniforum, European Central University, China Observers in Central and Eastern Europe,  UiO)

 

 

Av Martin Toft
Publisert 16. juni 2021 14:32 - Sist endra 18. juni 2021 11:18
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere