No overtar UiO ansvaret for europeisk Kina-senter

På fredag underskriv UiO-rektor Svein Stølen og rektor Xu Ningsheng ved Fudan University ein avtale som gir UiO det formelle vertskapet for Fudan-European Centre for China Studies.  – For oss er dette veldig gledeleg, seier Svein Stølen.

KINA-BESØK: I 2018 leia rektor Svein Stølen ein delegasjon frå UiO som mellom anna besøkte Fudan University i Shanghai. Viserektor Åse Gornitzka står lengst til høgre i andre rekkje. Også tidlegare fungerande kommunikasjonsdirektør Stein Roar Fredriksen og seniorrådgjevar Gøril Mellem er med biletet saman med representantar for Fudan University. (Arkivfoto)

Foto: UiO

Det var i det siste møtet før nyttår Universitetsstyret blei orientert om at UiO-leiinga og dekanane hadde sagt ja til at UiO skulle overta som vertsinstitusjon for Fudan-European Centre for China Studies (FEECS). Frå 2013 og fram til no har senteret hatt tilhaldsstad på Københavns Universitet i Danmark.

Fudan-European Centre for China Studies (FUCCS)

- etablert ved Københavns Universitet i Danmark i 2013 på initiativ frå Fudan University i Shanghai.

Nettsidene seier senteret er:

- eit strategisk initiativ for å møta den aukande etterspurnaden for ein meir nyansert og balansert forståing (“a more nuanced and balanced understanding”) av Kinas utvikling og landets globale påverknad ved å engasjera seg i og få fremja Kina-studiar på eit høgt nivå i Europa. Ifylgje nettsidene til senteret set det fokus på kritiske tema ved kinesisk politikk, økonomi, samfunn og kultur gjennom tverrfagleg og samanliknande forsking.

- i Danmark har senteret Duncan McCargo som  direktør. Han er også dagleg leiar for Nordisk institutt for Asia-studiar

- senterleiar er Chunrong Liu som held fram i stillinga når senteret er flytta til UiO. I tillegg har senteret ein lokalt tilsett administrativ leiar.

Aktuelt: – UiO overtar no  senteret og fredag 26. februar skal det haldast ein formell underskrivingsseremoni. I mai vil senteret opna dørene på HF på UiO.

(Kjelder: Fudan-European Centre for China Studies og UiO)

 

Med på flyttelasset frå Danmark kjem også den daglege leiaren, Chunrong Liu, som blir lønna av Fudan University, medan UiO skal finansiera og tilsetja ein person som skal ta seg av dei administrative oppgåvene til senteret. Det skal lokaliserast hos Institutt for kulturstudium og orientalske språk på Det humanistiske fakultetet. Styret blir sett saman av fem personar frå UiO og fem frå Fudan University, eit universitet som ligg i Shanghai, og som har hatt eit samarbeid med nordiske universitet i 25 år.

Fylgjer normene for akademisk fridom

Det vert understreka at senteret fylgjer UiOs institusjonelle retningslinjer, inklusive normene for akademisk fridom. Meininga er at senteret skal vera ope for alle fagdisiplinar i samfunnsvitskap og humaniora, berekraftig utvikling og livsvitskap/medisin og naturvitskapane.

Fredag 26. februar skal den formelle digitale underskrivingsseremonien haldast med UiO-rektor Svein Stølen frå ei hytte i vinter-Noreg, medan rektor Xu Ningsheng ved Fudan University blir med frå rektorkontoret sitt.

– Kan knyta sterkare band til Fudan

Rektor Svein Stølen ser fram til å få etablert dette senteret på UiO.

– Universitetet i Oslo er eit internasjonalt orientert universitet. Det er viktig for oss å ha eit godt akademisk samarbeid med institusjonar i alle land, så for oss er dette veldig gledeleg. Me kan knyta endå sterkare band til Fudan som er eit universitet som me har hatt veldig god kontakt med gjennom mange år, mellom anna gjennom det nordiske senteret. Dette er ein naturleg del av universitetet sin aktivitet, seier Stølen til Uniforum.  

– UiO var høgast på prioriteringslista

Det er professor i Kina-studiar, Mette Halskov Hansen som har fått hovudsansvaret for å få losa senteret trygt i hamn hos UiO. Den nye viserektorkandidaten til Svein Stølen forklarar også bakgrunnen for at det skal flytta frå Københavns Universitet til UiO.

– Det er først og fremst eit europeisk, og ikkje eit nordisk senter. Sidan 2013 har det vore etablert på Københavns Universitet, men så har universitetet gjort andre prioriteringar i høve til Kina-samarbeidet sitt, og då har Fudan vurdert kven dei kunne tenkja seg som ny vert, og då kom Universitetet i Oslo høgast på deira prioriteringsliste. Og det er rett det som Svein Stølen kom inn på at UiO var med og initierte det nordiske senteret på Fudan for 25 år sidan. Me har mykje samarbeid med Fudan på veldig mange fagfelt, både innanfor humsam og medisin. Det er samarbeid både mellom forskar til forskar og frå forskarmiljø til forskarmiljø med Fudan-universitetet. Det er ein av grunnane til at dei no flyttar over til oss, fortel Mette Halskov Hansen.

– Kva håpar de å oppnå ved å få senteret til UiO?

– Me har allereie ein god del samband med Kina. Men det å ha eit meir etablert, institusjonelt samarbeid med kinesiske akademiske institusjonar har nokre store fordelar. Det opnar ein god del dører for forskarsamarbeidet med UiO, også for forskarar som ikkje er så etablerte i Kina. Det kan vera juniorforskar, ph.d.kandidatar og postdoktorar, fortel ho.

Halskov Hansen viser til at senteret  også allereie har samarbeid med andre institusjonar i Noreg,til dømes Nansenskulen på Lillehammer og fleire enkeltforskarar, og dette trur ho sjølvsagt blir styrkt med vertskapet i Oslo.

– Det vil kunna opna ein god del dører i Kina for dei som det kan vera vanskeleg for dei å finna sjølve. Og dette er eit europeisk senter med gode kontaktar til andre universitet i Europa. Det faktum at me har eit overordna, institusjonelt senter, vil også vera noko som UiO kan dra nytte av gjennom å utvikla vidare samarbeidsmodellane våre med Kina, seier ho.

– Høgare rangert enn UiO

Rektor Svein Stølen peikar på at Fudan University også er mellom dei beste universiteta i Kina.

– Det er eit sterkt universitet, eit av Kinas beste, høgare rangert enn Universitetet i Oslo, og det å samarbeida med gode universitet i heile verda er ein del av den naturlege måten vår å jobba på, understrekar han.

Og Mette Halskov Hansen trekkjer fram at det ikkje berre er eit av Kinas beste universitet, men også det mest internasjonale.

– Dei er på topp tre av dei mest internasjonalt orienterte universiteta i Kina. Det vil seia at dei har mange tilbod på engelsk og forskarar som kommuniserer på engelsk, og det er klart svært viktig når universitet skal samarbeida. Dei fleste av forskarane våre har ikkje høve til å samarbeida på kinesisk. Så graden av internasjonalisering i Kina er ganske viktig, synest ho.

Sterke folk i styringsgruppa

Når senteret har starta opp arbeidet sitt på UiO, er formålet altså at det skal fungera som brubyggjar og fødselshjelpar for forskarar frå heile UiO som har planar om å samarbeida med kinesiske forskarar og forskingsmiljø. Mette Halskov Hansen vil likevel understreka at det er litt avgrensa kor mange oppgåver eit så lite senter kan ta seg av. Men ho trekkjer fram at det i styringsgruppa for senteret sit ressurspersonar som medisinprofessor Ole Andreassen, direktør for UiO:Energi, Vebjørn Bakken og førsteamanuensis i statsvitskap, Jan Erling Klausen.

– Klima og miljø er eit satsingsområde, medan medisin er eit anna. Så er humsam tungt inne, konstaterer ho.

I avtaleutkastet vert det understreka at senteret skal fylgja UiOs institusjonelle retningslinjer, inklusive normer for akademisk fridom. Det trur ikkje Mette Halskov Hansen blir noko problem å fylgja opp.

– Senteret er europeisk, men det er UiO som er vert, og då er det dei reglane som gjeld.

– Har ingenting med Konfutse-institutta å gjera

– Universitetet i Bergen hadde eitt av 500 Konfutse-institutt i verda. Der blei det mykje bråk fordi det kom påstandar om sensur og politisk kontroll, ifylgje Khrono. Trur de at UiO vil oppleva noko liknande med dette senteret?

– Dette senteret har ingenting med Konfutse-institutta å gjera. Konfutse-institutta er noko for seg sjølve og som har sitt heilt eige opplegg. FECCS er eit reint universitet til universitet-samarbeid. Og det samarbeider med mange universitet over heile Europa og store delar av verda. Det finst eit tilsvarande institutt på University of California, San Diego. Det kan ikkje samanliknast med eit Konfutse-institutt, forsikrar ho.

– Me er størst i Noreg

Svein Stølen minner om korleis internasjonalisering normalt utviklar seg på universitetet.

– Ofte startar det som eit forskar til forskar-samarbeid som går over tid og utviklar større tyngde før me blir involverte. Og på det tidspunktet når det blir eit verkeleg stort samarbeid mellom institusjonar, må me inn med meir institusjonelle ting. Me snakkar ofte om ei trappetrinnstilnærming til internasjonalisering der det å ha stor aktivitet er utgangspunkt for det institusjonelle. Då gjeld det å hugsa at samarbeidet mellom UiO og kinesiske institusjonar er verkeleg stort. Me er størst i Noreg. Og med Fudan har me ei lang historie som dette byggjer på. Me må også tenkja at det er ein måte å mogleggjera knyting av endå sterkare band og kopling til felles faginteresser. Derfor tenkjer eg at dette er noko heilt anna enn eit Konfutse-institutt, som ikkje handlar om forskingssamarbeid.

– Så de trur ikkje at etableringa av dette senteret vil vekkja debatt?

– Det er heilt ok om det blir debatt. Det er mange ting som kan debatterast, også dette. Me meiner og styret meiner at det er viktig å samarbeida med ein ekstremt viktig forskingsnasjon som blir viktigare og viktigare uansett kva ein meiner om ulike politiske ting i Kina. Det akademiske samarbeidet og forskingssamarbeidet er uansett kome for å bli, slår Mette Halskov Hansen fast.

Fredag morgon blir avtalen mellom Fudan University og Universitetet i Oslo formelt underskriven i ein digital seremoni på Zoom. Og i mai vil innflyttinga skje.

 

Emneord: Kina, Internasjonalisering, HF, IKOS, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 24. feb. 2021 16:43 - Sist endra 24. feb. 2021 16:46
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere