Jonas Gahr Støre: – Demokrati med gode helsetenester for alle taklar pandemien best

– Mange statar knakar i samanføyingane på grunn av tap av arbeidsplassar. Derfor er eg reddare for eit økonomisk samanbrot enn ei ny smittebylgje med korona. Det sa Arbeidarpartiets leiar Jona Gahr Støre på UiO i dag.

DET BESTE FORSVARET: – Eit godt helsevesen er det aller beste forsvaret mot ein pandemi, men då må det vera eit tilbod for alle, ikkje berre for dei få, slik som er tilfellet i USA, sa Ap-leiar Jonas Gahr Støre på UiO i fredag 2. oktober.

Foto: Ola Gamst Sæther

Det blei tidleg koronafullt i Ragnar Frischs auditorium i Eilert Sundts hus på Blindern i formiddag før Arbeidarpartileiar Jonas Gahr Støre kom for å halda foredraget «Norge i verden i ei krisetid». Innlegget var også ei oppvarming før Arbeidarpartiet like etterpå skulle leggja fram sin nye utdanningspolitiske strategi.

Jonas Gahr Støre blei tatt imot av prorektor Gro Bjørnerud Mo, som også ynskte han og Arbeidarpartiet velkomne til Noregs eldste og beste universitet.

– Helse er det viktigaste

Jonas Gahr Støre tok utgangspunkt i dei åra han var stabssjef i Verdas helseorganisasjon i Geneve, då Gro Harlem Brundtland var direktør.

– Helse er det viktigaste i eit menneske sitt liv. Og me var også einige om at det 21. hundreåret ville bli pandemien sitt hundreår. Grunnen var at folk reiste meir fram og tilbake frå kontinent til kontinent. Blei ein person smitta ein stad, ville den fort spreia seg globalt. Den andre grunnen var den utstrekte antiresistensen mot antibiotika, konstaterte han.

Jonas Gahr Støre klarte heller ikkje å lata vera å koma med eit lite hint til nyhendet alle vakna opp til i dag, altså at USAs president Donald Trump har fått koronasmitte.

– I USA må mange jobba fordi dei ikkje får lønn om dei held seg heime. Derfor er det viktig med ordningar som gjer at folk kan lata vera å gå på jobb om dei blir sjuke, utan at dei tapar pengar på det, slik som er tilfellet i mellom andre dei nordiske landa, trekte han fram.

– Ein trugsmål mot deira posisjon

Støre peika på at det også er stor skilnad på korleis land med leiarar med autoritære trekk har handtert koronapandemien og korleis demokratiske land har gjort det.

– Demokratia med gode helsetenester og universell dekning for alle taklar koronapandemien best. For leiarane med autoritære trekk, anten det er Bolsonaro i Brasil, Lukasjenko i Kviterussland, Erdogan i Tyrkia, og dessverre også Trump i USA, så er pandemien ein trugsmål mot deira posisjon. Dei kan vera gode til å finna løysingar på problem dei har skapt sjølve, men ikkje på dei problema innbyggjarane i landa deira har, slo Støre fast.

– Mange statar knakar i samanføyingane på grunn av tap av arbeidsplassar. Derfor er eg reddare for eit økonomisk samanbrot enn ei ny  smittebylgje med korona, trekte han fram. 

Skulda privatiseringa av sjukeheimar for koronadød i Sverige

Støre kom også med ei varm omfamning av velferdsstaten.

– Det er ei europeisk oppfinning som me skal ta godt vare på. Eit godt helsevesen er det aller beste forsvaret mot ein pandemi, men då må det vera eit tilbod for alle, ikkje berre for dei få, slik som er tilfellet i USA, meinte han.

Då Unforum spurte han om kvifor det sosialdemokratiske Sverige no var blitt USA i ei øy av nordiske velferdsstatar, trekte han fram dei svenske sjukeheimane.

– Dei fekk inn smitte på sjukeheimane, og mange av desse var ikkje godt nok rusta, mykje på grunn av ei utstrekt privatisering av den sektoren i Sverige, var forklaringa hans på kvifor så mange fleire hadde døydd av koronaviruset i Sverige enn i resten av Norden.

– Bortsett frå dødstala på sjukeheimane, er det ikkje så mykje meir smitte i Sverige enn i Noreg og i dei andre nordiske landa, la han til.

Jonas Gahr Støre peika også på Norden som ei stormakt.

– Då eg var utanriksminister føreslo me at dei nordiske landa kunne vera med i G20-landa som ei felles blokk. Då hadde me vore mellom dei mest stabile økonomiske stormaktene. I dag er det mange ustabile økonomiar som har plass i G20-landa, konstaterte han.  

– Eg vil aldri kalla Noreg for eit lite land

Likevel meinte han at Noreg er eit viktig land i verda som klarer seg svært godt økonomisk.

– Eg vil aldri kalla Noreg for eit lite land. Me må sjå nøye på kva profilen vår er. Det er kanskje smått med rundt 6 millionar innbyggjarar når det bur 6 milliardar i heile verda. I geografisk landområde er Noreg mellom dei 120. og 130. største landa i verda, men om me tar med havområda og sokkelen vår, kjem Noreg på mellom 15-.plass og 20.-plass av dei største landa i verda. Også når det gjeld bruttonasjonalproduktet fordelt på kvar innbyggjar kjem Noreg høgt opp på lista. Noreg har dessutan verdas største pensjonsfond og er mellom verdas største sjømatprodusentar. Noreg er også verdas nest mest eller aller mest digitaliserte samfunn. Og me har og må ha ein open økonomi fordi Noreg er både eksport- og importavhengig, understreka han.

Havvind og hydrogen framtidige energikjelder

Jonas Gahr Støre meinte at framtidas økonomi i Noreg er utviklinga av berekraftige energikjelder og sirkulærøkonomien.

– Equinor meiner me har to års forsprang på andre land når det gjeld utvikling av havvind. Og med CO2-lagring vil det vera mogleg for Noreg å utvikla hydrogen som ei framtidig energikjelde. Det som er sikkert er at alt som kan elektrifiserast vil verta det i åra som kjem. Det har også kome eit vendepunkt når det gjeld gjenbruk. Når avfallet vårt har ein verdi og ikkje skal kastast, men brukast på nytt, vil også det skapa nye arbeidsplassar, meinte han.

Åtvara mot Kinas stormaktsambisjonar

Internasjonalt åtvara Jonas Gahr Støre både mot Kinas stormaktsambisjonar og den aukande stormaktsinteressa både Kina, Russland og Tyrkia demonstrerer i Midtausten og Afrika.

– Det har aldri hendt før at eit økonomisk og teknologisk høgt utvikla land ikkje vil omsetja dette til politisk makt, åtvara han.

Så kom han inn på Kinas store prestisjeprosjekt.

– Kinas strategi med Silkevegen, inkluderer også Kirkenes, fordi det er ein viktig stad på den nordlege havvegen mellom Kina og Atlanterhavet. Det er ein strategi for å knyta til seg energitilførsel i framtida. Det kinesiske synet på korleis verda bør organiserast, vil ikkje bli eit problem, før dei utfordrar resten av verda, var han overtydd om.

Forsvarte NATO

 Jonas Gahr Støre var ikkje einig med dei som spår at forsvarsalliansen NATO ikkje lenger har ei framtid.

– Det er uvanleg at ein militærallianse som NATO varer i så mange år. Det er også ein forsvarspolitisk organisasjon. USAs leiarar kjem og går og ser gjerne til Asia, men det er viktig at dei også ser til Europa. Europa er avgjerande for Noreg, for våre naboar er i Europa. Me må ha ei  forankring med dei som deler verdiane våre. Derfor er EØS-avtalen viktig, sa Jonas Gahr Støre.

Etter møtet drog både han og andre stortingsrepresentantar frå Ap til Oslo sentrum for å delta under den offisielle opninga av Stortinget.

Ein mann blir tatt imot av ei kvinne på Blindern medan ei anna kvinne ser på.
MOTTAKING: Ap-leiar Jona Gahr Støre blei tatt imot av prorektor Gro Bjørnerud Mo då han kom for å halda ein tale i Eilerts Sundts hus fredag 2.otktober. Lengst til høgre står viserektor Åse Gornitzka. (Foto:Ola Gamst Sæther) 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Emneord: Internasjonalisering, Politikk Av Martin Toft
Publisert 2. okt. 2020 16:35 - Sist endra 2. okt. 2020 20:18
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere