Rekordstor Kina-delegasjon besøkjer norske universitet

Ein delegasjon frå 33 universitet i Kina er denne veka på besøk i Noreg. Første stopp var Gamle festsal ved Universitetet i Oslo der dei i formiddag møtte representantar frå forskings-Noreg.

REKORDSTOR: Det var ein rekordstor delegasjon frå Kina som tok plass i Gamle festsal ved Universitetet i Oslo i formiddag.

Foto: Martin Toft

Dei langvegsfarande gjestane frå Kina, blei helsa velkommen av viserektor Åse Gornitzka ved Universitetet i Oslo. Ho peika på at besøket er ein fin opptakt før Kina-turen til statsråd for forsking og høgare utdanning, Iselin Nybø. I april drar ho til Kina som leiar for ein stor norsk delegasjon frå universitet og andre forskingsinstitusjonar.

Delegasjonen  frå Kina er sett saman av 33 velkjende institusjonar og blir leidd av China Education Association for International Exchange (CEAIE) og organisasjonen sin generalsekretær Zhao Lingshan. Det er den organisasjonen som også organiserer besøket frå Noreg i april, får Uniforum opplyst frå kommunikasjonsrådgjevar Anders Lundell ved Universitetet i Oslo. Også rektor Curt  Rice ved OsloMet -storbyuniversitetet møtte den kinesiske delegasjonen i dag.

VELKOMEN: Viserektor Åse Gornitzka ynskjer delegasjonen frå Kina velkommen til Noreg. (Foto: Martin Toft)

Seinare i dag reiser dei til Nord universitet i Bodø der dei skal delta på ein stor konferanse om samarbeid mellom Kina og Noreg.

 

Emneord: Kina, Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 13. mars 2018 15:35 - Sist endra 19. okt. 2020 15:39
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere