Regjeringa gir 100 millionar til utvida internasjonalt forskingssamarbeid

Norske universitet og høgskular kan saman med blant anna partnarar i ni land, søke om støtte til prosjekt som styrkjer koplinga mellom utdanning, forsking og arbeids- og næringsliv.

Ein delegasjon frå Kina i Gamle festsal i sentrum

UTVIDAR: Regjeringa utvidar forskings- og utdanningssamarbeidet med Kina og åtte andre land i Panorama-strategien. Biletet er frå det første besøket på UiO av ein delegasjon frå universitet i Kina i 2018  etter at isfronten  med Noreg var broten. 

Foto: Martin Toft

– Meir og betre samarbeid mellom Noreg og utanlandske universitet, forskingsmiljø og næringsliv bidreg til å heve kvaliteten i høgare utdanning her heime. 100 millionar kroner til samarbeidsprosjekt over landegrensene er ein langsiktig investering som kjem både undervisninga, forskinga og studentane til gode, seier forskings- og høgare  utdanningsminister Henrik Asheim (H) i ei pressemelding,

 Panorama-strategien

  • Føremålet med Panorama-strategien er å få til eit heilskapleg og langsiktig samarbeid, og å gjere det lettare å samarbeide og søkje om stønad til samarbeidsprosjekt. Målet er å vidareutvikle kvaliteten i norske fagmiljø gjennom samarbeid med gode miljø ute, og i størst mogleg grad hente ut potensialet for næringslivssamarbeid.
     
  • Dagens strategien har følgjande fire hovudprioriteringar; godt samspel mellom utdannings- og forskingssamarbeid, god studentmobilitet, gode koplingar til arbeids- og næringsliv, og godt samspel med multilaterale arenaar (primært EU).
     
  • Ei evaluering av Panorama-strategien slår fast at strategien har vore ein suksess. Meir og betre samarbeid, og ein sterk auke i talet på prosjekt gjennom tilskotsordningane, er resultatet sidan satsinga starta i 2016.
     
  • Den gjeldande Panorama-strategien går ut i år, men regjeringa har vedtatt å forlenge satsinga og legge frem ein fornya strategi for perioden 2021-2027. Denne nye strategien skal vidareføre hovudlinjene og prioriteringane frå dagens strategi. 
     
  • Hovudtiltaka i strategien er programma UTFORSK (Diku) og INTPART (Diku og Forskningsrådet).

Regjeringa vil styrke samarbeidet innan utdanning og forsking mellom Noreg og ni av verdas leiande kunnskapsnasjonar. No kan norske universitet og høgskular, saman med blant anna partnarar i desse ni landa, søke om støtte til prosjekt som styrkjer koplinga mellom utdanning, forsking og arbeids- og næringsliv.

Tidlegare i oktober bestemte regjeringa seg for å fornye og forlenge den såkalla Panorama-strategien. Samstundes blir strategien utvida slik at Sør-Korea, og USA og Canada også blir ein del av strategien samen med Kina, Russland, Japan, India, Sør-Afrika og Brasil.

Meir pengar per prosjekt

Dei økonomiske hovudinstrumenta for auka samarbeid er programma INTPART og UTFORSK. UTFORSK vert lyst ut no av Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning (Diku).  

– I denne utlysinga kjem UTFORSK i ny drakt. Programmet er monaleg styrka med god dialog og innspel frå sektoren. Resultatet er større prosjekt, høgare ambisjonar og meir effektivitet i kvalitetsarbeidet, seier Diku-direktør Harald Nybølet.

Nye UTFORSK er ei samanslåing av tidlegare UTFORSK, Nord-Amerikaprogrammet, Russlandsprogrammet og InternAbroad. Finansieringsramma er auka frå to til tre millionar kroner per prosjekt, og det blir lagt større vekt på strukturelle endringar, spreiing av resultat og effekt i breidda.

Les meir om UTFORSK-utlysinga her

    Emneord: Internasjonalisering, Forskningspolitikk
    Publisert 19. okt. 2020 10:16 - Sist endra 19. okt. 2020 15:40
    Legg til kommentar

    Logg inn for å kommentere

    Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
    Opprett ein WebID-brukar for å kommentere