Svein Stølen: – Framleis utfordringar når det gjeld Kina

Tysdag 10. april drar ein delegasjon på 21 personar frå Universitetet i Oslo til Kina.  – UiO ynskjer ei styrking av samarbeidet mellom Noreg og Kina i forsking og høgare utdanning. Samtidig skal me vera klare over at det framleis er utfordringar når det gjeld Kina, seier rektor Svein Stølen som leier delegasjonen.

TIL KINA: Rektor Svein Stølen drar til Kina med ein delegasjon på rundt 20 personar frå Universitetet i Oslo. Mellom dei er professor i Kina-studiar, Mette Halskov Hansen (t.v) og seniorrådgjevar Gøril Mellem som har jobba med å administrera Kina-turen.

Foto: Martin Toft

Dei 21 forskarane, teknisk-administrative tilsette og leiarane frå UiO drar først til byane Shanghai og Hangzhou. Seinare sluttar dei seg til den offisielle norske delegasjonen frå Kunnskapsdepartementet leidd av Iselin Nybø, som er minister for forsking og høgare utdanning. Truleg vil Noreg ha ein samla delegasjon på nærare 200 personar når alle er på plass. 

Svein Stølen er opptatt av at han som rektor kan vera med på leggja litt trykk på det forskingssamarbeidet som allereie er etablert.

– Det me ynskjer å gjera, er å vera med forskarane som allereie har etablerte, sterke samarbeid med Kina. Forskingsrådet har  INTPART-programmet, som støttar samarbeid der forsking og utdanning er kopla tett saman, og dei som har slike samarbeid med Kina,  er dei som me har invitert med på denne reisa. Det handlar rett og slett om å hjelpa forskarane våre å ha dette akademiske fellesskapet med dei kinesiske forskarane.  Det er det me ynskjer å gjera.  Det at rektor er til stades, gjer at me får litt trykk på samarbeidet og kan byggja vidare på dei gode samarbeida, seier Svein Stølen.

 I 2010 begynte ei istid i det diplomatiske forholdet mellom Kina og Noreg etter at dissidenten Liu Xiaobo fekk tildelt Nobels fredspris. UiO-rektoren synest  det er bra at forholdet mellom landa er blitt normalisert.

– Det er positivt at relasjonen mellom Noreg og Kina har normalisert seg. Universitetet i Oslo ynskjer ei styrking av samarbeidet mellom Noreg og Kina i forsking og høgare utdanning. Samtidig skal me vera klare over at det framleis er utfordringar når det gjeld Kina. Det er enklare når me kan byggja på dei gode relasjonane våre, og me er veldig opptatt av at dette er «bottom up»-initiativ, som forskarane sjølve har initiert. Så er me svært nøgde med at me har ein ganske stor HUMSAM-profil på reisa vår. Det tenkjer me også er viktig i den utviklinga me skal ha og det samarbeidet med skal med dei kinesiske kollegane våre, slår han fast.

– Når det handlar om Kina, er det mykje snakk om menneskerettar og akademisk fridom. Blir det tatt opp under reisa dykkar?

– Dette er ei akademisk reise der me skal diskutera fag, og det er det som er det viktige.  Me skal bidra til at desse faglege samarbeida utviklar seg. Det er klart at ein del av det, er ei kulturell utveksling som er viktig, og der me bidrar til utvikling av forskingsmiljøa der nede.  Det handlar om forsking og om utdanning der dei er opptekne av at deira utdanning ikkje alltid har vore god nok. Dei vil at studentane skal bli meir kreative, at dei skal klara å jobba saman, så sånn sett trur eg også at me bidrar til utviklinga av universiteta til å tenkja meir kreativt og kanskje kritisk også. Me vil sjølve også læra gjennom desse samarbeida.

 • Les også i Uniforum: Rekordstor Kina-delegasjon besøkjer norske universitet

  • Les også i UniforumUiO-rektor vil styrkja forskingssamarbeidet med Kina

– Kan ikkje neglisjera Kina

 – No kom PST (Politiets sikkerheitsteneste) nyleg med kritiske kommentarar om kinesiske forskarar i Noreg og at dei er litt for tett knytte til heimlandet sitt. Kva synest du om det?

– Me skal ikkje vera blåøygde her. Det me er opptekne av, er gode vitskaplege samarbeid. Om me ser på det verda står overfor, står me overfor store globale utfordringar der berekraftsmåla er viktige. I ein del av desse berekraftsmåla er Kina også ein viktig aktør og Kina er ein stor nasjon som me ikkje skal neglisjera. Derfor held eg på det at me skal jobba med vitskaplege problemstillingar, og så veit me at det er utfordringar på immaterielle rettar, på dette om korleis du jobbar med integriteten i forsking og med menneskerettar og så vidare. Temaet for reisa er det faglege. Me har lagt stor vekt på at me ikkje går inn for å laga «top down»-senter. Me går inn for å byggja på dei relasjonar som allereie eksisterer. Av dei initiativa der me blir dregne med, er det som blir kalla for Environmental humanities.  

– Kva gler du deg mest til?

 – Eg er opptatt av å hjelpa våre eigne forskarar til å få desse samarbeida vidareutvikla på ein god måte. Det er det som er rolla mi. Og så er det klart at også eg gler meg til å sjå Kina igjen. Det er lenge sidan eg har vore der.  Faktisk ikkje sidan 1989.  Og så gler eg meg til å koma meg ut i felten til eit område i nærleiken av Shanghai der forskarar jobbar med humanistiske perspektiv på miljø og utvikling.  Det blir fint å få gjort noko anna enn berre å sitja i møterom,  synest Svein Stølen.

Økologisk sivilisasjon

Mette Halskov Hansen er professor i Kina-studiar ved UiO, og ein av dei fremste Kina-kjennarane i Noreg.  No ser ho fram til ein ny tur. Ho har vore med og organisert to seminar på to forskjellige universitet, Zhejiang- universitetet  i Hangzhou og Tsinghua-universitetet i Beijing.

–Temaet er økologisk sivilisasjon. Det er eit kinesisk omgrep og politisk prosjekt som handlar om korleis me skal skape eit meir berekraftig verd og meir berekraftig Kina. Det er både ein politikk og ei ramme, som kinesiske styresmakter har skapt, og det gjer det mogleg for både  forskarar og studentar  å jobba med forskjellige ting som handlar om miljø. På Zhejiang- universitetet har me organisert eitt seminar basert på tett, langvarig forskingssamarbeid med forskarar som me har kjent gjennom svært mange år og som alle jobbar med temaet miljø, sett frå politisk vinkel, frå eit samfunnssynspunkt og ein del kulturelt og historisk. Dessutan har me folk frå naturvitskapane på både UiO og på Zhejiang-universitetet som også kjem for å presentera prosjekta sine. I Beijing har me organisert noko tilsvarande, men med større tyngde frå naturvitskaplege forskarar som mellom anna arbeider med fornybar energi. Me har forskingsprosjekt som får støtte frå forskingsprogrammet «Airborne» som får støtte frå Fri prosjektstøtte (FRIPRO)  frå Forskingsrådet, som handlar om luftforureining i Kina, og det er det samarbeidet me har brukt for å byggja dei  seminara me skal ha i Kina.

– Er det ikkje kjemperart at eit så svært land som Kina med godt over ein milliard innbyggjarar vil samarbeida med Noreg, eit land med fem millionar innbyggjarar, det vil seia på storleik med ein bydel i Beijing?

– Når forskarar samarbeider så ser dei ikkje på landet og kor stort innbyggjartalet er, men på kor interessant forskinga er.  Det handlar også om kjemi mellom forskarar. Me Kina-forskarar er sjølvsagt interesserte i å jobba med kinesiske forskarar og å gjera alt for forstå forholdet til Kina betre. Dei er veldig interesserte i vår teoretiske forståing av ting som går føre seg, og dei er interesserte i kva røynsler me har får Europa og Noreg. Dessutan er dei faktisk svært interesserte i perspektiva våre på  det som går føre seg i Kina. Me har eit nært samarbeid i Kina og alle ynskjer å bidra til betre og meir forsking om miljø og klima, også frå humanistiske perspektiv.

   • Les også i Uniforum: Håpar menneskerettsdialogen med Kina blir tatt opp igjen

   • Les også i Uniforum:    Kina stoppet norsk-kinesisk miljøkonferanse

– Intervjua vanlege folk om luftforureining

Så det er eit ope forhold mellom dykk?

– Ja frå forskar til forskar vil eg seia det er veldig ope. Me arbeider svært godt saman. Det er klart det er nokre ting me kan gjera, medan det er andre ting me ikkje kan gjera. Me må heile tida sjå på kva som er mogleg å få til, førebels på det prosjektet me har om luftforureining.  Der har me leidd eit feltarbeid på landsbygda og i byar i Kina, der me har intervjua vanlege menneske om korleis dei opplever luftforureininga. Det er målingar som viser kor mykje luftforureining dei blir utsette for, og me undersøkjer dei politiske forholda rundt dette.  Det går føre seg på ein open måte.  Det vil ikkje seia det same som at eg påstår det generelt er ope å driva forsking i Kina. Forskarar har mange avgrensingar, og me forsøkjer også å publisera i Kina, men me må gå mange rundar for å finna ut kva me kan skriva og kva me ikkje kan skriva og kor langt er me villige til å gå for å tilpassa oss det som er mogleg.

– Men det er forsking som utgjer ein skilnad?

– Ja, me trur at dette er forsking som utgjer ein skilnad. Og det som Humsam kan bidra med på utvikling og miljø i Kina, er perspektiva på korleis folk opplever forureining, korleis dei vel å leva med det, korleis dei blir nøydde til å tilpassa seg det, korleis dei  reagerer på dei politiske tiltaka som blir innførde, medan i Kina er hovudfokuset på klima og miljø i naturvitskap. Det er først no at det kjem meir og meir Humsam-forsking på det området. Me bidrar til å få eit meir humanistisk perspektiv på det som handlar om miljø. Skal me har nokon sjanse til å løysa miljø-  og klimaproblema i verda, så kan me faktisk ikkje velja å ignorera Kina. Og me kan heller ikkje lata vera å samarbeida med Kina, sjølv om me er klare over at det er store politiske utfordringar og problem med det. Me er nøydde til å finna gode samarbeidsmåtar for å kunna løysa dei miljø- og klimaproblema som både me og Kina står overfor, meiner Mette Halskov Hansen.

  • Les også i Uniforum:  Kina protesterer mot utvising av forskar

  • Les også i Uniforum:  Uønsket i Kina

Nyttig samarbeid med forskarar og studentar i Kina

Biologiprofessor Nils C. Stenseth er leiar for Senter for  økologisk og evolusjonær syntese. (CEES). Han trur Kina-turen kan vera til stor nytte.

 – Eg ser på denne delegasjonsturen som ein viktig måte å synliggjera moglegheiter for kinesiske kollegar og ikkje minst studentar. Det er stor interesse for å samarbeida med europeiske – og blant dei norske – forskarar i Kina, noko som er støtta opp av strategien deira  «One Road One Belt». For oss i Noreg er det spesielt viktig å knyta oss opp mot deira «Three Poles» - initiative, mellom anna opp mot Arven etter Nansen-programmet, understrekar Stenseth. Han viser også til korleis han sjølv har opplevd kontakten med fagfellar og studentar i Kina.

– Eg har sjølv lang erfaring med å jobba saman med kinesiske forskarar og studentar  – samarbeid som har resultert i eit stort tal svært gode publikasjonar, legg han til.

Ei av dei som har jobba lenge med Kina-turen, er Gøril Mellem. Seniorrådgjevaren i Seksjon for forsking, utdanningstøtte og internasjonalisering har administrert besøket til delegasjonen frå Universitetet i Oslo.

– Der har me relativt god kontroll på programmet vårt ved Fudan-universitetet  i Shanghai og Zhejiang i Hangzhou. Når det gjeld det offisielle programmet til  Kunnskapsdepartementet, er det framleis mykje som må landast. Det blir eit svært omfattande, hektisk og spennande program, det er sikkert, konstaterer ho.

Mellem ser fram til seminara  om “Ecological Civilization”,“Plague”, og utdanningsseminaret “Reforming the science curriculum with computing through a culture for learning.“

 – Og eg er veldig glad for at  normaliseringa av det diplomatiske forholdet mellom Noreg og Kina, no truleg vil føra til auka aktivitetar i forskings- og utdanningsarbeidet med Kina, seier Gøril Mellem.

Delegasjonen frå UiO drar på tysdag i forskjellige fly. Frå rektoraret blir også viserektor Åse Gornitzka med. Opphaldet vil vara i ti dagar. 

 

Emneord: Kina, Menneskerettar, Akademisk frihet, Internasjonalisering, Klima Av Martin Toft (tekst og foto)
Publisert 6. apr. 2018 18:26 - Sist endra 6. apr. 2018 21:20
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere