UiO sparkar no i gang Kina-senter i samarbeid med Fudan University

I dag opnar det kinesiske studiesenteret offisielt på Universitetet i Oslo.

– Det er heilt greitt at det kjem kritikk. Ingen skal kunna bestemma over oss om kva tema me tar opp, seier professor i Kina-studiar, Mette Halskov Hansen.

Fleire menn sit framfor eit bord

AVTALE:  Rektor Xu Ningsheng ved Fudan University held tale før han den 26. februar underskriv avtalen med Universitetet i Oslo som gjer UiO til vert for Fudan-European Centre for China Studies. Til venstre sit viserektor Chen Zhimin. I dag opnar senteret offisielt på UiO. (Arkivfoto)

Foto: Skjermdump frå zoom

Det var i desember i fjor det blei klart at Universitetet i Oslo skulle overta som vertskap for Fudan-European Centre for China Studies. Då hadde Københavns Universitet husa senteret sidan 2013. I februar signerte rektor Svein Stølen ved Universitetet i Oslo og rektor Xu Ningsheng ved Fudan University den endelege avtalen under ein felles digital seremoni.

Styret for senteret blir sett saman av fem personar frå UiO og fem frå Fudan University, eit universitet som ligg i Shanghai, og som har hatt eit samarbeid med nordiske universitet i 25 år.

Det vert understreka at senteret fylgjer UiOs institusjonelle retningslinjer, inklusive normene for akademisk fridom. Meininga er at senteret skal vera ope for alle fagdisiplinar i samfunnsvitskap og humaniora, berekraftig utvikling og livsvitskap/medisin og naturvitskapane.

Fudan-europeisk senter for kinastudier (FUCCS):

- etablert ved Københavns Universitet i Danmark i 2013 på initiativ frå Fudan University i Shanghai.

Nettsidene seier at senteret:

- "har som målsetning å fungere som arena for å fremme akademisk samarbeid mellom Kina og Europa innen kinastudier i ordets bredeste forstand"

- "Senteret legger til rette for nye og eksisterende felles forskningsprosjekter, akademisk nettverksbygging og kinesisk-europeisk samarbeid. Fokuset er på forskning, forskningsbasert formidling og utveksling av master- og ph.d.-studenter.

- ved UiO har senteret Rune Svarverud som  direktør i kraft av stillinga som institutttleiar for IKOS.

- senterleiar er Chunrong Liu som held fram i stillinga når senteret  no er flytta til UiO.

Aktuelt: Fudan-europeisk senter for kinastudier blir offisielt opna på UiO i dag under eit digital forskingsseminar. 

(Kjelder: Kjelder: Fudan-Europeisk senter for kinastudier (FECCS) og UiO)

Koronarestriksjonar hindrar innreise for senterleiar

I dag blir den offisielle opninga markert med eit digitalt seminar om klima og miljø, hjerneforsking og science fiction i litteraturen. Professor i kinesisk, Rune Svarverud er instituttleiar for Institutt for kulturstudium og orientalske språk. Og i kraft av den stillinga blir han også direktør for det nye senteret, medan Chunrong Liu som var dagleg leiar i København, også held fram som dagleg leiar for senteret ved Universitetet i Oslo. Men på grunn av innreiserestriksjonane under koronapandemien, slepp han enno ikkje inn i Noreg. Dermed får ikkje senteret eit eige kontor før ved semesterstart i august. Professor i kinesiske studiar Mette Halskov Hansen blir i august viserektor på UiO. Då skal ho som viserektor vera med i styret for senteret saman med viserektor for Fudan University.

– Den første plattforma til å bringa forskarar saman

Rune Svarverud håpar at senteret kan gi fødselshjelp til forskarar frå UiO og resten av Noreg som gjerne vil ha ei hjelpande hand inn i forskingsmiljøa i Kina.

– Senteret skal vera ein inkubator for eit breiare samarbeid mellomforskarar frå UiO og alle andre delar av Europa som ynskjer kontakt og samarbeid med forskarar ved Fudan University innanfor alle relevante fagområde. Det viktigaste med møtet i dag 18. mai er at det er den første plattforma til å bringa forskarar saman og så kan samarbeidet utvikla seg vidare derifrå, seier Rune Svarverud.

– Har publisert 1600 vitskaplege artiklar med kinesiske forskarar

Og professor Mette Halskov Hansen viser til at UiO har ein lang tradisjon med samarbeid med Kina.

– Me har masse samarbeid med Kina frå før på alle fakultet. I løpet av dei siste fem-seks åra har norske og kinesiske forskarar i fellesskap publisert meir enn 1600 vitskaplege artiklar. Innanfor forsking har me veldig mykje samarbeid, men så langt ikkje så mykje innanfor utdanning, fortel ho. Halskov Hansen trekkjer også fram at Fudan University også driv viktig forsking på område som UiO også er opptatt av.- Det gjeld klima og miljø og medisin. Det er forsking som er i fokus for oss, understrekar ho.

– Kvifor har de valt klima, hjerneforsking og framtidsvisjonar og science fiction i litteraturen som tema for det første seminaret som det nye senteret står i brodden for?

– Det er fordi me har forskarar som interesserte i desse tema. Ole Andreassen leier eit senter for hjerneforsking og vil gjerne byggja opp eit samarbeid med Fudan. Eit av dei viktigaste tema som me jobbar med på UiO er klima og energi i til dømes UiO:Energi, og det er mange som ynskjer å samarbeida med Kina om klima og miljø. Og så synest med det er spennande å ha inkludert eit prosjekt innanfor humaniora som handlar om science fiction i litteraturen. Ein av forskarane som held på det, har tidlegare jobba på Fudan University. Derfor syntest me det var ein morosam kombinasjon å ha klima, hjerne og framtida, seier Mette Halskov Hansen.

Rune Svarverud er heilt einig med Mette Halskov Hansen i dette.

– Ja, me ser at dette er eit felt der viktig forsking går føre seg. Det er klare faglege samband og det er veldig lett for forskarar på begge sider å engasjera seg med kvarandre. Me tenkte at dette kunne vera eit godt utgangspunkt for å utvikla samforsking på interessante område, seier Svarverud.

SKJØNAR KRITIKK: Kina-ekspertane, professorane Rune Svarverud og Mette Halskov Hansen står i brodden når UiO opnar Kina-senter saman med Fudan University i dag. – Me skjønar godt problemstillinga. Trass alt er me Noregs største miljø for Kina-forsking og me har diskutert dette internt, seier Mette Halskov Hansen. (Skjermdump frå zoom)

– Eg skjønar svært godt den kritikken

– Det har jo kome ein god del kritikk mot etablering av dette senteret, seinast frå Harald Bøckman som i NRK nyleg uttrykte at han trudde senteret ville tena kinesiske interesser. Kva synest de om kritikken frå Harald Bøckman og andre?

– Eg har høyrt den før, og eg skjønar svært godt den kritikken. Det er verdt å diskutera, svarar Mette Halskov Hansen.

Og så peikar ho på at verken Kina-kritikken eller omstridde tema i Kina er fråverande på UiO.

– Me har diskutert dette veldig nøye på UiO, også med dei som er involverte i dette, og me har landa på ein annan konklusjon enn den Bøckman har kome til. Me skjønar godt problemstillinga. Trass alt er me Noregs største miljø for Kina-forsking og me har diskutert dette internt. Me har også hatt det oppe til diskusjon med alle studentane våre. Vår strategi har vore at me skal vera så opne om dette som mogleg med vår kinesiske partnar. Så alle problema som har dukka opp, har me tatt opp med dei, og så landar me på denne konklusjonen om at det er ein god idé å etablera dette senteret, forklarar Mette Halskov Hansen.

Rune Svarverud trekkjer også fram at dette i hovudsak er eit forskingssamarbeid.

– Dette er eit samarbeid mellom forskarar og forskingsmiljø og med tverrfaglege forskingsmiljø i Kina. Det handlar først og fremst om forsking, poengterer han.

– UiO har sterk integritet

– Så det er ikkje redde for at Kina vil bruka senteret for å sensurera kritikk av politikken i Hongkong, situasjonen i Xinjiang eller menneskerettsbrot i Kina?

– UiO har sterk integritet. Og me har høg grad av tillit. Ingen skal kunna bestemma over oss om kva tema me tar opp. Me underviser om Taiwan, om klimastudiar, om Hongkong, om Xinjiang og uigurar. Me underviser om svært sensitive politiske tema, og det kjem me til å halda fram med, garanterer Mette Halskov Hansen.

Kontoret vil ikkje opna fysisk før til sommaren

Så langt har ikkje senteret etablert seg fysisk på UiO. Rune Svarverud forklarar det med koronarestriksjonane i Noreg.

– Formelt sett begynte den daglege leiaren Chunrong Liu i jobben sin hos IKOS den 1. mai. Men på grunn av restriksjonane på innreise, har han framleis ikkje kunna koma hit til UiO fysisk. Kontoret vil ikkje kunna opna før han fysisk er på plass i Oslo, og det vil ikkje skje før til sommaren, om ikkje pandemien skulle gjera tinga endå vanskelegare. Det kontoret får eit skilt med namnet hans på, og det blir det konkrete senteret. Det er aktivitetane og samarbeidet me ynskjer, og då er ikkje eit svært skilt og eit kontor så viktig, fortel Rune Svarverud.

– Då vil senterleiaren begynna om lag samtidig som du tar til som viserektor for UiO, Mette Halskov Hansen Blir det ein fordel for rektoratet?

– Ja, eg har halde på med Kina sidan byrjinga av 1980-talet og eg kjenner Fudan University svært godt. Og så kjenner eg personleg mange av forskarane der. Det er viktig. I posisjonen min som viserektor blir eg ein av to viserektorar som sit i styringsgruppa. Den andre kjem frå Fudan University. Så me får sjå om det blir ein fordel, smiler ho.

Mette Halskov Hansen vil også minna heile det norske forskingsmiljøet om at det nye senteret ikkje er eit tradisjonelt UiO-senter.

– Det er eit senter som alle norske forskingsmiljø som er interesserte i å etablera forskingssamarbeid med kinesiske forskarar, kan ta kontakt med. Og også med andre europeiske forskarar som held på med relevante tema om Kina, legg ho til.

– Eg gler meg til å få fram endå meir dialog

Rune Svarverud tykkjer også det er viktig å framheva nok ein gong at senteret skal driva med å etablera samarbeid forskarar i mellom, mellom Noreg, Europa og Kina.

– Og ikkje berre mellom dei tre tema som me presenterer i dag tysdag, men også på mange andre område. Eg gler meg til å få fram endå meir dialog og forskingssamarbeid på desse felta, fortel han.

Emneord: Kina, Forskning, Internasjonalisering, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 18. mai 2021 01:00 - Sist endra 18. mai 2021 08:26
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere