Fudan-European Centre for China Studies er klar til å flytta inn på UiO

UiO har no underteikna avtalen med Fudan University som gjer at UiO formelt overtar som vert for Fudan-European Centre for China Studies. Det skjedde under ein virtuell seremoni  i Shanghai og Noreg i formiddag.

Tre menn sit rundt eit bord under ein underskrivingsseremoni

AVTALE:  Rektor Xu Ningsheng ved Fudan University held tale før han underskriv avtalen med Universitetet i Oslo som gjer UiO til vert for Fudan-European Centre for China Studies. Til venstre sit viserektor Chen Zhimin.

Foto: Skjermdump frå zoom

I mai vil Fudan-European Centre for  China Studies fysisk flytta inn hos Institutt for kulturstudiar og orientalske språk på Det humanistiske fakultetet ved UiO.  Med på flyttelasset frå København kjem senterleiar Liu Chunrong.  Senteret får også ein tilsett som skal ta seg av administrative oppgåver.

Fudan-European Centre for China Studies (FUCCS)

- etablert ved Københavns Universitet i Danmark i 2013 på initiativ frå Fudan University i Shanghai.

Nettsidene seier senteret er:

- eit strategisk initiativ for å møta den aukande etterspurnaden for ein meir nyansert og balansert forståing (“a more nuanced and balanced understanding”) av Kinas utvikling og landets globale påverknad ved å engasjera seg i og få fremja Kina-studiar på eit høgt nivå i Europa. Ifylgje nettsidene til senteret set det fokus på kritiske tema ved kinesisk politikk, økonomi, samfunn og kultur gjennom tverrfagleg og samanliknande forsking.

- i Danmark har senteret Duncan McCargo som  direktør. Han er også dagleg leiar for Nordisk institutt for Asia-studiar

- senterleiar er Chunrong Liu som held fram i stillinga når senteret er flytta til UiO. I tillegg har senteret ein lokalt tilsett administrativ leiar.

Aktuelt: – UiO overtar no  senteret og i dag fredag 26. februar blei det  halde ein formellunderskrivingsseremoni. I mai vil senteret opna dørene på HF på UiO.

(Kjelder: Fudan-European Centre for China Studies og UiO)

 

Etter å ha vore lokalisert på Københavns Universitet sidan 2013, skal senteret dei komande fire åra ha tilhaldsstaden sin på Universitetet i Oslo.  Det blei endeleg avgjort av UiO-leiinga i fjor haust.

• Les i Uniforum: No overtar UiO ansvaret for Kina-senter

Knytte saman via zoom

I dag var tida komen for den høgtidlege underskrivingsseremonien med rektor Xu Ningsheng frå Fudan University og rektor Svein Stølen frå Universitetet i Oslo. Medan Fudan-rektoren var på plass ved eit svært møtebord på universitetet saman med fleire frå staben sin, sat UiO-rektoren på ei hytte i vinter-Noreg. Staben hans var spreidd rundt på heimekontora, men alle var lenka saman via zoom.  

Seremonileiar var professor Chen Zhimin, som er viserektor for internasjonalisering og humanistiske fag på Fudan University.   Han gav ordet vidare til Fudan-rektor Xu Ningsheng.

– Eg er glad for at eg kan underskriva avtalen som sikrar at Fudan-European Centre for  China Studies kan leggjast til Universitetet i Oslo. Det er ein fin sjanse for oss til å jobba saman. På grunn av pandemien har denne seremonien blitt virtuell,  men eg håpar det blir mogleg å kunna koma fysisk saman i Shanghai og i Oslo i ei nær framtid, kanskje i løpet av året, var ynsket hans.  

– Kan spela ei viktig og ansvarleg rolle

Fudan-rektoren omtalte avtalen som ein milestolpe i det langvarige samarbeidet mellom Fudan University og Universitet  i Oslo.

– I dag har me mange utfordringar som er så tett knytte saman at dei berre kan bli løyste av oss ved at me arbeider saman.  Det er ingen tvil om at pandemien er ei slik krise som viser at det ikkje finst noko alternativ til globalt samarbeid.  I denne samanhengen kan dei to universiteta våre spela ei viktig  og ansvarleg rolle i å fremja samarbeid og dialog på tvers av kulturar. Det kan me gjera ved å løfta fram framifrå forsking,  sa han.  Rektoren for eit av dei beste universiteta i Kina og i verda hadde trur på at senteret ville spela ei viktig rolle for begge dei universiteta.

– Fudan-European Centre for China Studies vil bli ein viktig reiskap for å byggja ei bru mellom dei to universiteta og hjelpa til med å  løysa andre globale problem som klimakrisa. Eg trur dei yngre forskarane våre kan arbeida saman om dette,  var han overtydd om.  For han var det også ein viktig dag å skriva under avtalen på. – Det er lanternedagen i oksens år.  Tusen takk, avslutta han på norsk.

I BOKS: Då er avtalen mellom Fudan University og Universitetet i Oslo i boks. Rektor Xu Ningsheng og rektor Svein Stølen viser fram avtalepermen.  (Skjermdump frå zoom)

– Tar eit langt steg framover

Heller ikkje UiO-rektor Svein Stølen sparte på lovorda i talen sin. 

– UiO og Fudan University har hatt eit langt samarbeid, ikkje minst gjennom etableringa av det nordiske senteret der.  I dag ser me endå lenger og tar eit langt steg framover.  UiO er eit internasjonalt orientert universitet, og vil også vera eit sentralt universitet for samarbeid med andre universitet både i Noreg og i Europa. Det skjer gjennom alliansane Circle U og The Guild,  understreka han. Han peika også på korleis strategiske forskingssatsingar som UiO: Energi, UiO: Demokrati og medisinske fagmiljø vil bli tett involverte i det nyetablerte senteret på UiO.

– Kan berre løysast i fellesskap

UiO-rektoren trekte dessutan fram korleis  ulike kriser no krev internasjonalt samarbeid.

– Krisene er grenseoverskridande. Både klimaendringane, miljøkrisa og FNs berekraftsmål  kan berre løysast i fellesskap. Også derfor er senteret svært viktig. Eg er glad for at UiO og Fudan University kan skriva under denne avtalen. Og så håpar eg at me også kan møtast fysisk ganske ofte, sa UiO-rektoren.

Så signerte Fudan-rektor Xi Ningsheng avtalen i Shanghai, medan UiO-rektor Svein Stølen gjorde det på høgfjellet i Noreg.

Heile seremonen blei avslutta med eit felles gruppebilete og ein grenselaus applaus.

GLOBALT MØTE: Og slik gjekk det virtuelle møtet mellom Fudan University og Universitetet i Oslo føre seg. Klokka var 9.00 i Noreg og 16.00 i Shanghai i Kina. Deltakarane var frå rektoratet ved UiO og Fudan, frå UiO sentralt og frå fakulteta saman med forskarar som skal nytta seg av tenestene til Fudan-European Centre for China Studies når det blir etablert fysisk på UiO i mai. (Skjermdump frå zoom)

 

Emneord: Kina, Forskningssamarbeid, Interasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 26. feb. 2021 11:58 - Sist endra 26. feb. 2021 11:58
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere