Kinesiske universitet må fjerna tankefridom frå kjerneverdiane sine

Kina har fått tre av toppuniversiteta sine til å fjerna ordet tankefridom frå kjerneverdiane sine. Ved Fudan University i Shanghai protesterte 25 studentar i går ved å syngja ein universitetssong som hyllar tankefridom.

Wang Zhigang, Kinas minister for vitskap og teknologi, heldt opningsforedraget då norske universitetsleiarar blei tatt i mot i Kina i april 2018. (Arkivfoto)

Foto: Tore Oksholen/ Universitetsavisa

Det var tysdag denne veka det kinesiske utdanningsdepartementet kunngjjorde at dei tre universiteta Fudan Universty i Shanghai, Shaanxi Normal og Nanjing hadde fjerna tankefridom frå kjerneverdiane sine.

Dei skal i staden ta inn ein tekst der det står at universitetet «skal rusta opp tankane til lærarar og studentar ved å bruka Xi Jinpings sosialistiske ideologi med sine karakteristikkar av Kina i ein ny era», melder The Guardian, som brukar nyhendebyrået Reuters og Twitter som kjelder.  På det sosiale mediet Weibo, har mange kommentert at dette tyder på at  Det kinesiske kommunistpartiet vil utvida kontrollen over universiteta. For i eit anna tillegg heiter det at «partikomiteen er kjernen til universitetet.»

Denne endringa fekk altså 25 studentar ved Fudan University til å bruka lunsjpausen sin i går  til å syngja universitetssongen som hyller tankefridomen. Dei tok opp ein video og la den ut på Twitter, slik at heile verda skulle få vita om det.

Fudan University i Shanghai er på 109.–plass på Times Higher Educations rangering over verdas beste universitet. Det har ord på seg for å vera mellom dei mest liberale universiteta i Kina.

Nordiske universitet har også eit utstrekt samarbeid med Fudan University. Der har dei etablert eit eige nordisk senter som ein del av universitetet.

Nyleg blei det kjent at Fudan University skal etablera sitt første campus utanfor Kina i Budapest i Ungarn. Det melder Hungary Today.Det skjer kort etter at Forskerforum kunne melda at the Central European University i Budapest er blitt pressa ut av Ungarn, og no har flytta til Austerrikes hovudstad Wien. Det blei grunnlagt av den ungarsk-amerikanske milliardæren George Soros.

Av Martin Toft
Publisert 19. des. 2019 11:15 - Sist endra 19. des. 2019 11:15
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere