Aktivist for forfylgde akademikarar får UiOs menneskerettspris

Robert Quinn tok i 1999 initiativet til å danna Scholars at Risk for å verna forfylgde akademikarar over heile verda. No er han tildelt UiOs menneskerettspris for 2012.

FÅR MENNESKERETTSPRIS: Scholars at Risk og direktør Robert Quinn er tildelt UiOs menneskerettspris for 2012. (Arkivfoto)

Foto: Bente Hennie Strandh

I land som Zimbabwe, Kongo, Colombia, Irak, Iran og Kina blir akademikarar forfylgde for meiningane og forskingsfunna sine. Organisasjonen Scholars at Risk arbeider for å verna dei som har det aller vanskelegast. Ofte fører det til at dei får akademikarane ut av heimlandet og gir dei eit tilbod om ei mellombels forskarstilling ved eit universitet i eit land som vil vera trygt for dei.

I Noreg er over 15 universitet, høgskular og forskingsinstitutt med i organisasjonen, som har hovudkvarteret sitt ved New York University  i USA.  No blir direktør og initiativtakar Robert Quinn  heidra med Universitetet i Oslos menneskerettspris, som opphavleg heitte Lisl og Leo Eitiners pris. Universitetsstyret bestemte dette samrøystes 19. juni. Robert Quinn vil få utdelt prisen under ein seremoni i Gamle festsal i Urbygningen seinare i år.

Forkjempar for akademisk fridom

Prorektor Inga Bostad har leidd priskomiteen og synest det er ein velfortent prisvinnar:

– Robert Quinn og Scholars at Risk har ikkje berre jobba for å verna truga akademikarar over heile verda. Organisasjonen har også vore forkjemparar for akademisk fridom for alle akademikarar uansett kvar dei bur. UiO har vore med frå 2001 og har heile tida arbeidd for at universitet, høgskular og forskingsinstitutt både i Noreg og Europa også må slutta seg til nettverket til Scholars at Risk, seier Inga Bostad til Uniforum.

Kraftig åtvaring mot akademikarar

I 2007 besøkte Uniforum direktør Robert Quinn og Scholars at Risk i hovudkvarteret ved New York University.  Då fortalde han om arbeidet dei gjer og kom samtidig med ei kraftig åtvaring til diktatorar som forsøkte å undertrykkja akademikarar.

Dette er et krevende arbeid. Vi er glad hvis vi finner en match for 1 eller 2 % av kandidatene våre, sier Quinn, som mener diktatorer gjør en stor feil når de angriper nettopp denne gruppen yrkesutøvere. - Forskere rundt om i verden er ganske like. Det er målbevisste, stae mennesker, som foretrekker å sitte fordypet i materialet sitt. Så snart myndighetene begynner å plage dem, kan det resultere i at de går fra å være helt ufarlige til å bli mektige opposisjonelle. (Uniforum, 12. mars,2007).

Verste områda for akademikarar

I 2010 gav UNESCO ut rapporten ”Education Under Attack”. Den viser at 60 prosent av alle forfylgde akademikarar kjem frå Nord-Afrika, Midtausten eller Afrika sør for Sahara. Universitetet i Oslo har vore med i nettverket sidan 2001, og i 2011 var til saman 15 norske universitet og forskingsinstitutt med i Scholars at Risk, som også har fått ei norsk avdeling.

UiOs menneskerettspris blir delt ut av prorektor Inga Bostad Georg Sverdrups hus  måndag 19. november.

Les meir om Scholars at Risk i Uniforum:

Forfylgde akademikarar kan få vern i Noreg

Scholars at Risk: Menneskerettigheter og akademia

Gir akademisk nødhjelp

Forskar i asyl

 

 

 

 

 

 

 

 

Emneord: Menneskerettar, Internasjonalisering, UiOs priser Av Martin Toft
Publisert 27. juli 2012 12:47 - Sist endra 28. juli 2012 14:37
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere