Forfylgde akademikarar kan få vern i Noreg

Den norske seksjonen av Scholars at Risk blei måndag 23. mai etablert av høgskular og universitet under ei tilskiping ved Høgskolen i Oslo. – Me tar gjerne æra for at dette er blitt realisert, seier dagleg leiar Ragnhild Therese Nordvik i Studentenes og Akademikernes Internasjonale Hjelpefond (SAIH). På lanseringa deltok forfylgde akademikarar frå Iran (biletet), Zimbabwe og Burma. 

HÅPET SOM FORSVANN: Etter protestane mot resultatet av presidentvalet i Iran i 2009, måtte mange akademikarar søkja vern i utlandet. Nokre av dei har fått hjelp frå Scholars at Risk.

Foto: Martin Toft

Det var ein stor dag for SAIH då 15 norske høgskular, universitet og organisasjonar måndag 23. mai deltok i lanseringa av ein norsk seksjon av Scholars at Risk. Organisasjonen har sidan den blei oppretta i Chicago 1999, gitt råd, rettshjelp og opphald til akademikarar i 122 land. Den norske seksjonen skal arbeida for å setja akademisk fridom på kartet, men også halda på med politisk press for akademikarar som er fengsla eller må leva i skjul.Universitetet i Oslo og Noregs geologiske undersøking (NGU)  har lenge vore med i nettverket, men no fylgjer andre universitet og høgskular etter.

– Dette har me arbeidd for å få til heilt sidan kampanjen vår ”Akademisk fridom”  starta i 2008, så me vil gjerne ha ein god del av ansvaret for at denne seksjonen er blitt lansert. Det er studentane som har  drive den naudsynte lobbyverksemda på lærestadene, seier dagleg leiar Ragnhild Therese Nordvik til Uniforum.

Verst i Midtausten og Afrika

I fjor gav UNESCO ut rapporten ”Education Under Attack”. Den viser at 60 prosent av alle forfylgde akademikarar kjem frå Nord-Afrika, Midtausten eller Afrika sør for Sahara.

To av gjestane på lanseringa kjem frå Iran og Zimbabwe. Den kvinnelege akademikaren frå Iran med dekknamnet Faal og statsvitskapsprofessoren Peter Magaya frå Zimbabwe har begge fått vern i Nederland etter å ha blitt forfylgde i heimlanda sine for dei akademiske og politiske aktivitetane dei har halde på med.

– Det er alltid når akademikarane trengst mest, at dei blir forfylgd mest. Difor skjer det ofte i fattige land som ikkje har etablert demokratiske institusjonar der det er eit klart skilje mellom den lovgjevande, den utøvande og den dømmande makta, seier Peter Magaya. Han underviste i statsvitskap på University of Zimbabwe.

– Spionert på i Washington

– Då såg eg stadig menn som var på alder med faren min sitjande i auditoriet. I over fem år sat dei der utan å ta ein einaste eksamen. Eg forstod difor at det var meg dei ville overvaka. Men til og med ein gong eg heldt ei forelesing på George Washington-universitetet i Washington, der eg hadde sagt fleire kritiske ting om Robert Mugabes styre i Zimbabwe, kom det nokre menn frå Zimbabwe bort til meg og sa at dei ville rapportera alt eg hadde sagt til styresmaktene i heimlandet mitt. Så heller ikkje i USA kan eg føla meg trygg på at Mugabes regjering ikkje overvakar meg, seier Magaya til Uniforum.

Måtte dra for å unngå fengsel  

Faal ville eigentleg ikkje forlata Iran, men klarte ikkje å lata vera å kjempa for menneskerettane. – Om eg hadde halde fram med det, ville eg ha hamna i fengsel. Gjennom ein iransk venn, fekk eg kontakt med Scholars at Risk, som sytte for at eg fekk vern i Nederland, slik at eg kan få fullført ph.d.-graden min, seier ho til Uniforum. 

– Iran og Zimbabwe samarbeider

Ingen av dei to kjenner kvarandre frå før, men begge har mykje å snakka med kvarandre om. – Veit du at iranske ingeniørar har bygd kringkastingsnettverket i Zimbabwe. Ja, iranske forretningsmenn har dessutan kjøpt opp farmane som tidlegare var eigde av kvite godseigarar. Og iransk olje kjem til Zimbabwe, medan Iran får uran frå Zimbabwe. Det er ein grei byttehandel. Ja, til og med kjøretøya med vasskanoner med farga vatn, kjem frå Iran. Det fører til at det blir lett å identifisera dei som har deltatt i ein demonstrasjon på grunn av fargen på kleda, seier Magaya.

Folk hjelper kvarandre 

– Under demonstrasjonane i 2009 tok vanlege folk inn skadde demonstrantar, og gav dei nye klede. Ingen torde å dra til sjukehusa, for der blei du arrestert av politiet uansett kor sterkt skadd du var. I ein slik situasjon kjem den sosiale faktoren inn. Folk finn nye måtar å hjelpa kvarandre på, seier Faal.

Begge synest det er viktig at Scholars at Risk som har hjelpt dei, også etablerer seg i Noreg.

– Det er viktig for akademikarar i frie og demokratiske land å sjå at akademisk fridom ikkje er ein sjølvsagt rett i alle land. Då blir dei meir merksame på det, og det vil hindra at den akademiske fridomen sakte, men sikkert blir uthola, også i utvikla land, seier Magaya. 

– Kina må også kritiserast

Men han er opptatt av at Vesten må kritisera alle land som bryt menneskerettane eller den akademiske fridomen. – Difor bør dei heller ikkje nøla med å kritisera Kina, når det landet bryt både menneskerettane og den akademiske fridomen. Då skal ein ikkje ta omsyn til at landet er ei økonomisk stormakt. Berre på den måten kan landa i Vesten få legitimitet når dei kritiserer brot på menneskerettar. Dei må kritisera alle, meiner Magaya.

Og Faal er heilt einig.

– Det er sjølvsagt kjempeviktig. Alle landa som bryt menneskerettar må kritiserast for det uavhengig av politisk ideologi, meiner ho.

– Om den akademisk fridomen blir broten ved eit universitet i Iran, må alle dei andre universiteta i verda reagera. Ein for alle, alle for ein, er eit fint prinsipp, meiner Magaya.   

– Har du håp om ein dag å kunna venda tilbake til Zimbabwe som forskar, Magaya?

– Ja, når Mugabe er død. Han er 87 år, og mora hans døydde då ho var 100, så det kan framleis ta litt tid, smiler han trist.

– Og du, Faal?

– Eg håpar det let seg gjera, men eg fryktar det vil ta lang tid. Dessutan så vil ikkje eit regimeskifte forandra på alt. Det gjeld å endra på institusjonane og dagens generasjonar, som på mange måtar er vovne inn i systemet. I dag kan ikkje dei som har ulik politisk ståstad, snakka saman. Det må dei også læra seg, før det går an å ha eit demokrati i Iran. 

– Gir ikkje utviklinga i Tunisia og Egypt grunn til håp?

– Jau, til ein viss grad. Men der må dei byggja dei demokratiske institusjonane opp igjen frå botn av. Og det er ikkje gjort over natta, er dei einige om.

Akademisk fridom inn på rankinglistene?

Inne på lanseringsmøtet fekk prorektor Inga Bostad frå UiO spørsmål frå SAIH om ikkje akademisk fridom burde inn som eit element i rankingslistene over universiteta i verda. 

– Ja, det burde me prøva å få til, svarte ho, før ho la til: – Akademisk boikott er me i alle fall einige om ikkje er ein god idé. Vår oppgåve som akademisk institusjon er å byggja bruer mellom forskarar og universitet. I Kina deltar UiO faktisk i eit samarbeid som inneber undervisning i og forsking på menneskerettar, slo ho fast.

Den administrerande direktøren for Scholars at Risk-nettverket, Robert Quinn, uttrykte stor glede over avleggjaren i Noreg.

– På denne måten har også norske akademikarar høve til å gi sitt bidrag til vern om det felles godet, akademisk fridom, ved å gi ein sikker opphaldsstad og ei frihamn til akademikarar som ikkje lenger har den fridomen, meinte han.

 

  

 

Emneord: Menneskerettar, Internasjonalisering, Zimbabwe, Iran, Studentforhold Av Martin Toft
Publisert 23. mai 2011 17:15 - Sist endra 24. mai 2011 10:04
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere