Leiar: UiO bør be samar og nasjonale minoritetar om orsaking

Det er viktig at UiO no vedgår og tar på seg ansvaret for den uretten og trakasseringa forskarar ved institusjonen har utført i ord og handling mot samar, kvenar og skogfinnar under fornorskingstida.

RAPPORT: Kommisjonsleiar Dagfinn Høybråten og kommisjonsmedlem Liv Inger Somby avduka  også kunstverket som er hovudbiletet på framsida av rapporten frå Sannings- og forsoningskommisjonen som blei lagt fram i Stortinget i juni 2023. (Arkivfoto)

Foto: Ola Gamst Sæther

I over 100 år dreiv Noreg ein aktiv fornorskingspolitikk overfor samar og nasjonale minoritetar i Noreg. Ideologien for den politikken blei lagt av leiande forskarar ved Universitetet i Oslo. Mellom dei er både historikaren Ernst Sars, geologen W.C. Brøgger, medisinaren Fridtjof Nansen, folkeminnesamlaren Moltke Moe og medisinprofessoren Kristian Schreiner.

Sistnemnde er mest berømt for å stå bak «De Schreinerske Samlinger» på UiO, ei samling av hovudskallar samla inn frå samiske gravplassar i Finnmark. Dei mest berømte var hovudskallane til Aslak Hætta og Mons Somby som leia Kautokeino-opprøret og seinare blei avretta for dette. Etter at NRK Sapmis journalist Johs. Kalvemo avslørte dette, blei dei to hovudskallane gravlagde på Kåfjord kyrkjegard i Alta kommune i november 1997. Då var også UiO-rektor Lucy Smith til stades. 

Då vil det også vera viktig å få fram korleis forskarar ved UiO tidlegare har vore med på og lagt grunnlaget for ein fornorskingspolitikk som har gått hardt utover både samar, kvenar og skogfinnar

I 1999 bad det dåverande Universitetsstyret med rektor Kaare R. Norum og prorektor Rolv Mikkel Blakar i brodden Sametinget på vegner av det samiske folket om orsaking for innsamlinga av hovudskallar og forskinga som blei gjort på dei. Då var også den dåverande visepresidenten for Sametinget Ragnhild Nystad til stades.

• Les også: Kollegiet bad Sametinget om orsaking

UiO og Sametinget utforma seinare ein avtale om korleis materialet i samlinga skulle forvaltast og kva reglar som skulle gjelda for forsking og mogleg gjengravferd. Det førte til at det i 2008  blei sett ned eit eige Skjelettutval.

Men den dårlege behandlinga av det samiske folket orkestrert av forskarar ved Noregs einaste universitet, starta lenge før Kristian Schreiner og kona hans Alette begynte å samla inn hovudskallar og skjelett frå samiske kyrkjegardar i Finnmark.

• Les også: Det var stor etterspørsel etter samiske hoder

I ein artikkel  pensjonert jussprofessor Kirsti Strøm Bull ved UiO publiserte i Nytt norsk tidsskrift i fjor, «Vitenskapens rolle i fornorskningstiden» dokumenterer ho haldningane til samar og kvenar som kom fram i leiande historieverk i Noreg frå slutten av 1800-talet og fram til fornorskingspolitikken blei avskilta for nokre tiår sidan. Arkitektane bak var vitskapsfolk frå Universitetet i Oslo.

I eitt av verka «Norge i det nittende århundrede» frå 1900, vert det gitt ei brei og positiv skildring av det norske folk frå Setesdal i sør til Telemark, Gudbrandsdalen og Østerdalen i aust og Jæren, Hardanger og Sunnmøre i vest. I dei tre artiklane om Finnmark vert samane omtalte som eit lågtståande folk, barnslege og primitive. Bak verket står blant andre historikaren Ernst Sars, medisinaren Fridtjof Nansen, geologen W.C. Brøgger og folkeminnesamlaren Moltke Moe. Heller ikkje sosiologifagets far Eilert Sundt går heilt fri når det gjeld negativ omtale av samane.

Ein annan sentral bidragsytar til historieverket var styraren for Universitetets Etnografiske museum i Christiania Yngvar Nielsen. På slutten av 1800-talet kom  han med sin framrykkingsteori om at sørsamane ikkje hadde noko gammal historie i Røros-området, men først kom til desse traktene etter at bøndene alt hadde begynt å bruka dette fjellområdet. Det fekk mange negative konsekvensar for sørsamane i mange rettssaker ifylgje artikkelen til Strøm Bull. Og fram til for kort tid sidan har historikarar ved NTNU forsvart den teorien. Men i desember 2023 kom NTNUs rektor Anne Borg med ei orsaking overfor sørsamane for korleis historia deira er blitt behandla ved institusjonen.

Her kan NTNUs orsaking stå som eit eit godt døme

I 2023 presenterte også Sannings- og forsoningskommisjonen sin rapport over fornorskingspolitikken overfor samar, kvenar og skogfinnar i Noreg. Nokre av tilrådingane Sannings- og forsoningskommisjonen kjem med er å gjera det samiske og dei nasjonale minoritetane meir synlege i samfunnet.

• Les også: – Dei skulle bli norske og gløyma sitt eige språk og sin eigen kultur

For Universitetet i Oslos del vil dette seia også å gi deira historie plass i undervisninga og forskinga. Då vil det også vera viktig å få fram korleis forskarar ved UiO tidlegare har vore med på og lagt grunnlaget for ein fornorskingspolitikk som har gått hardt utover både samar, kvenar og skogfinnar. Det er derfor svært viktig at jussprofessor Kristin Bergtora Sandvik og medieprofessor Eli Skogerbø har tatt initiativet til at det blir gjort. Samtidig har dei i eit debattinnlegg også lagt fram ein plan om kva som kan gjerast. 

• Les også: Ber UiO gjera samar og nasjonale minoritetar synlege i utdanninga

Det er viktig at UiO no vedgår og tar på seg ansvaret for den uretten og trakasseringa forskarar ved institusjonen har utført i ord og handling mot samar, kvenar og skogfinnar under fornorskingstida. Her kan NTNUs orsaking stå som eit eit godt døme. Det er på tide at også UiO ber samar og nasjonale minoritetar om orsaking.   

 

Emneord: Menneskerettar, samisk, Universitetspolitikk Av Martin Toft, ansvarleg redaktør
Publisert 7. nov. 2025 15:35 - Sist endra 10. nov. 2025 13:54

Logg inn for å kommentere