Kollegiet ba Sametinget om orsaking

Innhold Neste Uniforum nr. 13 1999


- Det var sterkt for meg å oppleva dette. Det sa Sametingets visepresident Ragnhild Nystad til Uniforum etter at eit samla Kollegium hadde bede samefolket om orsaking og vedtatt å rydda opp i bruken og forvaltinga av den samiske skjelettsamlinga ved Anatomisk institutt.

Av Martin Toft

Vedtaket frå det siste kollegiemøtet inneber også at det skal setjast ned ein internasjonal komité som skal vurdera den vitskaplege verdien av ”De Schreinerske Samlinger”. Det er denne samlinga ved Anatomisk institutt som har den samiske skjelettsamlinga i si varetekt. Det er rektor ved Universitetet i Oslo som skal oppnemna medlemane av denne komiteen.

I tillegg vedtok Kollegiet at Det medisinske fakultetet i samarbeid med Sametinget, parallelt med arbeidet i den vitskaplege komiteen, skal skilja ut det samiske materialet som let seg identifisera utan ein omfattande revisjon av samlinga. Med utgangspunkt i innstillinga frå Lønningutvalet, som blei nedsett for å sjå på UiOs handsaming av kravet om utlevering av delar av det samiske skjelettmaterialet, skal det fastsetjast mellombelse retningslinjer for bruk og forvalting av skjelettmaterialet ved Instituttgruppe for medisinske basalfag.

Dessutan ber Kollegiet om at framlegget om å oppretta ein eigen uavhengig nasjonal komité som skal vurdera alle forskingsprosjekt med skjelettmateriale, blir tatt opp når fråsegna frå den internasjonale vitskaplege komiteen ligg føre. Dette framlegget har kome frå Den nasjonale forskingsetiske komité for medisin.

Forhistoria

Bakgrunnen for denne saka er førespurnaden frå Niillas A. Somby frå 7. februar 1985, om å få utlevert Mons Sombys hovudskalle for gravlegging. Saman med Aslak Hætta blei Mons Somby dømd til døden og halshogd i 1854 for å ha deltatt i Kautokeino-opprøret to år tidlegare. Etter avrettinga blei begge hovudskallane innleverte til Anatomisk institutt ved Det Kongelige Frederiks Universitet i Christiania. Utleveringskravet blei vurdert av juristen Erik Røsæg som konkluderte med at Anatomisk institutt var pliktig til å få hovudet gravlagd, og at Niillas A. Somby, som representant for dei næraste nolevande slektingane, hadde rett til å få utlevert hovudet for gravlegging. (Kjelde: Kirsti Strøm Bull: Da forskerne tapte hodet, Kritisk Juss, 4/96.)

Mons Sombys hovudskalle blei utlevert 5. august 1996, og etter at Aslak Hættas hovudskalle blei funne ved Københavns Universitet ei stund seinare, blei det halde ein felles gravferdsseremoni i Talvik kirke i Alta hausten 1997. Like etterpå vedtok Kollegiet å setja ned ein komité leia av Inge Lønning som skulle vurdera kva som skulle gjerast med resten av det samiske skjelettmaterialet ved Anatomisk institutt.

Tener ikkje UiO til ære

På vegner av Kollegiet ba prorektor Rolv Mikkel Blakar Sametinget om orsaking for måten skjelettsamlinga var blitt samla inn på og måten etterkomarane av Mons Somby og Aslak Hætta hadde blitt møtt på av Universitetet i Oslo, då dei hadde bede om å få utlevert hovudskallane.

Dette er ei lang og kronglete historie som ikkje tener UiO til ære, og eg håpar at eg aldri meir kjem til å leggja fram ei liknande sak for Kollegiet. Men i alle fall har me no vist evne til å koma til botn i denne saka, sa Blakar, som også ville understreka kvifor det var så viktig for slektningane til Mons Somby og Aslak Hætta å få utlevert hovudskallane deira.

I den tradisjonelle samiske tolkinga av at dei døde skal stå opp att på den ytterste dagen, kan dette berre skje dersom hovudskallen er saman med resten av skjelettet, forklarte han.

Eg føler at Universitetet i Oslo no har sett denne saka i eit nytt og konstruktivt lys. Dessutan har Kollegiet gitt Sametinget full rett til å bestemma kva som skal skje med den samiske delen av skjelettsamlinga ved ”De Schreinerske Samlinger”, sa Sametingets visepresident , Ragnhild Nystad i ein kommentar til kollegievedtaket.


Innhold Neste Uniforum nr. 13 1999

Publisert 20. sep. 1999 15:50 - Sist endra 13. mai 2019 14:01
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere