– Dei skulle bli norske og gløyma sitt eige språk og sin eigen kultur

I dag har Sannings- og forsoningskommisjonen kunngjort konsekvensane fornorskingspolitikken har ført til.  – No er det tid for eit oppgjer med nasjonen sin urett overfor samar, kvener/norskfinnar og skogfinnar, sa kommisjonsleiar Dagfinn Høybråten i Stortinget. 

To menn står framfor ein talarstol i Stortinget

FEKK RAPPORT: Stortingspresident Masud Gharakhani fekk overrekt rapporten frå Sannings- og forsoningskommisjonen frå kommisjonsleiar Dagfinn Høybråten.  

Foto: Ola Gamst Sæther

Det var Lagtingsalen i Stortinget som var scena for kunngjeringa av rapporten frå Sannings- og forsoningskommisjonen i formiddag.  Då overrekte kommisjonsleiar Dagfinn Høybråten rapporten til stortingspresident Masud Gharakhani.  Først kom han med han ein gjennomgang av innhaldet i den bokstavlege talt tunge rapporten frå kommisjonen.  

– Sanninga er at Noreg ikkje har ei  historie å vera stolt av når det gjeld behandlinga av både urfolk og nasjonale minoritetar, som samar, kvenar/norskfinnar og skogfinnar, sa han. 

Kommisjonen har funne ut at fornorskings- og assimilasjonspolitikken tok til på byrjinga av 1800-talet.  Då blei det ført ein assimilasjonspolitikk som skulle få urfolk og nasjonale minoritetar i Noreg til å gi opp språka og tradisjonane sine.

– Dei skulle bli norske og gløyma sitt eige språk og sin eigen kultur. Hardast råka blei samane, men det ramma også kvenar og skogfinnar,  trekte han fram. 

Medlemar i kommisjonen: 

Dagfinn Høybråten, generalsekretær for Kirkens Nødhjelp, leiar

Professor Ivar Bjørklund, Tromsø

Forsker Håkon Hermanstrand, Kolvereid

Biskop emeritus Per Oskar Kjølaas, Tromsø

Professor Pia Lane, Oslo

SeniorrådgivarAnne Kristin Gurák, Hamarøy

Forskar Marit Myrvoll, Evenes

Professor emeritus Einar Niemi, Vadsø

Professor Anne Julie Semb, Oslo

Direktør Liv Inger Somby, Kautokeino

Professor emeritus Aslak Syse, Oslo

Førsteamanuensis Ketil Zachariassen, Tromsø

– Skyggar inn i vår tid

Dagfinn Høybråten refererte også til ei personleg historie kommisjonen hadde fått. 

– Ei kvensk kvinne sa til oss at ho håpa at innhaldet i rapporten kunne vera med på å løfta opp alle. Og så tykte ho det ville ha vore fint om forsoninga generelt kunne nå heile  befolkninga, sa han. 

For eiga rekninga la han til. 

– Konsekvensen av forsknorskinga fører med seg skyggar inn i vår tid. Vedtak i Stortinget og forvalting av tenester har alle hatt fornorsking som mål, peika han på. Han trekte fram eit spesielt døme frå 1860. 

– Då vedtok Stortinget å dekkja utgiftene Røros kommune hadde hatt med å setja bort samiske barn til norske familiar. Det viser at det også var sterke innslag av fornorsking i Sør-Noreg, understreka han.

Dagfinn Høybråten skildra korleis fornorskingspolitikk og assimilasjonspolitikk  mot både samar, kvenar/norskfinnar og skogfinnar var like intens mot alle desse gruppene fram til krigen. 

– Det var auka press mot næringar, jordbrukskolonisering og vegbygging som ein del av denne politikken, slo han fast.

Men fornorskingspolitikken overfor kvenar/norskfinnar og skogfinnar tok slutt etter 2.verdskrigen. 

– Då  var det stille om kvenar og skogfinnar fordi dei norske styresmaktene rekna fornorskinga av dei som fullført, Men fornorskingspolitikken overfor samane tok ikkje slutt før på slutten av 1900-talet, konstaterte han.  

– Framleis opplever folk urett og negative verknader som har sine røter i den lange historia med fornorskingspolitikk. No er det tid for eit oppgjer med nasjonen sin urett overfor samar, kvenar/norskfinnar og skogfinnar, sa  kommisjonsleiar  Dagfinn Høybråten då han la fram rapporten. 

Av kommisjonsmedlemane er det berre professor emeritus Aslak Syse  ved Institutt for offentleg rett på UiO som ikkje sluttar seg heilt og fullt til innhaldet i rapporten. Ifylgje VG meiner han urfolk og nasjonale minoritetar i for stor grad blir framstilte som offer og er  kritisk til korleis fornorskinga av samar blir framstilt i rapporten. 

Føreslår tiltak

På vegner av resten av kommisjonen la Dagfinn Høybråten også fram tilrådingar om fire pilarar som ein framtidig forsoniingspolitikk kan kvila på: Kunnskap og forsking. Språkopplæring. Formidling av  historia til urfolka og dei nasjonale minoritetane og etablering av eit senter for forsking og dokumentasjon av urett mot samar, kvenar/norskfinnar og skogfinnar.  

– Me har som eit mål at at det skal bli ei auka satsing på vaksenopplæring i samisk, kvensk/norskfinsk og skogfinsk, sa han.

• Les også i Uniforum: UiO-professor Pia Lane: – Eg tok tilbake kvensk som vaksen

I ei pressemelding frå kommisjonen går det også fram at dei samla konsekvensane av fornorskinga påverkar høvet til å fortsatt eksistera som etniske grupper. Tap av språk og kultur er både ein konsekvens av fornorskingspolitikk og mangel på positive tiltak i nyare tid. Eit døme l på urett er manglande gjennomføring av vedtatt politikk i nyare tid mynta på å styrkja minoritetar sin kultur. Kommisjonen meiner dette er så utbreidd at den kallar det eit implementeringsgap.

AVDUKA KUNSTVERK: Kommisjonsleiar Dagfinn Høybråten og kommisjonsmedlem Liv Inger Somby avduka også kunstverket som er hovudbiletet på framsida av rapporten frå Sannings- og forsoningskommisjonen. (Foto: Ola Gamst Sæther) 

– 760 personlege historier

Sjølv om fornorskingspolitikken offisielt har opphøyrt  i Noreg, viser granskninga at samfunnsprosessar som fører til fornorsking ikkje har stoppa opp, går det fram av pressemeldinga.  Fornorskingspolitikk og urett har djuptgående negative konsekvensar for gruppene sin  kultur, språk, helse og tradisjonelle næringar.

Sannings- og forsoningskommisjonen si gransking viser at fornorskinga har ramma mykje breiare og vore  meir inngripande på fleire samfunnsområde  enn tidlegare kjent. Særleg barn og unge har blitt ramma av fornorskingstiltak gjennom heile fornorskingshistoria, heiter det i pressemeldinga frå kommisjonen.  

– Kommisjonen har med over 760 personlege historier, fortalde Høybråten i Stortinget.

– Me har møtt tusenvis av personar i løpet av dei fem åra sidan kommisjonen blei oppnemnt. No leverer me ein rapport om sanning og forsoning. Det er ein stafettpinne som me leverer tilbake til oppdragsgjevaren vår Stortinget med ei oppfordring om å bringa den vidare. Denne vidare sjansen til forsoning må takast vare på, var oppmodinga frå Dagfinn Høybråten på vegner av kommisjonen. 

– No overtar Stortinget

Stortingspresident Masud Gharakhani tok imot rapporten. 

– Det er avgjerande å få alle desse historiene fram i lyset. På vegner av Stortinget vil eg takka for oppdraget.  Det er alvorlege resultat. No har kommisjonen gjort sin jobb. No overtar Stortinget. Først skal den gå til Kontroll- og konstitusjonskomiteen for å sikra at den alle instansar blir høyrde. Me skal ta ansvar for at forsoningsarbeidet skal lykkast, lova Masud Gharakhani. 

Kommisjonens arkiv med grunnlagsmaterialet for granskinga, som blant anna inkluderer over 760 personlege historier, skal overleverast Arkivverket. Kommisjonen har gjort tilgjengeleg åtte eksterne utgreiingar som har blitt utarbeidde for kommisjonen.

Kommisjonen sin rapport kan lastast ned via Stortingets nettside. 

 

Emneord: Menneskerettar, Stortinget Av Martin Toft
Publisert 1. juni 2023 16:18 - Sist endra 1. juni 2023 19:21

Logg inn for å kommentere