UiO-professor Pia Lane: – Eg tok tilbake kvensk som vaksen

– Det er også historia til min familie som rullar ut og viser bakteppet for at dei vaksne valde å snakka kun norsk til oss, fortel kvenskspråklege Pia Lane, medlem av Sannings- og forsoningskommisjonen og professor i fleirspråklegheit på UiO.  

I STORTINGET: UiO-professor  og kommisjonsmedlem Pia Lane var på plass i Stortinget då Sannings- og forsoningskommisjonen la fram rapporten sin i dag. 

Foto: Ola Gamst Sæther

Klokka 12 i dag la Sannings- og forsoningskommisjonen fram rapporten sin om fornorskingspolitikken overfor samar, kvenar/norskfinnar og skogfinnar. Det skjedde i Lagtingsalen i Stortinget.

Ein av medlemane i kommisjonen er Pia Lane, professor i fleirspråklegheit ved Universitetet i Oslo. Ho har sjølv bakgrunn frå det kvenskspråklege fiskeværet Bugøynes i Sør-Varanger kommune i Finnmark. Det er faglege grunnar og ikkje geografiske som er grunnen til at ho og dei andre kommisjonsmedlemane blei oppnemnde. 

• Les meir– Dei skulle bli norske og gløyma sitt eige språk og sin eigen kultur

– Eit arbeid med eit veldig stort ansvar

Pia Lane fortel Uniforum gjerne om korleis ho opplevde arbeidet i kommisjonen.

– For mange av oss var nok det mest overraskande at det var veldig mykje me ikkje visste. Så me har lært av kvarandre undervegs, av arkivgranskingar og ikkje minst alt det som folk har delt med oss, seier ho til Uniforum i Vandrehallen like etter at den formelle overleveringa av rapporten er over.  

– Det å få  fornorskingshistoria og fornorskingspolitikken og kva konsevensane er i dag opp i eit samanhengande bilete kombinert med erfaringar og historier som folk har delt med oss, har til tider vore overveldande. Dette er eit arbeid med eit veldig stort ansvar, synest ho. 

Medlemar i kommisjonen: 

Dagfinn Høybråten, generalsekretær for Kirkens Nødhjelp, leiar

Professor Ivar Bjørklund, Tromsø

Forsker Håkon Hermanstrand, Kolvereid

Biskop emeritus Per Oskar Kjølaas, Tromsø

Professor Pia Lane, Oslo

Seniorrådgivar Anne Kristin Gurák, Hamarøy

Forskar Marit Myrvoll, Evenes

Professor emeritus Einar Niemi, Vadsø

Professor Anne Julie Semb, Oslo

Direktør Liv Inger Somby, Kautokeino

Professor emeritus Aslak Syse, Oslo

Førsteamanuensis Ketil Zachariassen, Tromsø

Kommisjonen sin rapport kan lastast ned via Stortingets nettside. 

– Overraska over kor omfattande det var

Det var fem år sidan kommisjonen blei oppnemnt med generalsekretær i Kirkens Nødhjelp, Dagfinn Høybråten som leiar. I løpet av arbeidet i kommisjonen har også Pia Lane opplevd ting som har overraska henne.

– Det som har overraska meg mest på eit overordna nivå, er kor omfattande det var og at fornorskinga varte så lenge. Og også tildels det at det var mange likskapstrekk mellom opplevingane til dei ulike gruppene. Så er det enkelthistorier og enkeltbitar av kunnskap som verkeleg var overraskande, som til dømes bortsettinga av samiske barn på Røros, som Dagfinn  (Høybråten) nemnte. Det var eg overhovudet ikkje klar over hadde skjedd, seier ho. 

– Du har jo sjølv kvensksspråkleg bakgrunn frå fiskeværet Bugøynes i Sør-Varanger. Korleis var det for deg å sitja i denne kommisjonen?

– For meg som person har det også vore ei reise i mi historie og i min familie si historie. Eg er første generasjon som blei snakka til på norsk. Min foreldregenerasjon hadde kvensk som førstespråk med islett av kystsamisk i storfamilien.  Det er eit spesielt berøringspunkt, ikkje minst i byrjinga, då me heldt på med den historiske kartlegginga. Då skjønte eg at dette er jo mi historie. Det er gruppene si historie og det er Noreghistorie, men det er også historia til min familie som rullar ut og viser bakteppet for at dei vaksne valde å snakka kun norsk til oss, fortel ho.

– Eg tok tilbake kvensk som vaksen

Pia Lane bestemte seg for å læra foreldra sitt morsmål då ho var midt i tjueåra. 

FEM ÅRS ARBEID: I  fem år har UiO-professor Pia Lane jobba saman med kommisjonsleiar Dagfinn Høybråten i Sannings- og forsoningskommisjonen. Lengst til venstre sit kommisjonsmedlem  Liv Inger Somby (Foto: Ola Gamst Sæther)

 

– Eg tok tilbake kvensk som vaksen, då eg vende tilbake til Bugøynes for å skriva det som den gongen heitte hovudoppgåve. Eg var passivt tospråkleg og forstod kvensk, sjølv om eg ikkje snakka det. 

– No kan du snakka det også?

– Ja, men ikkje heilt flytande. Men det ligg nært finsk,og eg har lese avhandlingar på finsk, på Avdeling for finska i Stockholm.  

– Og no vil kommisjonen gjerne at vaksne lærer seg språket til urfolket eller den nasjonale minoriteten dei tilhøyrer?

– Ja, det me no ser er at foreininga kvenungdommen nyleg passerte 200 medlemar. Der ser me at blant dei unge, særleg blant dei som ikkje har vakse opp i Nord-Troms eller Finnmark, dei har aldri fått høve til å læra seg kvensk. Der er det mange som ynskjer å ta språket tilbake igjen, men så finst det så få moglegheiter for dei. 

– Fornorskinga sin skygge har slått inn over UiO

Pia Lane er professor i fleirspråklegheit ved Senter for fleirspråklegheit (MultiLing) på  Universitetet i Oslo.Men når det gjeld urfolksspråk som samisk og språka til nasjonale minoritetar er ikkje dei lette å få auge på.

– Dei er nesten heilt usynlege på Universitetet i Oslo. Me har lite undervisning i det, men på mitt institutt har me nokre eldsjeler på nordisk litteratur som har tatt med samisk litteratur omsett til norsk, slik at studentane får analysera og lesa det. Mykje av det er heilt fråverande. Og me har lektorutdanninga i norsk hos oss. Der er det absolutt ikkje nok om verken samiske eller kvenske forhold,  konstaterer Pia Lane.   

Ho vil heller ikkje underslå historia UiO har om forsking på samiske levningar. 

– I tillegg har UiO den mørke historia med graver i Nord-Noreg, spesielt mange i mitt område i Aust-Finnmark, som blei opna og levningane blei tatt ut og oppbevarte på Universitetet i Oslo. I Neiden som ligg i heimkommunen min blei 94 hovudskaller gjengravlagde med prorektor til stades for rundt ti år sidan. Det er framleis samiske levningar som er tatt vare på på Universitetet i Oslo, men no er det organisert i samarbeid med Sametinget. Fornorskinga sin skygge har slått inn over Universitetet i Oslo også, poengterer ho.

• Les meir i Uniforum: Skoltesamiske levninger ved UiO er over 700 år gamle

– Det har vore veldig givande å læra meir om lulesamisk og  sørsamisk

Pia Lane sit også i Europarådets komité for minoritetsspråk. Ho trur arbeidet i kommisjonen også vil vera til nytte for henne i det vervet.

– Det eg verkeleg har lært noko om, er det historiske bakteppet.  Det er eg veldig takknemlig for. Og eg har fått  djupare innsikt i lulesamiske og sørsamiske forhold som eg ikkje visste så mykje om frå  før. Storfamilien min er jo kvensk og kystsamisk og eg har venner i Karasjok og Kautokeino.  Derfor har eg innsikt i dei nordlege forholda. Men det har vore veldig givande å læra meir om lulesamisk og  sørsamisk, tykkjer ho.

Pia Lane trur det er nødvendig å begynna frå barnsbein av om barna som blir fødde i dag, får lært morsmålet til foreldra sine, dersom det er kvensk, lulesamisk eller sørsamisk. 

– Dei må få undervisning og opplæring i desse utsette språka frå og med i barnehagen og oppover gjennom heile utdanningsløpet. Samtidig må det vera mogleg å kunna tilby kurs til vaksne som aldri fekk høve til å læra desse språka tidlegare.  

– Hadde vore heilt fantastisk

– I Noreg er Oslo den største samekommunen og det er også der det bur flest kvenar.  Burde UiO ha gjeninnført tilbod i samisk og finsk eller kvensk?

– Eg er så gammal at eg hugsar det blei semje om at universiteta skulle ha ulike oppgåver, og då fekk Universitetet i Tromsø ansvaret for samisk, Noko av det viktigaste me driv på med er lektorutdanninga i nordisk. Me treng  meir kunnskap om samiske og kvenske kulturforhold og om fornorskingshistoria. Det er viktig for dei som skal ut i skulen for å bli lærarar. Det hadde vore heilt fantastisk om det hadde vore mogleg å studera samisk og kvensk på UiO, er håpet hennar. 

Pia Lane er optimistisk når det gjeld desse språka si framtid. 

– Ungdommen gir meg trua på framtida. Det har vore veldig fint å sjå korleis den samiske ungdomsforeininga og den kvenske ungdomsforeininga har kontakt med kvarandre og lærer av kvarandre sitt arbeid. Rådet mitt til dei som skal finna fram til tiltak, er: Sats på det som dei unge treng!

• Les meir om UiO og forsking på samiske levningar: 

UiO gir Sametinget utvida ansvar for samisk materiale i skjelettsamling

Vil verna skjelettsamlinga

Kollegiet bad Sametinget om orsaking 

UiO ber samane om tilgjeving

Strid om samisk skjelettsamling

Hodeskallen levert tilbake

 

Emneord: Menneskerettar, Stortinget Av Martin Toft
Publisert 1. juni 2023 19:16 - Sist endra 1. juni 2023 22:50
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere