UiO ber samane om tilgjeving

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 6 1999


Universitetet i Oslo ber dei samiske organisasjonane om orsaking for måten dei har blitt behandla på av universitetet og ”De Schreinerske Samlinger.”

Av Martin Toft

Orsakinga blei framført på eit møte mellom representantar for Universitetet i Oslo og dei samiske organisasjonane. For UiO møtte prorektor Rolv Mikkel Blakar, instituttstyrar Ole Petter Ottersen og styrar for ”De Schreinerske Samlinger”, Per Holck medan visepresident for Sametinget, Ragnhild Nystad og underdirektør i Samisk kulturminneråd, Torvald Falch møtte for dei samiske organisasjonane. Blakar er godt nøgd med resultatet av møtet.

- Det var eit ualminneleg positivt møte der me på vegne av UiO sa oss leie for at det hadde skjedd ting som gjorde at dei samiske organisasjonane ikkje lenger hadde tillit til Anatomisk institutt og ”De Schreinerske Samlinger”, seier Blakar.

Hovudårsaka til den manglande tilliten mellom dei samiske organisasjonane og Anatomisk institutt er måten etterkomarane til leiarane for Kautokeino-opprøret, Aslak Hætta og Mads Somby blei møtte på, då dei ba om å få hovudskallane deira tilbake frå Anatomisk instutt slik at dei kunne gravleggjast i vigd jord. Ei anna sak som har vore med og skapt vonde kjensler er episoden der Sameradioen blei nekta å filma den samiske skjelettsamlinga medan det blei gitt løyve til BBC så lenge TV-selskapet forplikta seg til ikkje å visa opptaket i Skandinavia. Den første saka førte til at Kollegiet ved UiO sette ned ein komité leia av Inge Lønning som skulle greia ut retningslinjene for bruk og forvalting av skjelettmateriale ved Anatomisk institutt. I fjor haust gjorde komiteen framlegg om at Sametinget kunne få råderetten over den samiske skjelettsamlinga ved instituttet. Framlegget inneber at Sametinget også kan krevja at skjelettsamlinga blir utlevert slik at den eventuelt kan takast vare på ein annan stad enn ved UiO.

- Me tok representantane for dei samiske organisasjonane med på omvising i skjelettsamlinga og dei var nøgde med måten samlinga blir teken vare ved Det medisinske fakultetet, fortel Blakar. Dei samiske representantane framførte også kva krav dei ville ha med i eit endeleg kollegievedtak om lagnaden til skjelettsamlinga, ikkje minst var dei opptekne av dei etiske vilkåra for forsking på denne samlinga, seier Blakar.

- Utfordringa vår er å få løyst denne saka på ein slik måte at dei samiske organisasjonane kan kjenna seg trygge på at me gjer det på ein rett måte. Den uheldige behandlinga som samane som urfolk har blitt møtte med av representantar for universitetet opp gjennom historia låg som ein vond bakgrunn for dette møtet, fortel han. Planen er å handsama denne saka i løpet av våren.

- Men dette er eit svært brennbart sakskompleks. Her må me difor syta for tett kommunikasjon med dei samiske organisasjonane slik at me vonleg kan finna fram til ordningar som kan fungera tillitsskapande på eit område som historisk er karakterisert av velgrunna mistillit, avsluttar Blakar.


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 6 1999

Publisert 15. apr. 1999 10:48 - Sist endra 1. sep. 2014 13:48
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere