Strid om samisk skjelettsamling

Innhold Neste Uniforum nr. 17 1998



Sametingspresident Sven Roald Nysto og resten av Sametinget kan få ansvaret for den samiske skjelettsamlingen ved Anatomisk institutt. (Foto: Min Aigi)

Sametinget kan få råderetten over den samiske skjelettsamlinga ved Anatomisk institutt. Det inneber at Sametinget også kan krevja at skjelettsamlinga blir utlevert slik at den kan takast vare på ein annan stad enn ved Universitetet i Oslo. Både leiinga ved Anatomisk institutt og ved Det odontologiske fakultetet går imot dette framlegget.

Av Martin Toft

Det er ein tverrfagleg komité leia av teologiprofessor Inge Lønning som kjem med dette framlegget. Komiteen blei sett ned i samband med Kollegiets vedtak frå februar 1996 om å gi dei to samiske hovudskallene av Aslak Hætta og Mads Somby tilbake til etterkomarane deira for ”gjenbegraving”. Oppgåva til komiteen skulle vera å utgreia retningslinjer for bruk og forvalting av skjelettmateriale frå Anatomisk institutt. I komiteen sit også rektor Máret Guhttor ved Den samiske høgskulen, assisterande riksantikvar Jørn Holme, kontorsjef Audhild Schanche ved Samisk kulturminneråd og professor Torstein Sjøvold ved Stockholms universitet. I innstillinga heiter det at Anatomisk institutt framleis skal kunna ta imot skjelettmateriale, men at den samiske delen av samlinga blir avslutta. Det blir også gjort framlegg om at samlinga skal vera tilgjengeleg i samband med forskings- og forvaltingsoppgåver, men elles vera lukka for alle andre.

Etiske reglar

Dessutan føreset komiteen at Anatomisk institutt fylgjer dei vanlege etiske reglane som universitetsmusea har fastsett for bruk av menneskemateriale i museale samlingar. Komiteen kjem altså med framlegg for serskilte reglar for forvaltinga av den samiske delen av materialet til ”De Schreinerske Samlinger”. Desse reglane inneber at denne delen av samlinga skal haldast separat frå resten av samlinga, at den ikkje skal vera synleg for besøkjande og at tilgjenget til samlinga blir avgrensa i høve til den øvrige delen av samlinga. Berre dersom Sametinget gir løyve til det, kan andre enn forskarar og museumsfolk få tilgang til samlinga, foreslår komiteen. Det blir også kravd løyve frå Sametinget dersom nokon har planlagd å bruka det samiske skjelettmaterialet i samband med forsking.

Gravlegging

I retningslinjene heiter det også at dersom skjelettmateriale kan identifiserast til ein namngjeven person, har dei direkte etterkomarane til avdøde rett til å krevja skjelettmaterialet utlevert for gravlegging. Sametinget skal ha rett til å få utlevert alt eller delar av den samiske delen av skjelettsamlinga for oppbevaring på annan stad enn ved Universitetet i Oslo. Også skjelettmateriale ved Anatomisk institutt som er deponert av eit museum eller ein annan vitskapleg institusjon, kan krevjast tilbakeført, så sant oppbevaringa er god nok. Komiteen går også inn for at det blir sett ned eit eige utval som får i oppgåve å revidera skjelettsamlinga ved Anatomisk institutt.

Tvilsam innsamlingsmåte


AVSLUTTA: Teologiprofessor Inge Lønning har leia komiteen som foreslår at den samiske delen av skjelettsamlinga til ”De Schreinerske Samlinger blir avslutta. (Foto: Ståle Skogstad)

Komitéleiar Inge Lønning reknar med at det skal bli uproblematisk å få vedtatt denne innstillinga.

  • Etter eit langt liv på universitetet kan eg sjølvsagt ikkje utelukka noko. Men det er svært viktig at me får eit regelverk for dette skjelettmaterialet som alle kan fylgja. Dessutan kan me ikkje sjå bort ifrå det faktum at denne samlinga kom i stand på ein svært tvilsam måte i høve til dagens oppfatning av forskingsetikk, slår Lønning fast. Han trur heller ikkje det vil bli problematisk å overlata råderetten til den samiske delen av skjelettsamlinga til Sametinget.
  • Det er berre ei naturleg oppfylging av at Sametinget har fått meir makt over samiske spørsmål sidan det blei oppretta for om lag ti år sidan, meiner Lønning.

Anatomisk institutt går imot flytting

Likevel viser høyringsfråsegnene, som Uniforum har gått gjennom, at innstillinga til komiteen slett ikkje er uproblematisk for alle. Anatomisk institutt ved styrar Ole Petter Ottersen og styrar av ”De Schreinerske Samlinger”, Per Holck er mest kritisk til konklusjonane til komiteen som Lønning har leia. Instituttet stiller spørsmål ved klokskapen i å gi Sametinget rett til å utpeika eit organ som skal gi løyve til forsking på den samiske delen av ”De Schreinerske Samlinger”. Det blir vist til det spesielle ved at eit politisk vald organ av Universitetet i Oslo er sett til å bestemma over framtidig forsking. Instituttet går også imot at den samiske delen av ”De Schreinerske Samlinger” blir skild ut og flytta. Leiinga for instituttet går også imot å lata Sametinget få rett til å krevja at den samiske delen av samlinga blir utlevert. Dei meiner at dette vil vera praktisk umogleg å gjennomføra, fordi ingen andre vil kunna tilby like gode spesialinnreidde lokale. Det medisinske fakultetet ved UiO støttar dette synet, og be samtidig om at søknadar om løyve til uttak av beinprøvar frå skjelettmaterialet blir gjort etter innstilling frå Anatomisk institutt ved styrar for samlinga. Også Det odontologiske fakultetet går imot at samlinga blir splitta opp og viser til at forskarar ved fakultetet heilt sidan 30-talet har gjort bruk av ”De Schreinerske Samlinger” i forskinga.

Tromsø Museum vil ha samisk samling

Tromsø Museum er ein av høyringsinstansane som set seg imot at den samiske delen av ”De Schreinerske Samlinger” blir avslutta. Roger Jørgensen, som er leiar for fageininga for arkeologi ved museet meiner nemleg at det er svært sannsynleg at det i framtida også blir gravd ut fleire samiske skjelett som treng oppbevaring. Museet går imot at Sametinget får rett til å krevja det samiske skjelettmaterialet utlevert.

”Gravskjending og gravrøveri”

I kontrast til desse høyringsfråsegnene står synet til biskop Ola Steinholt i Nord-Hålogaland, Stiftinga for naturforsking og kulturminneforsking og Arkeologisk museum i Stavanger. Ola Steinholt sluttar seg til framlegget om å avslutta den samiske delen av ”De Schreinerske Samlinger” fordi den er ”tilveiebrakt på måter som en fristes til å kalle gravskjending og gravrøveri.” Når det gjeld å gi Sametinget rett til å krevja alt samisk skjelettmateriale tilbakeført, sluttar han ikkje heilhjarta opp om det framlegget. Han meiner at det vil halda om Sametinget berre fekk rett til tilbakeføring eller gravlegging av samisk skjelettmateriale frå dette og førre hundreåret. Alt skjelettmateriale frå tidlegare tider bør få same handsaming som skjelett frå andre delar av landet, meiner biskopen. Stiftinga for naturforsking og kulturminneforsking sluttar seg fullt og heilt til innstillinga og viser til at den er med på å fasttømra retten samane har til sjølv å disponera over levningane til forfedrane sine. Arkeologisk museum i Stavanger sluttar seg i hovudsak til innstillinga frå denne komiteen. Men museet går samstundes imot framlegget til framgangsmåtar i høve til å ta beinprøvar og beinvevsprøvar av materialet. Dette bør berre også skje med løyve frå Sametinget, skriv museumsdirektør Bjørn Myhre.


Innhold Neste Uniforum nr. 17 1998

Publisert 12. nov. 1998 15:00 - Sist endra 1. sep. 2014 13:45
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere