Det var rektor Ragnhild Hennum sjølv som hadde tatt initiativet til eit eige møte om statsbudsjettet for 2027 som blei lagt fram i Stortinget 7. oktober 2027. I panelet hadde ho fått med seg både universitetsdirektør Arne Benjaminsen og professor Halvor Mehlum ved Økonomisk institutt.
– Svært få overraskingar
Ordstyrar Amalie Kvame Holm ville først vita kor viktig Ragnhild Hennum syntest forslaget til statsbudsjett er for Universitetet i Oslo.
– Me får store delar av inntektene våre frå statsbudsjettet. All høgare utdanning i Noreg er gratis, så derfor er det svært viktig, slo ho fast. Hennum stod også fast på at budsjettforslaget som finansminister Jens Stoltenberg la fram var svært lite spennande.
– For oss var det svært få overraskingar. Me klarte å gjetta oss til det meste som kom.
Fekk rammekutt på 72 millionar
Likevel var ho kritisk til tendensen både i forslaget til statsbudsjettet for 2027, og dei tidlegare budsjetta som har blitt lagde fram av regjeringar av ulike fargar sidan 2015.
– Det har heile tida vore rammekutt med ulike namn. Heile sektoren har blitt kutta med ein ostehøvel. Denne gongen er kuttet på ein prosent. Det vil seia at tildelingane til universiteteta og høgskulane er blitt ganske mykje reduserte gjennom desse åra, konstaterte ho.

For 2027 utgjer dermed rammekuttet for UiO 72 millionar kroner, av den samla summen på 7,7 milliardar. Men ho la heller ikkje skjul på at UiO får litt tilbake.
– Satsinga på romteknologi gjer at UiO og dei tradisjonelle universiteta får ein del millionar tilbake. Det gjer at me kjem litt betre ut enn fleire av dei andre universiteta og høgskulane. Men me vil heller ha meir pengar til frie forskingsprosjekt. Det er då det blir gjort størst gjennomslag, peika ho på.
– Ukraina og våpenindustrien er budsjettvinnarane
Økonomiprofessor Halvor Mehlum trekte fram at forslaget til statsbudsjett for 2027, er det første på mange år der handlingsrommet er negativt.
– Regjeringa vil kutta flatt, og bruka pengane til satsingar. Det vil seia at me for første gong må argumentera for at me skal få meir, og andre mindre, sa han.
Mehlum var også heilt klar på kva investeringar som tar den største delen av budsjettet.
– Grunnen til at det blir negativt er den store overføringa til Ukraina. Den er på 80 milliardar kroner i 2027. Det er vårt bidrag sidan Oljefondet også har tent stort på krigen. Utan desse pengane ville det ha vore pengar til andre ting, understreka han. Melhum peika også på at handlingsregelen no ligg på 2,7 prosent.
– Ukraina og våpenindustrien er budsjettvinnarane, slo han fast.
Husleiga for Livsvitskapsbygningen gir utslag
Også universitetsdirektør Arne Benjaminsen skildra den føreslåtte tildelinga til UiO på budsjettet som ganske flatt.
– Avisa Khrono skreiv at UiO var nummer to av universiteta og høgskulane når det galdt dei som hadde fått mest i sektoren. Det er fordi det er lagt inn pengar til husleiga for Livsvitskapsbygningen, peika han på.
Han viste også til at det var lagt inn ein nedgang i tildelinga til Forskingsrådet.
– Gledeleg
For Benjaminsen var det også nokre positive ting som hadde skjedd i samband med korleis tildelingar til universiteta er sett saman på.
– Resultatkomponenten gjer at avlagde studiepoeng og doktorgradar har gitt UiO ekstra overføringar. Det er gledeleg og bra, tykte han.
Universitetsdirektøren fann heller ikkje grunn til å klaga på dei tildelingane UiO har fått til store byggjeprosjekt dei siste åra.
– UiO har vore raust behandla gjennom pengeoverføringane til både Livsvitskapsbygningen og Vikingtidsmuseet. Me har fått meir pengar til investeringane i desse to prosjekta enn resten av sektoren har fått til saman. Men me må også vera merksame på det generelle rammekuttet, meinte han.
Ragnhild Hennum kom også med erfaringane ho hadde med innspel til statsbudsjettet, den gongen ho sat i rektoratet mellom 2009 og 2017.
– Då snakka me heile tida inn Livsvitskapsbygningen. Dette er lange og seige prosessar, var erfaringa hennar.

– Oslo kommune må også vera med
Også leiaren for Studentparlamentet Anna Bergum Furseth blei beden opp på scena fordi ordstyrar Amalie Kvame Holm gjerne ville vita kva ho ville ha gjort med ein ekstra milliiard til sektoren.
– Den ville ha gått til studiestøtte og til bygging av fleire studentbustader, svara ho. Og Furseth minna om at for å få bygd fleire studentbustader, så er det ikkje berre opp til Studentsamskipnaden i Oslo og staten.
– Då må også Oslo kommune vera med og leggja til rette for at det blir gitt tomter til dette, understreka ho.
Møtet om statsbudsjettet i Scene HumSam i Georg Sverdrups hus klarte å trekkja nok folk til å fylla opp to fjerdedelar av sitjeplassane. Dei som ikkje hadde høve til å dukka opp fysisk, kunne også fylgja med på direktestrøyminga. Det neste fellesmøtet med rektor blir i slutten av november.
Det endelege statsbudsjettet for 2027 blir vedtatt av Stortinget i desember.
Les meir i Uniforum:
UiO-rektor er ikke imponert over regjeringens budsjettforslag
Logg inn for å kommentere